Dobbelt medlemskap

Nei, gode ven, Kjell Furnes: Eg har aldri kritisert kristne som ut ifrå samvetsgrunnar har meldt seg ut av kyrkja for å gå inn i andre trussamfunn! Sei meg kven eg slik har såra?

Kvar og ein må finne sin plass i Guds rikes arbeid, som ein ser er best, og vi må be og ynskje Guds signing over kvar ein kristen. Slik sett skulle kvar og ein som vil halde fram i det kallet indremisjonen i si tid fekk, nyte den same respekten. Dei kyrkjelege signala som no er gitt, og vedtaka som er gjorde i sentrale spørsmål som rokkar ved vår vedkjenning og bibelsyn, er svært vonde og vanskelege å leve med.

Men har det ikkje alltid vore slik? Kor godt har det ikkje vore at vi har hatt eit vakent og aktivt lekfolk som - midt i kyrkja, har bygd sterke venesamfunn i bedehusland der misjonane, store som små, fekk arbeide fritt og leve ut sine nådegåver, i samkjensle og fellesskap for alle uansett alder.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At Indremisjonsforbundet (ImF) som eg har vore i, er i og sterk forsvarar av, no har eit leiarskap med generalforsamlingsvedtak bak seg som har signalisert ein annan kurs, må ein kunne få lov til å ha meining om, når ein vil opprette eige trussamfunn samstundes som ein oppmodar oss å melde oss ut av kyrkja.

Var det, og er det nødvendig å bryte ut av «samhandlinga» som heile vegen har vore krafta i arbeidet i kyrkje og bedehusland i alle generasjonar vi har lagt bak oss?

Har kyrkja hindra oss i ImF å stå for ein klar vekkingstone, kall til teneste heime og ute?

Og har vi ikkje mange, mange stader hatt misjonsfolk i sokneråda som har vore til stor støtte (og rik signing) for det mangslungne og krevjande arbeid ein prest med sine medarbeidarar har stått og står for?

Kyrkjefolket er eit mangearta folkeferd, med stor eller lita tru - og tvil, såkalla høg- eller lågkyrkjelege, med eit ynskje om å få næring for gudslivet vårt også i det breie gudstenestefellesskapet. Ordet og sakramenta, forkynninga og liturgien møter oss, også gjennom songen og musikken, ofte på andre måtar enn det vi opplever på bedehuset. Så får dei som ynskjer bedehusland som sin verestad få nøre sitt gudsliv der, og dei som vel kyrkja, må få sitt der.

Vi som opplever det gode og meiningsfulle begge stader, som ImFs tradisjon har vore mange stader, og som serleg var den sterke symbiosen i generasjonar, utan å gå på akkord med kallet, vi må få lov å påverke innover i kyrkja så den ikkje forliser totalt. Jesus gjorde det gjennom sitt virke i folket sitt, også i synagogen. Mange av våre leiarar i organisasjonslivet har gjort det opp til i dag, med tydleg vegleiing utan å bryte ut.

Når ein så går ut med eit signal om å starte opp husfellesskap (ikkje bygge vidare bedehusfellesskapet), samstundes som misjonsorganisasjonane som er store nok berre vil samle seg om seg og sitt (seg sjølv nok), må ein få reagere på lineskifte, og det utan å bli mistenkt for ikkje å respektere dei som går ut og sluttar seg til andre trussamfunn. Guds folk er kalla til fellesskap, og «døpte vrimler, land og strand» treng å få sjå og høyre at dei er elska av Gud, som gav seg sjølv til frelse for kvar den som trur.