Uverdig spel frå Knut Arild Hareide, Dag Sele med fleire

Author picture

fredag 26. oktober 2018

dagensdebatt

Knut Arild Hareide, Dag Sele med fleire argumenterer som om dei ønskjer ei uravstemming i KrF. Men det ønskjer dei ikkje. Då hadde dei tapt. Fleirtalet av KrF-medlemmene vil nemleg ikkje fella Solberg-regjeringa no.

Difor er dei svært opptekne av at alle fylkesårsmøter skal velja landsmøtedelegatar ut frå kor mange frå kvart syn som er representert på fylkesårsmøtet. Om delegatane på fylkesårsmøtet reflekterer synet i lokallaga i fylket er dei mindre opptekne av. Sandnes KrF var det første lokallaget som praktiserte «winner takes it all». Verken Hareide, Sele eller andre var då ute og kalla dette valet for udemokratisk.


Matematikken er enkel. Morten Myksvoll gjer godt greie for det i denne kommentaren i Bergens Tidende, som Dag Sele med fleire burde teke seg bryet med å lesa; https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/kaVKOA/Jakta-pa-rettferd


Hadde det vore uravstemming i KrF hadde Hareide tapt. Vel alle fylka representantar på same måte som dei gjorde i Rogaland vil Hareide tapa. Den einaste måten Hareide kan vinna på, er ved at fylkesårsmøta gjer som leiinga har sagt, og vel ut i frå synet til dei delegatane som er representert på fylkesårsmøtet. På den måten vil dei små KrF-fylka få langt meir å seia enn dei store fylka, sett i høve til medlemstalet. På den måten kan mindretalet mellom KrF sine medlemmar køyra over fleirtalet.


Knut Arild Hareide, Emil André Erstad og dei andre som står bak SP-KrF-AP – prosjektet har tenkt nøye gjennom framgangsmåten for prosessen partiet no er inne i. Noko anna ville vore naivt. Det har vore samtalar mellom Støre og Hareide i eit år på førehand. Strategien splittar og øydelegg partiet. Men dette må òg vera bevisst. Eg vil tru at eg berre er ein av desse medlemmene som Hareide reknar med vil «avskallast». Målet heilaggjer tydelegvis middelet.


Hareide er svært tydeleg på at han før valet aldri uttalte at han ikkje ville setja inn Støre som statsminister. Dette har han tydeleg vore svært bevisst på. Men Hareide sa heller aldri at han ville setja inn Støre som statsminister. Hadde han vore ærleg med oss som stemte KrF hadde han sagt at dette var ein moglegheit på førehand. Eller er det slik at me som veljarar òg må ta omsyn til alt politikarane ikkje har sagt dei ikkje skal gjera før valet?


Situasjonen er absurd. Kjære stortingspolitikarar: Ikkje øydelegg partiet. Stå ved inntrykket de ga før valet. Om Solberg må gå, så gjer dette på ei sak, ikkje ved bruk av internt partipolitisk taktikkeri slik det no blir gjort forsøk på.