KRISTNE: Dei lokale kristne er lemer på den same Kristi kropp som oss vestlege kristne. Alle lemene er ulike, har sine sterke sider, men også sine svake. Misjonsoppdraget er ikkje gitt til nokre få kristne, men til alle, skriv Olav Vestbøstad.

Evangeliet har hast, men ikkje hastverk

Fleire gonger har eg registrert at dette utfordrar dei kristne som er i desse områda. Dei opplever seg både oversett, overkøyrd og ekskludert når dei ser at vestleg misjon går inn med stor tyngde.

Framleis er det i overkant av to milliardar menneske som aldri har høyrt evangeliet. Ifylgje statistikk frå Joshua Project er omtrent ein tredel av alle menneske som lever på jorda i 2018 kristne.

Årleg aukar talet på kristne med 1,2 prosent. men likevel har talet på ikkje-kristne aldri vore høgare enn det er no. Det skuldast at folketalet i verda aukar med fleire personar enn talet på nye kristne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Over tre milliardar menneske høyrer til folkegrupper som er unådde av evangeliet. I denne statistikken er unådd folkegruppe definert som ei folkegruppe med færre enn 2 prosent personlege kristne og færre enn 5 prosent nominelle kristne. I dei fleste folkegruppene finst det kristne, men dei er få og er ofte marginaliserte.

Eg arbeider i ein misjonsorganisasjon som har eit særleg fokus på å forkynne evangeliet til dei som enno aldri har fått høyra den gode bodskapen. Det er no snart 2000 år sidan Jesus gav misjonspåbodet. Enno er ikkje oppdraget fullført!

På ein misjonskonferanse eg var på nyleg, var det ein som sa fylgjande: Me overvurderer kva me kan oppnå på eitt år, men undervurderer kva me kan oppnå på ti år!

Han forklarte det med at vestlege misjonærar ofte er over-optimistiske når det gjeld kva resultat ein kan få til på kort sikt. I mykje av misjonsarbeidet tek det lang tid å tileigne seg lokalt språk og kultur. Det tek endå lenger tid å byggje tillit i lokalsamfunnet.

For mange er det eit stort steg å skifte religion. Religionen er ofte tett vevd saman med kultur og identitet. Det er difor sjeldan ein ser store resultat på kort sikt. I denne fasen er det fort gjort å bli mismodig, riste støvet av skorne og gi opp og gå vidare.

Men så viser statistikk og historie ofte at langsiktig arbeid har noko for seg. I Kina hadde protestantisk misjon arbeidd i over 140 år då landet vart stengt for misjonærar i 1949. Av eit folketal på totalt 541 millionar, var det på den tida om lag tre millionar katolikkar og 800 000 protestantar i landet. Dette er jo mange menneske, men likevel relativt få samanlikna med dei titals millionar kristne som er i landet i dag.

Evangeliet har hast. Difor kan det også vere freistande for vestleg misjon å gå inn i nye område på eiga hand, utan å ta omsyn til lokale kristne. Dei er jo ganske få, er gjerne relativt ressurssvake og har sin eigen kultur og kulturelle uttrykk som kan vere framande for misjonærane.

Frå Vesten har ein gjerne med seg eit konsept eller ein arbeidsmetode som ein har sterk tru på. Ein lagar handlingsplanar med delmål som ein ynskjer å nå innan ei viss tid. Ein tenkjer at det er meir effektivt å laga eigne strukturar enn å samarbeide med dei få og svake lokale kristne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire gonger har eg registrert at dette utfordrar dei kristne som er i desse områda. Dei opplever seg både oversett, overkøyrd og ekskludert når dei ser at vestleg misjon går inn med stor tyngde. Kanskje ser dei også at dei vestlege ressursane etter ei tid vert trekte attende. Kanskje har det blitt nokre fleire kristne, men det har ofte også blitt utfordringar og problem.

I dei områda der det ikkje finst nokon kristne frå før, må misjonen gå inn på eiga hand. Det er likevel viktig at dette ikkje blir soloprosjekt. Er det mogleg å gjere misjonsframstøyten i samarbeid med andre kristne i dette landet? Sjølv om dei andre kristne tilhøyrer ei anna folkegruppe og talar eit anna språk, er det likevel svært sannsynleg at dei har større kunnskap om - og innsikt i - lokal kultur og språk enn det dei vestlege misjonærane har.

På kort sikt kan ein nok oppleve det som hemmande i arbeidet at ein må arbeide med lokale kristne. Dei har kanskje andre tankar om kva som er beste framgangsmåten og det er ikkje lett å rapportere heim til støttespelarane om raske resultat dersom ein brukar mykje tid på å utvikle samarbeid og partnarskap med lokale kyrkjer og misjonsnettverk.

På sikt trur eg likevel at det er tenleg å i størst mogleg grad tenkje slik. Dei lokale kristne er lemer på den same Kristi kropp som oss vestlege kristne. Alle lemene er ulike, har sine sterke sider, men også sine svake. Misjonsoppdraget er ikkje gitt til nokre få kristne, men til alle.

I mange land med store unådde folkegrupper finst det nasjonale kristne. Desse er ein kjemperessurs for å nå vidare med evangeliet. Evangeliet har hast, men må ikkje bli slik at hastverket gjer at vestlege misjonsinitiativ overkøyrer dei lokale kristne i iveren etter å nå vidare ut med evangeliet.

Les også
Røde tall for norsk misjon
Les også
Må møte koreanere i nord med respekt
Les også
Misjonens spesielle oppdrag
Les også
Kan gå mot slutten for tradisjonsrik kystmisjon
Les også
Misjon i møte med nominell kristendom
Les også
– Kan overleve med samarbeid