TAKKSAM: Sokneprest Arne Mulen set pris på at den røynde indremisjonsleiaren Karl Johan Hallaråker støttar Bispemøtets forslag til løysing i striden om vigsel av samkjønna par.

Prest takksam for Hallaråker-støtte

Sokneprest Arne Mulen meiner tidlegare indremisjonsgeneral Karl Johan Hallaråker forstår kor mykje Bispemøtets vedtak om ekteskapet kan bety for å sikre tradisjonell lære rom i Den norske kyrkja.

Mulen er sokneprest i Åsane.

LEDER: Hallaråker ufarliggjør

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Saman med frivillige medarbeid­arar har han også ansvar for sats­inga på Haukås nærkyrkje, heilt nord i Bergen kommune.

– Eg har med meg engasjerte medarbeidarar frå Norsk Luthersk Misjonssamband, Indremisjonsforbundet, Sjømannskyrkja, Noregs KFUK/KFUM og folkekyrkjetradisjonen. Eg opplever dette som ein rikdom, og eg opplever at vi har Guds velsigning over arbeidet. For evangeliets framtid på Haukås trur eg det ville vere eit tap om nokre av mine beste medarbeidarar skulle forlate Den norske kyrkja, seier Mulen.

Meir optimistisk

Tidlegare har han og familien vore misjonærar for Det Norske Misjonsselskap i Paris i åtte år. Det har lært han noko om utfordringane ved å vere ei lita minoritetskyrkje i eit sterkt sekularisert samfunn.

– Eg opplever at Den norske kyrkja er ein fantastisk reiskap for å nå ut med evangeliet i landet vårt, sier han.

I forkant av bispemøtet sist veke var han spent på utfallet. Biskopane hadde lova å arbeide for å finne ein samlande veg vidare etter striden om vigselsliturgi for samkjønna par som prega kyrkjevalet.

– Eg er meir optimistisk etter dette bispemøtevedtaket på vegner av klassisk tru og teologi. Det er fullt mogeleg å tenkje seg at dette vedtaket vil hamne under press lenger framme, men det får vi eventuelt ta då, seier Mulen.

Sterk kritikk

Tidlegare generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Karl Johan Hallaråker, gjekk måndag ut med ros til biskopane for løysinga dei hadde samla seg om.

Vedtaket inneber at det vert innført ein vigselsliturgi for samkjønna par og velsigningsliturgi for slike par som har inngått borgarleg ekteskap. Men det vert også understreka at eit mindretal i Kyrkjemøtet ikkje ønskjer ein slik vigselsliturgi fordi det strir med forståinga deira av ekteskapet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Biskopane føreslår at prestar får fridom til å velje om dei vil stå føre vigsel eller forbøn for samkjønna par, og at andre kyrkjeleg tilsette bør ha eit tilsvarande høve til ikkje å medverke.

I eit innlegg i Vårt Land omtalte Hallaråker dette som kloke bisperåd. Han understreka seinare overfor Dagen at han ikkje er samd med biskopane i at spørsmålet ikkje er kyrkjesplittande, men meiner at forslaget sikrar rom for medarbeidarar med eit tradisjonelt syn på ekteskapet.

Evangeliets framtid

Etterfølgjaren til Hallaråker i generalsekretærstolen, Erik Furnes, er djupt skuffa over utspelet. Forsamlingsleiar Glenn Nord-Varhaug i Bergens Indremisjon kallar det ei snikinnføring av liberalteologi i bedehusland og vil ikkje svare på om Hallaråker er aktuell som talar i forsamlinga.

Arne Mulen er derimot takksam for utspelet frå den profilerte indremisjonsleiaren, som også er ordinert prest.

– Eg trur han ser at dei konservative har oppnådd noko, nemleg å sikre eit tydeleg rom for det klassiske synet på ekteskapet, seier Mulen.

Han trur situasjonen ville verte mykje vanskelegare med berre reservasjonsrett mot ein ny liturgi.

– Det vil gi eit trongare rom til det tradisjonelle synet på samliv. No går biskopane samla inn for at den gamle læra i denne saka framleis skal ha status som kyrkja si lære, seier Mulen.

– Eg respekterer dei som opplever at Herren kallar dei til oppbrot frå Den norske kyrkja. Men eg kan ikkje sjå at det tener evangeliets framtid i Noreg at dei som har eit klassisk syn på samliv, trekkjer seg ut, seier soknepresten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Stålsett kritiserer bispeforslag
Les også
Hallaråker gler biskopen sitt hjarta
Les også
Bibelversene som ikke kan brukes
Les også
Hallaråker ufarliggjør
Les også
– Hallaråker snikinnfører liberalteologi