SAMRÅD: Rolf Kjøde meiner det er viktig at dei som vil halde fast på ekteskapet som ei ordning for éin mann og éi kvinne, finn saman etter vedtaket i Bispemøtet.

Sørgjer over bispekompromiss

Leiar Rolf Kjøde i Evangelisk luthersk nettverk er skuffa over kompromissvedtaket om ekteskapsliturgi i Bispemøtet.

Bispedømerådskandidat Egil Morland meiner dei konservative biskopane bør oppmoda prestane i bispedøma sine om ikkje å nytte liturgien for vigsel av samkjønna par.

– Det er ein smertefull dag for alle som står for den klassiske læra om ekteskapet i Den norske kyrkja. Dei klassisk plasserte biskopane har blitt med i eit taktisk spel som svekkar deira vidare åndelege leiarskap. Det er ille at dei berre tar til etterretning at kyrkja sitt fleirtal no innfører det som både liberale og klassiske biskopar i 1997 kalla «kyrkjesplittande vranglære», seier Kjøde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES: Bispemøtet vil ha liturgi for vigsel av likekjønnede

Åtvara konservative

I ein kronikk i Dagen i forkant av av biskopane var samla denne veka, oppfordra Kjøde dei som står for ei tradisjonell forståing av ekteskapet til å bryte med fleirtalet som ønskjer å innføre ny liturgi. Den oppfordringa tok dei ikkje til følgje.

– Hovudproblemet er likevel ikkje sjølve aksepten for liturgien men premissen for dette, slik det kjem fram i punkt to i vedtaket. Når dei avlyser spørsmålets kyrkjesplittande karakter og jamvel aktivt gir støtte til at to ulike lærer «kan gis rom og komme til uttrykk kirkens praksis», kjem resten av seg sjølv. seier Kjøde.

Han varslar at spørsmåla vil verte drøfta i styra til både Evangelisk luthersk nettverk og Levande folkekyrkje den komande veka. Den førstnemnde gruppa samlar leiarar i «organisasjonar og kyrkjer som byggjer lokale fellesskap på evangelisk luthersk grunn». Den sistnemnde gruppa, der Kjøde også er med i leiarskapet, arbeidde fram mot kyrkjevalet for å få valt inn kandidatar som meiner kyrkja er forplikta til å halde fast på ekteskapet som ei ordning for éi kvinne og éin mann.

– Slike samråd blir veldig viktig framover for alle lutherske kristne som held fast ved den apostoliske læra i desse spørsmåla, sier Kjøde.

Saknar reservasjon

Ein av dei allierte til Kjøde i ­Levande Folkekyrkje er Egil Morland. Framleis kan han bli innvald i Bjørgvin bispedømeråd for den neste fireårsperioden.

– Vi har fått ein underleg situasjon ved at vi fram mot valet hadde klare motsetnader, men no intervenerer biskopane og seier at kampen er avblåst, seier Morland.

Han avviser at han er overraska over bispevedtaket, men registerer at det sameiar alle syn og praksisar. Tidlegare har han teke til orde for at kyrkjelydar bør kunne reservere seg mot den nye liturgien, men det støttar ikkje bispekollegiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– No meiner eg biskopane som står for det tradisjonelle synet på ekteskapet, må gå ut og oppmode prestane sine til ikkje å nytte den nye liturgien. Kyrkjelydane bør også oppmode prestane sine til det same, seier Morland.

Han synest også det er problematisk at biskopane gjennom vedtaket gir inntrykk av at det er ein rett å inngå ekteskap er ein individuell rett.

– Ekteskapsliturgien føreset at presten skal vurdere om vedkomande kan vie paret og at dei sivile premissane er oppfylte, seier Morland.

Han synest det er positivt at biskopane vil gi andre kyrkjeleg tilsette enn prestar rett til å reservere seg mot å medverke under vigslar av samkjønna par.

– Det skulle også berre mangle, seier han.

Lokal fridom

Informasjonsleiar Espen Ottosen i Norsk Luthersk Misjonssamband er ikkje overraska over kompromisset i Bispemøtet og viser til at det var varsla allereie i september.

– Eg synest det er veldig problematisk at ein hoppar bukk over spørsmålet om at det er kyrkjesplittande. Samstundes er det bra at mindretalet er tydeleg på at det dreiar seg om ulik forståing av ekteskapet, seier Ottosen.

Han stiller seg spørjande til at biskopane slår fast at liturgien skal gjelde i heile Den norske kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg håper på stor lokal fridom slik at det skal vere store lommer i Den norske kyrkja der det er rom for å stå for klassisk kristendom, seier han.

Kyrkjesplitting

Ottosen trur det var heilt nødvendig for biskopane med det nye ekteskapssynet å gi rom for det tradisjonelle synet.

– Det er framleis mange markante konservative i Den norske kyrkja, og det er allereie problem med prestemangel. Då ville det vere direkte uklokt å ikkje sikre livsrom for dette synet, seier Ottosen.

Han er likevel spent på kor lett det i praksis blir å stå for det tradisjonelle synet.

– Kva tenkjer du om det å krevje at dei konservative biskopane burde sette hardt mot hardt?

– Eg synes det er viktig å fasthalde at spørsmålet er kyrkjesplittande, men er usikker på kva dette ville føre til slik situasjonen er i Den norske kyrkja no. Eg veit ikkje om det ville endra situasjonen til det betre for dei som avviser ei kjønnsnøytral ekteskapsforståing, seier Ottosen.

Ventar med svar

Den konservative prestegruppa Carissimi har teke til orde for alternative tilsynsordningar for å sikre rom for kyrkjeleg tilsette og kyrkjelydar som vil stå for eit tradisjonelt kristent syn på samliv.

Talsmann Dag Øivind Østereng seier han vil avstå frå å kommentere fråsegna i Bispemøtet no, men varslar i ein sms det vil «garantert komme en respons siden».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Les også
Prester skal kunne preke homofili som syndBispemøtet
Les også
Bispemøtet vil ha liturgi for vigsel av likekjønnede
Les også
Biskop krever nytt homovedtakKirkelig fellesråd
Les også
«Biskoper må våge å bryte med liberale bispekolleger»Likekjønnet vigsel