KANARIØYENE: Sjømannskyrkja får meir pengar for å hjelpe utsette born. Bildet viser sjømannskirken i Arguineguin på Gran Canaria.

Sjømannskyrkja får auke, men varslar kutt

Sjømannskyrkja får 2,5 millionar ekstra for å starte fast arbeid på Filippinene og hjelpe born i vanskar. Dei svarar med å varsle kutt.

* Les flere saker om statsbudsjettet 2016

Regjeringa foreslår å løyve 86,1 millionar kroner til Sjømannskyrkja, ei auke på 2,5 millioner frå revidert budsjett i år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I fjorårets budsjett fekk Sjømannskyrkja 81,3 millionar. I tillegg fekk dei 2,5 millioner i revidert budsjett i år.

LES OGSÅ: Nordmenn tar med seg rus og vold til Syden

Filippinene

Sjømannskyrkja ønskjer fast nærvær på Filippinane. Det er også behov for å utvide den diakonale innsatsen i ein situasjon med fleire alvorlege sosialsaker der born er involverte. Auken i rammetilskotet til Sjømannskyrkja vil kunne bidra til dette, heiter det i pressemeldinga frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Då revidert budsjett vart offentleggjort i juni i år, var det også det faste arbeidet på Filippinene og born i alvorlege sosialsaker i Spania som vart trekte fram.

– Vi er glade for at regjeringa foreslår å vidareføre støtta til Sjømannskyrkja og for at dei har foreslått å utvide ramma slik Finanskomitéen gjorde i revidert budsjett, seier generalsekretær Ørnulf Steen til Dagen.

Vil ha dekka fleire stillingar

Han skulle likevel ynskt langt større påplussingar.

– Vi er skuffa over at regjeringserklæringa ikkje er følgd opp, der det står at dei skal sikre gode rammebetingelsar for Sjømannskyrkja. Då måtte fleire av våre årsverk dekkjast av offentlege middel, ikkje minst fordi vi har eit godt og viktig samarbeid med norske styresmakter i utlandet, seier Steen.

Tilskotet frå staten dekkjer i dag rundt 119 årsverk i Sjømannskyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi har 100 årsverk til som burde vore dekka, dersom vi skulle følgje det som Stortinget for fleire år sidan sa: Til kvar operativ kyrkje skulle staten dekke tre stillingar. Dette året hadde vi bede om ei opptrapping på 40 årsverk.

Frivillig organisasjon

– Kva hadde blitt igjen av Sjømannskyrkja som frivillig organisasjon viss de skulle få dekka alle dei stillingane av staten?

– Masse. På mange stader har vi langt fleire enn tre stillingar. Vi har også noregsarbeid. Stillingane unte stimulerer masse frivillig arbeid. Dei aller fleste stadane vi er, forløyser vi frivillig arbeid gjennom sjømannskyrkjerne. Så vi ville tvert imot fått meir frivillig arbeid, seier Steen.

I ei pressemelding Sjømannskyrkja sende ut onsdag føremiddag skriv dei at den økonomiske situasjonen er «alvorleg» og at dei må kutte 15 millionar kroner på fire år.

«Grundige analyser av våre utgifter og inntekter viser at vi om fire år har 15 millioner kroner mindre å drive Sjømannskirken for. Hvis vi ikke tar noen grep nå må vi redusere driften kraftig i årene som kommer», seier generalsekretær Steen i pressemeldinga.

Han utelukkar foreløpig oppseiingar, men meiner det kan bli aktuelt å la ledige stillingar stå ubesatt framover.

Døgnopen hjelp

Sjømannskyrkja opptrer på vegner av Den norske kyrkja i utlandet. Sjømannskyrkja har eit nært samarbeid med Utanriksdepartementet og har døgnope beredskapshjelp for nordmenn som er i ein naudsituasjon i utlandet, heiter det også i pressemeldinga frå departementet.

Sjømannskyrkja har ein solid økonomi, men merkar nedgongen i oljebransjen og innstrammingar i innsamlingsmarknaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Prestefamilie forlater sitt eldorado i nord og drar til Rio
Les også
KrF varsler «vennskapelig» budsjettkamp
Les også
Nordmenn tar med seg rus og vold til Syden
Les også
Regjeringen vil bruke 4 milliarder på sysselsettingspakke