KrF må fornyast

Author picture

fredag 19. oktober 2018

dagensdebatt

Uansett vegval som KrF tar den 2. november så er det så viktig at alle vert med vidare for å løfte KrF. Debatten i KrF er nødvendig og kjem i grevens tid. La oss kjempe i lag uansett vegval for Norge treng KrF.

Kristelig Folkeparti hadde for Ipsos MMI si meiningsmåling 23. august i år ei oppslutning på 3,3 %. Denne meiningsmålinga saman med andre målingar fram til september 2018 viser eit parti i fritt fall.

Partiet har i slutten av september og i oktober opplevd ei medlemsvekst på over 2300 medlemar og siste oppslutning meiningsmåling ligg på rundt 5 %. Ingen kan tvile på at den siste månaden har vert positiv for partiet. Vi ser tendensar til ei fornying som partiet sårt treng. Dagleg opplever vi tilbakemeldingar som «no kjenner eg igjen det gode partiet», «no vil eg melde meg inn»

I perioden 2013 til no har KrF vert støtteparti for dagen regjering, enten gjennom ein forpliktande samarbeidsavtale og no som eit parti som forhandlar med regjeringa om budsjett og viktige saker. Vi har dei siste 5 åra vert tett kobla til regjeringa og dei som har fått utteljing for dette er Høgre og Fremskrittspartiet. Venstre og KrF har tapt på dette samarbeidet.

Det vert hevda at KrF må spisse sin kristne profil for å vere ei tydeleg røst i dagens samfunn. Det er vi alle samd om. Vi er samd om kristendomen sin plass i skule, barnehage og samfunnet elles. Vi er samd i kor viktig abortspørmålet er for KrF. Vi er samd om bioteknologi og grensene må gå. Problemet er at i mange slike spørsmål så står KrF nesten åleine og det vi klarer er å drive skadeavgrensing. Dagens regjering var den regjering som innførte tvillingabort. Ein grotesk skritt mot sorteringssamfunnet. KrF sto på barrikaden men tapte. Dei siste ti åra har Høgre flytta seg meir og meir mot liberalistisk side i slike spørsmål. Det verdikonservative Høgre er veldig på vikande front.

Eg meinar vi bør løfte arbeidet blant dei svakaste i samfunnet, eg meinar vi bør løfte det internasjonale ansvaret som det rike Norge har. Krf har klart å løfte u-hjelp som eit utstrakt verkemiddel i vårt solidariske arbeid. I år er den all-time high og det er bra, dei andre partia både til venstre og høgre for oss har løfta dette fordi Krf har trykka på. Eg meinar vi må ha ein streng alkoholpolitikk som forpliktar. Vi må kjempe for søndagen som ein anneleis dag. Vi treng eit nettverk av gode ordningar for dei som fell utanfor samfunnet. Skattelette hjelper lite på dette. Vi ser ein trend gjennom dei siste fem åra at dei rike vert rikare og dei fattige vert fattigare. Ulikskapen i samfunnet vert bare større og større. For meg så handlar det om å fylgje Jesus sitt eksempel der han løfta dei svakaste opp.

Det partiet som ligg oss nærast i verdispørsmål er Senterpartiet. Eit parti som vi stenger eit samarbeider med, fordi vi bare skal samarbeide mot Høgre og Fremskrittspartiet. Det partiet som ligg lengst i frå oss verdimessig er Venstre. Det skal vi på død og liv samarbeide med. Denne logikken skjønar eg ikkje. Forklar meg gjerne.

KrF er eit distriktsparti som løftar verdiane av å bu på bygda. Gjennom ein god distriktspolitikk kan vi skape levande bygder og levande distrikter. Dei siste åra har KrF måtte jobbe skadeavgrensande med dagens regjering. Gjennom landbruksoppgjer, gjennom å stoppe kutt i breibandsstøtte, gjennom å redusere kutt i regionale utviklingsmidlar, gjennom å begrense dei store sentraliserande reformane har Krf si rolle vore å kome opp i uavgjort. Dei som står oss nærast i desse spørsmåla er Venstresida.

Vi må revitalisere KrF og forklar meg gjerne korleis ein skal revitalisere og skape entusiasme med å knytte oss enda tettare saman med høgresida. Fleire er kategoriske på at medvinden vi har i dag bare er eit blaff. Ingen av oss kan spå framtida og uansett så vert det bare synsing. Det som eg ikkje forstår er logikken i at ein enda sterkare medisinering av ein medisin som til no har bare gjort oss svakare skal vere redninga vår. Forklar meg gjerne.

Uansett vegval som KrF tar den 2. november så er det så viktig at alle vert med vidare for å løfte KrF. Debatten i KrF er nødvendig og kjem i grevens tid. La oss kjempe i lag uansett vegval for Norge treng KrF.