Fungerande KrF-leiar Olaug Bollestad åtvarar mot å tru at koronaviruset er over. – Berre sjå kor fort det endra seg i Tyskland, seier ho.

Pandemi, mindretalsregjering og nederlag i Stortinget. Det har vore eit utfordrande halvår for KrF

At Frp gjekk ut av regjeringa er ein av utfordringane fungerande KrF-leiar Olaug Bollestad har måtta takla. – Eg har fire ungar og veit at det er enklare å diskutere med ein unge enn å diskutere med to, seier ho.

– Når eg ser tilbake på denne våren, så tenkjer eg «du, så lita verda har blitt», seier fungerande KrF-leiar Olaug Bollestad.

Ho har i år erstatta den tradisjonelle pressekonferansen før ferien med smittesikre sommarintervju.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og første halvdel av 2020 har gitt nok å snakke om.

Stolt over regjeringa

12. mars innførte regjeringa dei mest inngripande tiltaka sidan krigen. Grensene vart stengde, sjukeheimar vart lukka for besøk og familiar måtte takle ein ny kvardag på heimekontor.

Bollestad seier at ho føler at regjeringa har gjort riktige prioriteringar i ei krevjande tid.

– Eg er stolt over å ha vore del av ei regjering som har prioritert liv og helse, og arbeidsplassar, kultur og idrett i andre rekke. Framover blir det viktig å sikre at dei 300.000 som står utan arbeid, har noko å leve av.

Ho er uroa for at nordmenn no skal senke skuldrene, og viser til den nye oppblussinga av viruset i Tyskland.

– Vi må framleis halde fokus, samstundes som vi skal opne samfunnet igjen, seier ho.

Dårlege målingar

Sjølv om regjeringa har hatt daglege pressekonferansar og fått uvanleg stor merksemd, har ikkje KrF rikka seg på målingane. Gjennomsnittet av dei nasjonale målingane for juni viste ein oppslutnad på 3,6 prosent, ifølgje nettstaden Pollofpolls, som samlar og samanliknar meiningsmålingar.

Høgre og statsminister Erna Solberg har derimot stige på meiningsmålingane med fem prosent i snitt sidan koronakrisa kom til Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bollestad ønskjer ikkje å snakke om dei dårlege målingane.

– Eg er mest opptatt av å behandle ei krise og klarer ikkje vere opptatt av meiningsmålingane. Verken Høgre, Arbeidarpartiet eller KrF sine meiningsmålingar er viktige no, seier statsråden og legg til:

– Eg trur at befolkninga ser at dei har ei regjering som leier landet i fellesskap.

«Drøymeregjeringa»

I januar vedtok regjeringa å hente heim ei IS-sikta kvinne og hennar to barn frå Syria. Frp tok dissens i saka og valde seinare å gå ut av regjeringa.

Dette gjorde at KrF enda opp med det som mange i partiet hadde omtala som «drøymeregjeringa» saman med Venstre og Høgre.

– Har det blitt meir kjekt å site i regjering utan Frp?

– Eg har fire ungar og veit at det er enklare å diskutere med ein unge enn å diskutere med to. Det er akkurat på same måte med ei regjering. Spriket mellom oss er heller ikkje fullt så stort no.

#frpxit

Då Frp gjekk ut av regjeringa, forsvann også fleirtalet regjeringa hadde i Stortinget.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frp-politikarar lova tidleg at dei ønskte å gjere endringar i bioteknologilova. I desse spørsmåla hadde KrF fått vetorett i Granavolden-erklæringa.

– Då vi gjekk inn i regjering, var det fordi ei fleirtalsregjering var det beste høvet til å frede bioteknologilova. Når regjeringa fall, såg vi resultatet kome, seier Bollestad.

– Ikkje mot alt

I mai vedtok Stortinget mellom anna å opne opp for assistert befruktning for einslege, eggdonasjon, tidleg ultralyd, tilbod om NIPT-test til alle gravide og mitokondriedonasjon.

– Kor tungt var det?

– Eg har vore engasjert i bioteknologi i alle år. Det kan høyrest ut som at KrF er imot alt av bioteknologi, men det er vi ikkje. Det som er viktig for oss, er at etikken styrar teknologien. Vi mista nokre av barns rettar som har vore viktig for KrF. Det ser vi ikkje resultatet av enno.

Urovekkande i USA

Dei siste månedane har mykje av merksemda blitt vendt mot USA, både på grunn av president Donald Trump si handtering av pandemien, men også protestbølgja mot rasisme som har spreidd seg globalt.

– Det viser igjen at verda har blitt mindre. Eg meiner at menneskeverdet er ein grunnleggjande verdi i eit samfunn, og det er også derfor desse demonstrasjonane kjem. Det er urovekkande, meiner statsråden.

I USA er det påvist over to millionar tilfeller av COVID-19 og over 124.000 amerikanarar er døde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bollestad synest lite om Trumps strategi og retorikk.

– Han er ein lite samlande person. Vi har sett at verda er lita, og når han brukar store bokstavar, kan det skape situasjonar ingen av oss ønskjer. I den tida vi er i, treng vi å løfte samhandling og fellesskap.

Korona framleis viktigast

No går det mot sommarferie for stortingsrepresentantane og regjeringa etter intense korona-månader.

– Kva blir dei viktigaste sakane for KrF til hausten?

– For det første er vi ikkje ferdig med korona. Det er framleis kjempeviktig at vi ikkje opnar opp så raskt at vi kjem i ein situasjon der det går ut over dei eldre og dei sjuke i samfunnet. Det andre er at vi er nøydde til å ta inn over oss at vi har 300.000 arbeidslause, og vi må sikre dei ein jobb å gå til, avsluttar Bollestad.