Den amerikanske artisten Beyoncé står bak musikken som var tema under en gudstjeneste i San Francisco forrige uke. Foto: Mason Poole, Parkwood Entertainment via AP/NTB scanpix

Hundrevis deltok på Beyoncé-messe

Svart, kvinneleg spiritualitet ble feira når San Francisco Grace Cathedral i USA forrige veke inviterte til gudsteneste med musikk av popikonet Beyoncé.

– I år har det vore så mykje snakk om kvinnerolla og etniske minoritetar i samfunnet, at vi kjende behovet for å løfte fram stemmene til dei som kyrkja tradisjonelt har undertrykt, seier pastor Jude Harmon til den amerikanske nettstaden Huffington Post.

Se video:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Amazing. #BeyoncéMassPosted by San Francisco Theological Seminary on Wednesday, April 25, 2018

Ifølge ei lokalavis deltok fleire hundre på messa, som skulle trekkje til seg urbane folk på andeleg leiting.

Messa inneholdt allsong til kjende Beyoncé-låtar og opplesing frå Bibelen. Preika var ved Yolanda Norton, ein kvinneleg pastor og professor i det gamle testamentet ved den teologiske utdanningsinstitusjonen San Francisco Theological Seminary. Der underviser ho mellom anna i faget «Beyoncé og Bibelen».

Huffington Post skriv at Beyoncé dei siste åra har kome med fleire referansar til kvinneleg spiritualitet både i musikken og gjennom bilete og opptredenar. I fjor la popdronninga ut eit bilete på Instagram der ho var kledd i slør og flagrande kappe med dei nyfødte tvillingane sine i armane. Mange meinte at biletet gav assosiasjonar til jomfru Maria og at Beyoncé dermed utfordra tanken om Maria som ei kvit kvinne.

Les også
Derfor skremmer Ørjan (30) Jehovas Vitner
Les også
Sett av millioner på YouTube
Les også
– Jeg hadde ikke overlevd dette uten troen
Les også
Hedrer kongen med bursdagssang
Les også
Prestens gullstrupe tar verden med storm