VERT FILM: Pure Flix, eit kristent filmselskap, er no i gang med å planleggje filmatiseringa av den dramatiske redningsaksjonen nord i Thailand.

Kristent selskap lagar Hollywood–film om grottedrama

Det vert Hollywood–film ut av bergingsaksjonen i Thailand, der eit fotballag med tolv gutar og trenar var fanga i ei grotte i atten dagar.

Det melder det kristne filmselskapet Pure Flix.

– Eg kunne ikkje ha vore meir oppglødd. Denne historia har hatt så mykje å seie for meg medan eg har følgd den her i Thailand, seier Michael Scott, administrerande direktør i Pure Flix, i eit videoklipp delt på selskapet si Facebook–side tysdag førre veke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Scott bur i Thailand og var til stades ved Tham Luang–grotta då gutane vart berga. Den thailandske kona hans voks opp med Saman Kunont, marinejegaren som døydde av mangel på oksygen under bergingsaksjonen.

– Å sjå alt det heroiske motet i den grotta, og deretter få alle dykkarane ut. Det har berre vore ei så rørande og personleg hending, seier han i klippet.

VERT FILM: Pure Flix, eit kristent filmselskap, er no i gang med å planleggje filmatiseringa av den dramatiske redningsaksjonen nord i Thailand.

Vidare seier han at dei ser på dette som ein film som vil vere til inspirasjon for millionar av menneske over heile verda.

David A. R. White, som var med på å stifte Pure Flix saman med Scott, opplyser at selskapet er i kontakt med skodespelarar, manusforfattarar og potensielle investorar, ifølgje Wall Street Journal.

I ei pressemelding takkar filmselskapet Gud for ein vellukka redningsaksjon.

Les også
Guttene fra grotten i Thailand sørger over dykkeren som mistet livet
Les også
Guttene i grotten fikk verdens oppmerksomhet
Les også
Thailand: Fire gutter ute, redningsoperasjonen tar pause til mandag
Les også
Redningsmannskaper i Thailand håper å berge de siste fem i dag
Les også
Thailand: Guttenes lege mistet faren sin