AVLYSER: Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet har valgt å avlyse årets leiarkonferanse.

Indremisjonsforbundet avlyser leiarkonferanse

På grunn av koronapandemien vil Indremisjonsforbundet tilby leiarane sine ein digital leiar-dag i staden for den årlege konferansen.

Leiarkonferansen til Indremisjonsforbundet (ImF), som dei tre siste åra har samla opptil 500 lokale leiarar frå foreiningar og forsamlingar langs store delar av Norskekysten, er avlyst i år på grunn av koronapandemien.

– Leiarkonferansen har dei siste åra vorte eit viktig arrangement for ImF, der arbeidarar og leiarar har fått inspirasjon, undervisning og utrusting, og dessutan hatt ein viktig møteplass for å dela erfaringar og knyta kontaktar. Vi har presentert eit godt og aktuelt program òg for årets konferanse i november, men innser at det rette er å avlysa, skriv ImF i ei pressemelding.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei meiner utviklinga til pandemien i samfunnet tydeleg går i feil retning, og skriv at når rådet frå styresmaktene er at ein berre bør gjennomføra nødvendige reiser, vil dette påverka konferansen i sterk grad.

– Sjølv om konferansen er eit par månader fram i tid, treng både deltakarar og arrangør føreseielegheit, og vi vel derfor å avlysa no. Påmelde deltakarar vil få refundert deltakaravgift.

Alternativet til konferansen blir ein digital leder-dag rundt om i ImFs bedehus og forsamlingar, og lokalt leiarskap blir oppmoda til å setja av laurdag 7. november til dette.

– Vi vil utarbeida digitalt materiell med aktuell tematikk knytt til forsamlingsarbeidet, og undervisningsvideoar og spørsmål til samtale vil bli gjort tilgjengeleg seinast ei veke før, skriv organisasjonen.