FAMILIE: Mange familiar strøym
...
FAMILIE: Mange familiar strøymer til Lyngdal Bibelcamp i juli. Biletet er frå fjorårets treff. Foto: Brit Rønningen
– Ein oase for familien
Del
I bykommunen Lyngdal på Sørlandet vil det i laupet av juli vere rundt 7.000 menneske som vitjar bibelcamp.

LEIRSJEF: Arrangements– og marknadsansvarleg i ImF, Kenneth Foss, er leirsjef den tredje veka av dei fire vekene Lyngdal Bibelcamp vert stelt i stand på Sørlandet. Foto: Øystein Dypedal
– Det er ein oase for mange av dei som ferierer her, seier Kenneth Foss, arrangements– og marknadsansvarleg i Indremisjonsforbundet, om Lyngdal Bibelcamp.

Gjester vil få åndeleg påfyll gjennom bibeltimar, møte og konsertar. Det vert også eit variert opplegg med aktivitetar og konkurransar.

– Vi ser det er mange vener som reiser saman. Nokre av dei bur til vanleg på ulike kantar av landet, men møtest her. Dei hygger seg saman med grilling, bading og andre aktivitetar, seier Foss.

Fellesskap

Foss er leirsjef den tredje veka av dei fire vekene leiren vil gå over i juli.

– Det kjekkaste for min del er å treffe nye menneske, kjensfolk, og misjonsfolk. Rett og slett prate og vere saman med folk, er det eg ser mest fram til.

Bygde serviceanlegg

Tidlegare hadde bibelcampen eit eige sanitæranlegg, medan butikk og informasjon heldt til i eit anna bygg. No er alt samla i eit nytt bygg.

– Nytt servicebygg med sanitæranlegg, do, dusj, kjøkken og butikk stod klart til sesongstart den 2. juli. Dei gamle lokala var nedslitne, og vi hadde snakka om å investere i nytt bygg. I fjor vart dei rivne til fordel for det nye.

I butikken er det no også mogleg å kjøpe enkel varm mat. I tillegg til det er det sett opp ein salatbar.

– Før kunne vi ikkje ha dette, men no kan vi det, sidan vi har betre lagerkapasitet.

MØTE: Under leiren er det opplegg for folk i alle aldrar. Biletet vart teke under eit møte i fjor. Foto: Brit Rønningen
 

– Ikkje nødvendigvis leir

Kvar veke kjem det inn nye folk som arbeider med leiren. Og mange av gjestene som ferierer der, er der som regel éi veke om gongen,

– Bibelcampen er ikkje nødvendigvis ein leir med opplegg alle skal vere med på. Det er veldig ope. Ein del tid vert ledig. Gjestene kan drage på ekskursjon eller vere på campen. Det er opp til dei å avgjere kva dei brukar fritida til. Mange vel å dra til stranda, noko som er svært populært.

For born og unge

– Vi hadde ei ganske stor oppgradering for ti år sidan på det vi kallar for Kidzcamp og Ungdomscamp. Det opplegget vart godt motteke då det kom.

For to–tre år sidan vart det satsa meir på bibeltimar og kveldsmøte, ifølgje Foss.

– Vi fekk inn forsongarar og eigne band, noko som var med på å løfte lovsongen under møta. Leiren har etter kvart fått til eit bra totalkonsept, der vi no samlar mellom fem og sju tusen gjester kvar sommar.

– Kor i landet kjem gjestene frå?

– Hovudtyngda av gjestene kjem frå Rogaland. Men vi har også mange folk frå Agder–fylka og til dels Hordaland som vitjar oss. Nokre faste familiar frå Danmark og folk heilt frå Finnmark er også innom.

Sumarens høgdepunkt

Lyngdal Bibelcamp har eit motto som lyder slik: «Ferie gjev kvile – Guds ord gjev kraft».

– Eg er svært oppglødd over at borna og ungdomen har eit godt tilbod gjennom Kidzcampen og Ungdomscampen. Eg har snakka med familiar, der mange av dei seier at leiren er sumarens høgdepunkt. Sjølv om dei reiser til Syden eller andre stader, er det bibelcampen dei hugsar og stundom vender attende til.

Foss meiner det viktigaste er at ungane trivest og har det bra.

– Det er godt å vere saman og finne på ting, ta til seg Guds ord og verte kjente med andre kristne. Samlingane våre er opne for at alle kan ta turen innom. Dei som bur i området kan ta del om dei ynskjer det.