– Utan migrantar er ein ikkje relevant

– Minst 17 prosent av tilsette i kristne organisasjonar bør vere migrantar, seier Silje Wiig Andersen.

Ingen har oversikt over kor mange av dei tilsette i kristne menigheter og organisasjonar som er migrantar eller barn av migrantar. Men 17 prosent av innbyggjarane i Noreg er i denne kategorien.

Onsdag utfordra Silje Wiig Andersen 95 norske kristenleiarar som var samla til Normes konferanse Link i Oslo: De må tilsetje migrantar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho er ny dagleg leiar i Tent og tidlegare assisterande generalsekretær Laget. Tema for årets konferanse var rekruttering til kristne organisasjonar.

  • Lover en million til økt rekruttering
  • Tilset ein som ­liknar seg sjølv

    – Ein av dei vanlegaste feila leiarar gjer, er at dei tilset personar som liknar på seg sjølv. Jo likare personen er leiaren, jo større er sjansen for å få jobb. Det betyr at ein tilset folk med same kjønn, hudfarge, dei som har gått på same skular og har same sosioøkonomisk status. Ein gjer det heilt ubevisst og med den beste hensikt. Fordi leiarane er redde for å gjere dyre feiltilsetjingar og difor gjer trygge val, sa Wiig Andersen.

    Så kom ho med ei utfordring:

    – De må sørgje for mangfaldige stabar. Viss ikkje, blir ikkje kristne organisasjonar relevante. Jo større breidde ein har i staben, jo fleire når ein med evangeliet.

    Saman med Sindre Olafsrud starta Wiig Andersen Nordic Navigation, som tilbyr organisasjons- og leiarutvikling. Dei studerte på BI, men jobba i kristne organisasjonar og ville bruke bakgrunnen sin for å styrke Kristen-Noreg.

  • Baptistsamfunnet har sluttet å snakke om integrering
  • Såg berre kvite ­kristenleiarar

    Wiig Andersen fortel til Dagen at ho under ein panelsamtale om framtidige leiarar såg ut over salen. Der sat det berre kvite menneske.

    Artikkelen fortsetter under annonsen.

    – Eg tenkte: Her er vi ikkje i takt med folket i Noreg. Så jobba eg i Laget og såg at vi jobba med så mange kvite menneske, utan å vere i kontakt med andre. Vi er søsken i trua. Det er ikkje trua, men kulturen, som skil oss.

    – Kvifor tilset ikkje kristne organisasjonar migrantar?

    – Vi manglar kontakt med dei og er ikkje så medvitne på å leite etter talent. På grasrota får vi ikkje heilt til kontakten. Og det er ofte den som er engasjert på grasrota, som får roller oppover i organisasjonen.

  • Før var det flest nordmenn, nå er det flest migranter
  • Mister talent

    Wiig Andersen bur i London, men flyttar denne månaden tilbake til Noreg og Bergen, der ho overtek som dagleg leiar av Tent.

    Etter å ha jobba i og med kristne organisasjonar, peiker ho på at mange mister leiartalent.

    - Mange organisasjonar har ikke ein plan for leiarutvikling. Når ein så skal tilsetje på leiarnivå, har ein ingen å velje mellom. Det er ei kjempeutfordring. Folk som blir tilsett i ein organisasjon, forventar å kunne få utvikle seg. Får dei ikkje rom, forsvinn dei til næringsliv og media.

    Ho trur ikkje det er vond vilje som gjer at ein manglar leiarutviklingsprogram, men travle dagar, knappare budsjett og færre frivillige. Det som ikkje er hasteoppgåver, blir nedprioritert.

    Artikkelen fortsetter under annonsen.

    Men også det at ein har vore så kallsfokusert, har hindra leiarutvikling, trur ho.

    – Viss ein ynskjer å seg vidare i organisasjonen, har ein blitt sett på som egoistisk.

    – Er ikkje det bra at ein ser på eit arbeid som kall og ikkje karriereveg?

    – Det er ikkje ein motsetnad. Det viktigaste er at ein brenn for visjonen. Skal vi nå menneske med evangeliet, må vi passe på at vi ikkje droppe å vere dyktige.

    Tre strategiar

    Ungdom i Oppdrag opplever at mange melder seg til misjonsteneste. Leiar Andreas Nordli sa at dei har tre strategiar for rekruttering: Dei ber dagleg framfor eit verdskart om at menneske skal bli kalla til teneste. Dei forkynner om misjonsteneste. Og dei tek unge med på misjonsturar.

    – Ein får ikkje utretta all verda som 16-åring på to vekers tur til Latvia. Men vi ser at hovudrekrutteringskjelda til langtidsmisjon er korttidsmisjon, seier Nordli.