POLITIKAR: Hallgeir Elstad sit i kommunestyret for Arbeidarpartiet i Sørum, men understrekar at han som biskop ikkje skal flagge politiske standpunkt.

– Jacob Jervells førelesingar gav næring til trua

Hallgeir Elstad har henta mykje inspirasjon frå lærarar ved Teologisk Fakultet, der han sjølv arbeider.

Kvifor vil du bli biskop?

Som biskop ønskjer eg å vere med å påverke sentrale vegval for framtidas kyrkje. Yrkesbakgrunnen min frå universitetet med teologisk utdanning og forsking meiner eg er relevant for å bli biskop.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fagteologisk kompetanse er viktig mellom anna fordi den einskilde biskopen og bispekollegiet har eit særleg ansvar for lærespørsmål. Bispekollegiet skal spegle ei breidde, og kyrkja treng òg biskopar som er rekrutterte direkte frå akademia.

Kva vil du svare dersom nokon spør kvifor du er kristen?

Det enkle svaret er at eg er kristen fordi eg trur på Jesus.

Er det nokre kristne rørsler ­ eller leiarar som har betydd særleg mykje for deg?

Eg har ikkje vore knytt til ei særskilt kristen rørsle. Den norske kyrkja har vore den åndelege heimen min frå oppveksten av. Som teolog frå Universitetet i Oslo har fleire lærarar og førelesarar herifrå vore viktige for meg. Eg vil særleg nemne professor Jacob Jervell. Førelesingane hans var fagleg inspirerande, og dei gav òg næring til trua.

Korleis vil du beskrive den ­ teologiske ståstaden din?

Eg vil karakterisere den teologiske ståstaden min som brei folkekyrkjeleg. Eg verdset breidda og mangfaldet i Den norske kyrkja. Kyrkja treng kritisk og sjølvstendig teologisk tenking, og dette er ein tradisjon eg som universitetsteolog vedkjenner meg.

Har du, eller har du hatt, ei partipolitisk tilknyting? ­ Korleis tenkjer du i så fall om samanhengen mellom ditt ­ politiske og ditt kyrkjelege engasjement?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ja, eg har ei partipolitisk tilknyting til Arbeidarpartiet. Eg har engasjert meg i lokalpolitikken heilt tilbake på 80-talet heime i Lofoten. Der fekk eg mi første politiske skoleringsom har vore grunnleggjande for seinare politisk innsats.

For meg er det ein djup samanheng mellom mittpolitiske og kyrkjelegeengasjement.Rettferdig fordeling, solidaritet og miljø er viktige stikkord for bådemitt politiske og kyrkjelege engasjement. Samstundes er eg oppteken av at ein biskop ikkje skal flagge partipolitiske standpunkt.

Kva meiner du om vigselsliturgi for samkjønna par?

Eg er for at kyrkje skal ha ein vigselsliturgi for likekjønna par.

Kva vil du seie til dei som meiner at Den norske kyrkja bevegar seg bort frå Bibelen og vedkjenninga?

Kristendommen er ikkje statisk. Han har gjennom historia synt stor evne til å tilpasse seg. Kyrkja skal forkynne evangeliet om Jesus Kristus til nye menneske og generasjonar. Dette kan vi ikkje gjere berre ved å repetere fortida. Evangeliet må tolkast inn i menneska sin livssituasjon her og no. Kyrkja må opplevast som relevant, og det kan ho berre vere om ho evnar å lytte seg inn til og tolke livskjensla til samtidas menneske.

Kva overskrift ville du like å sjå på framsida av Dagen?

«Stadig fleire døyper borna ­sine». Dette er viktig, for det er fundamentet for folkekyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Møt de fem andre bispekandidatene i Sør-Hålogaland her:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Hallgeir Elstad

50 år.

Prodekan, studiedekan og professor i norsk kyrkjehistorie ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.

Les også
Betenkt over at røde dominerer på bispeliste