Illustrasjon: Yayimages.com

Hysj, hysj om to utgangar av livet

For nokre tiår sidan var prestekollegaer, med fleire og biskop, på vandring i Paulus fotspor i Hellas. Då var det vi lærde at dei gamle grekarane sa «hovmod står for fall».

Så lat oss fylgje det sporet litt. I 2. brevet til Tessalonikarane seier Paulus (1,7b–9,om Jesu gjenkomst): Han kjem med sine mektige englar i logande eld og straffar dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje er lydige mot vår Herre Jesu evangelium. Kort sitert handlar det om evig fortaping borte frå Herrens andlet, herlegdom og makt.

Men dette er det som Bjørn Eidsvåg vil kalle menneskeskapte førestillingar, og som berre cirka 40 prosent av prestane trur på. For 60 prosent trur ikkje på det dei forkynner, om to utgangar. Han får stå for den påstanden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ved det fekk Tor B. Jørgensen frimod til å «gå ut av skåpet». Det er ikkje noko nytt eigentleg, for lenge har mistanken vore der, at han ikkje reknar med fortapinga. Han finn mange gode bibelord for synet sitt, men hoppar over kontekstord som talar om fortapinga, utkastinga, når han nemner Joh. 12,31.

Les også:

I dag er «ut av skåpet» utfordringa for så mange situasjonar. Det vil vel seie at ein er ærleg open mellom andre, utan stort nummer av det.

Men tenkjer nokon av dei som er framme i «makt-barometeret» i kyrkja korleis folk på grasrota må undre seg. «Korleis kan dei som har slik kunnskap kome til slike konklusjonar?», og det vert tenkt på prestar og biskopar, mellom anna i vedtak på kyrkjemøte.

For å væra i kontekst seier Jesus når han talar om tider som skal kome: Så skal han seie til dei på venstre sida: Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjort i stand for djevelen og englane hans. Mat. 25,41 Spørsmålet vil sjølvsagt vere om nokon er innvikla i det.

Det er ikkje så underleg om dette etter kvart er ukjent mellom folk. Kva tid fekk dei nokon gong høyre om det? Søndagen den 20. i treeiningstida, Mat 18,1–11, var temaet inne. Her skulle vi hatt statistikk over kor mange prestar som våga å tale om dei to utgangane, det var jo så mykje kjekkare å snakke om mishandla born.

Det er opp til kvar enkelt å tenkje. Kva tenkjer Jesus på når han talar om handa og foten som lokkar til fall. Talar han, før det hender, inn i vår tid? Som om han visste kor høgt prioriterte dei er i våre dagar, kva dei utfører. Også auge kva det ser: Likes og Pokémon.

Det same temaet har Jesus inne i ein anna samanheng, i Mat 5,29–30. Der gjev Jesus oss døme på kva freistingar auge og hender har i samanheng med ekteskap. Helvete er nemnt som utgangen av feil disposisjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forkynninga har nok vore mager på det feltet, for tidlegare tekstrekkjer opna for det 3. kvart år, på Domssøndagen, når den var halde.

Og Mat 18 vart teken med fram til vers 7 som tilleggstekst på 21. søndag etter pinse. Ein må undre seg, og konstatere, nokon har vedteke at ein eventuell utgang i evig eld ikkje skal forkynnast!

No er heile teksten med, men det er tre år til neste gong det er høve til å gje open omtale av det. I mellomtida, mellom forførande krefter, er det høve til å ta standpunkt, for Menneskesonen er komen for å frelse det som var tapt.

Les også
Om å forkynne gledesbudskapet
Les også
Gi meg et fast punkt
Les også
En farlig fornektelse
Les også
Det er fullt mulig å ha Bibelen på sin side, men ikke Jesus