Legg strategisk plan for bedehusa

I eit felles strateginotat frå Indremisjonsforbundet, Misjonssambandet og Normisjon legg dei tre planar for framtida for forsamlingane på bedehusa.

Det vert understreka at det må vere eit nært samarbeid mellom dei tre, at dei må snakke godt om kvarandre på grunnplan og vil halde kvarandre informerte om prosjekt og planar.

Endringane i kyrkja «driver oss også nærmere hverandre», heiter det. Dei vil støtte kvarandre i arbeidet med kyrkjelydsplanting, men understrekar også at kvar einskild organisasjon har fridom til å jobbe målretta og offensivt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Notatet skisserer seks modeller for samarbeid og gjev ei vurdering:

1. Fleire forsamlingar på same bedehus

Vurdering: Dette kan fungere på større bedehus med mykje aktivitet der ein har etablerte forsamlingar av ein viss storleik.

2. Eit felles fast forsamlingsmøte der ansvaret for å arrangere møte går på omgang mellom organisasjonane. Kollektinntektene går til arrangøren.

Vurdering: Utfordringa er at ein ikkje får dynamikken som er i ei einskapleg forsamling.

3. Eit felles forsamlingsmøte, men ansvaret for møtet er hos ein felleskomité med medlemmer frå organisasjonane.

Vurdering: Dette er ein modell som kan fungere fleire stader.

4. Felles forsamling utan tilknyting til nokon av organisasjonane

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vurdering: Det er forståeleg at nokon vert trøytte av å skulle finne vegen i organisasjonslandskapet når dei opplever at fellesskapet fungerer fint utan tilknyting. Men forsamlingar ynskjer ofte over tid å knyte seg til ein større samanheng. Det er også forebyggjande for konfliktar.

5. Felles forsamling, tilknytt fleire organisasjonar

Vurdering: Det er prisverdig å stå tett saman, men det oppstår likevel utfordringar når dei ulike organisasjonane sine strukturar og reglar kolliderer. Det gjeld mellom anna godkjenning av tilsetjingar, økonomimodell og åndeleg tilsyn.

6. Felles forsamlingsstyre, tilknytt ein organisasjon

Ei fellesforeining og at forsamlinga skal forhalde seg til den eine organisasjonen med rettar og plikter. Den andre organisasjonen skal vere «forsamlingspartnar». Alle smågrupper kan velje fritt om ein vil vere medlem i ein eller begge organisasjonar.

Vurdering: Denne modellen vert tilrådd i notatet. Han har ei «langsiktig bærekraft og kan fungere godt mange steder». Modellen tek også vare på at einskilde har ein organisasjon som sitt hjartebarn og at det er rom for smågrupper og foreiningar som har ulik tilknyting. Det må opprettast ein kontrakt med forsamlingspartnar, særleg om økonomi, heiter det.

Indremisjonsforbundets styre handsama notatet i mars og understreka då at forsamlingane må stå fritt til å velje modell ut frå situasjonen lokalt.

IMisjonssambandet har notatet fått tilslutning i leiarmøtet og hovudstyret er orientert, opplyser informasjonsleiarEspen Ottosen. INormisjon skal notatet behandlast i landsstyret i haust.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ei bedehusfloke

Førsteamanuensis Knut Tveitereid vedNLA Høgskulen omtalar situasjonen for bedehusorganisasjonane som ei «strategisk floke». Han vert ikkje overraska om at dei tre dannar eige eller eigne kyrkjesamfunn uavhengig avDen norske kyrkja, sa han i eit innlegg under ein forskningskonferanse om bedehus i endring påAnsgar Teologiske Høgskule i juni.

«Til nå har organisasjonene i stor grad vært navlebeskuende i sitt strategiarbeid. Den har handlet om hvordan de selv kan møte samfunnsutvikling, finne fornuftige arbeidsformer, og posisjonere seg teologisk», sa han.