Bli på din post

Det er faktisk for meg eit tankekors at når situasjonen i kyrkja er blitt enno meir krevjande, må ein forlata kyrkja. Etter mi vurdering burde det føra til motsett konklusjon. Nå treng vi ei enno sterkare lekmannsrørsle i kyrkja.

Eg har stor respekt for dei som tenkjer «frikyrkjeleg» og av ulike grunnar tilhøyrer eit trussamfunn utanomDen norske kyrkja. «Kyrkjemedlemskap er inga salighetssak».

Eg har også stor respekt for frikyrkjemannenJan Rettedal og hans viktige forkynnarteneste i Den lutherske frikyrkja. Men når eg las hans artikkel i Dagen fredag 1.09 med oppmoding at folk må melda seg ut av Den norske kyrkja, blir eg meir trist enn sint. Sjølvsagt må folk følgja eige samvit. Men når eg les slik fisking, må eg svara stikk motsett:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bli på din post. Ånds­situasjonen blir ikkje betre i Noreg om det bibeltrue misjons­folket forlet kyrkja.

Det er ikkje vanskeleg å fylla spalter om alt negativt i Den norske folkekyrkja (ikkje heilt feilfritt andre stader heller). Men eg kan ikkje unnlata å seia at dei negative vurderingane ofte byggjer på eit blikk «ovafrå». Uttalar frå kyrkjeleiing og biskopar festar seg på netthinnene. Dersom vi derimot ser alt positivt som skjer rundt i dei mange lokale samanhengane, får vi som «har skoa på» eit anna perspektiv. Desse treng meir oppmuntring enn negative spark og mismot (det treng sanneleg dei på toppane også).

Mi grunnleggjande vurdering er at uavhengig av formelt medlemskap, er lekmannsrørsla si oppgåve heilt annleis enn fri­kyrkjene sitt kall. Dette var også klart for oss som oppretta ImF trussamfunn. Å aktivera dette til ei frikyrkje som basis for misjonsarbeidet er stikk i strid med intensjon og premisser ved opprettinga i 2009. Vårt kall er å vera salt og lys – «i kyrkja, men ikkje under kyrkja.» (Dette er forresten ikkje oppfinning av Ludvig Hope som mange trur, men faktisk den europeiske lekmannsrørsla sine røter og – og eg vil seia – guddommelege kall.)

Kallet var altså ut frå vurderinga av kyrkja sin situasjon at ein trong ei sjølvstendig lekmannsrørsle i kyrkja. Det er faktisk for meg eit tankekors at når situasjonen i kyrkja er blitt enno meir krevjande, må ein forlata kyrkja. Etter mi vurdering burde det føra til motsett konklusjon – nå treng vi ei enno sterkare lekmannsrørsle i kyrkja.

Å ta lekmannsrørsla bort frå folkekyrkja er for meg faktisk å prøva på å endra lekmannsrørsla sitt kallsoppdrag. Det er alvorleg.

Til slutteg er takksam for alle i min eigen organisasjon (ImF) som blir på sin post i kyrkje og bedehus. Eg tillet meg også ein liten kommentar til mediaoppslaga etter ImF si generalforsamling i sommar. Den mest kyrkjekritiske blei valgt til styreleiar, las vi. Det var ei veldig overflatisk melding. Realiteten er at med så få røyster og delegatar som møtte fram, var det nærast sjølvsagt at «sunnmøringen» blei valgt på Sunnmøre. Ingen ting galt om sunnmøringar eller den hyggelege nye formannnen, men eg er overtydd om at han blei valgt fordi han var heimekandidaten og ikkje noko anna.

Etter mi meining var det mest (positivt) oppsiktsvekkjande at kandidaten utafrå Sunnmøre som målbar det historiske indremisjonssynet, fekk mest halvparten av røystene. Det var for meg eit signal om at indremisjonsfolket ut over landet vil stå på sin post – i kyrkja, men ikkje under kyrkja. Det er framleis indremisjonen sitt kallsoppdrag – gjerne med den tyske indremisjonsrørsla sitt tillegg: – om/når mulig saman med kyrkja.