Eit tenleg verktøy i indremisjonsarbeidet?

Det er fint å lesa innlegget til dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden i Dagen, utifrå det perspektivet at det vert lagt ned mykje arbeid der mange er involverte og har eit sterkt engasjement for at barn og unge skal få del i evangeliet.

På denne bakgrunnen er innlegget mitt ikkje meint å ha eit kritisk fokus på enkeltpersonar eller frivillige medarbeidarar.

Derimot har eg eit engasjement som er knytta opp mot Awana (Approved workmen are not ashamed). Dette er eit undervisningsopplegg som blei grunnlagt for snart 70 år sidan i Chicago, og som etter kvart blir brukt i mange kristne fellesskap – med det målet at det skal vera eit naturleg og nyttig verktøy i arbeidet blant barn og unge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Trass i at hovudføremålet med programmet er at dei skal bli kjende med Bibelen og veksa i trua på Jesus. Trass i at deler av konseptet kan forsvarast læremessig, trur eg at det ligg eit besnærande avvik frå vanleg klassisk kristendom her, som vil kunna dra med seg uønska åndsbølgjer som vi ikkje vil opna opp for i våre samanhengar.

Etter å ha lese historikken, er det nærliggjande å tenkja at denne type fellesskap er i slekt med Bill Hybels sitt engasjement gjennom «Willow Creek», der ein hovuddel av grunnlagstenkinga er at mennesket skal kjenna seg vel og ikkje bli støytt av det som blir presentert, noko som kan medføra at subjektive opplevingar får stor plass. Hybels blei, ifølgje det som er blitt referert, inspirert av Awana og kunne identifisera seg med denne måten å byggja fellesskap på.

I USA har Awana, trass i gode frukter som det vert vist til, skapt bølgjer av uro mellom kristne. Spesielt etter at det i seinare tid er blitt praktisert at barn skal «høyre fra Gud», er fleire foreldre blitt urolege og stiller spørsmål til opplegget.

I prosessen med å innføre Awana i lokale bedehusfellesskap, er det naturleg at det oppstår motsetningar, både med tanke på barne- og ungdomsarbeid som er etablert og som har andre referanserammer, og i forhold til spørsmål om praktisk gjennomføring.

Eit viktig moment som også bør evaluerast, er bakgrunnen for at dette amerikanske opplegget er blitt eit populært verktøy i indremisjonssamanheng, kva læregrunnlag som ligg i botnen og korleis det har påverka små og større fellesskap i bygdene våre.