Både Rødt-leder Bjørnar Moxnes (t.v.) og MDG-talsperson Une Bastholm sitter i dag alene på Stortinget for sine partier. Men meningsmålingene tyder på at både Rødt og MDG kan få store stortingsgrupper etter valget i 2021. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Raudt har dobla medlemstalet på to år

Raudt har ein langt større medlemsvekst enn Miljøpartiet Dei Grøne.

– Det har vore ei eventyrleg pågang i året som har vore. Det har vore veldig gøy, seier Jokke Fjeldstad, organisasjonssekretær i Raudt.

Ved årsskiftet hadde partiet 9661 medlemar. Det er ein auke på 39,5 prosent frå 2018, då dei hadde 6927 medlemar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og det er meir enn ei dobling sidan 2017, då dei hadde 4540 medlemar. I 2016 var det 3093 medlemar.

– Det er alltid kjekt når folk responderer på det politiske arbeidet vi gjer, spesielt at så mange vil vere aktive i partiet, seier Fjeldstad.

Fleire lokallag

Raudt fekk i fjor 46 nye lokallag landet rundt. Totalt er dei no oppe i 175 lokallag.

– Det er ei utvikling som breiar ut partiet meir og gir betre representasjon i større delar av landet, seier han.

Partisekretær Benedikte Pryneid Hansen meiner veksten viser at partiet er meir enn eit blaff.

– I 2020 skal vi førebu stormløpet over sperregrensa i neste stortingsval, seier ho.

Partileiar og Raudts einaste stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes får folk med seg.

Skilnads-Noreg

Det er særleg dei siste fire åra at partiet har hatt den store veksten. I 2007 hadde Raudt 1700 medlemar.

Fjeldstad trur partiet er blitt flinkare til få fram den politiske bodskapen sin om at det blir større skilnad mellom folk i Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Folk ser eit politisk parti som har lyst til å gjere noko med det andre parti ikkje evnar å gjere noko med.

Med berre ein representant på Stortinget, utanfor fleirtalsregjering, er det derimot lite dei kan få til i praksis i denne stortingsperioden.

– Veksten viser at vi er på veg til å bli betydeleg større i norsk politikk, trur Fjeldstad.

MDG veks også

Også Miljøpartiet Dei Grøne nærmar seg no 10.000 medlemar.

Mellom 2016 og 2018 låg medlemstalet på 7000-talet, men i fjor kom det opp i 9963.

– Vi har rekordhøge medlemstal, håper å runde 10.000 i januar, seier Nils Mørk, kommunikasjonssjef i MDG.

Partisekretær Torkil Vederhus peikar på siste årets klimastreikar. Han ser at stadig fleire unge engasjerer seg for klimaet.

– Grunnen til at vi veks er at fleire forstår at vi må gjere noko med klimaendringane. Folk forstår at det som har blitt oppfatta som radikal klimapolitikk er det einaste forsvarlege, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nedgang

Dei andre partia har enno ikkje klar medlemstala sine for 2019, men den generelle trenden dei siste åra har vore at tala går ned.

KrF ligg an til enno større nedgang i tal på medlemar enn dei har hatt siste åra. Dei anslår at dei no ligg på 19.952 medlemar, ein nedgang frå 23.802 i 2918.

I 2001 hadde KrF over 48.000 medlemar, men har hatt ein jamn nedgang sidan på rundt 1000-2000 personar i året.

Nedgangen frå 2018 til 2019 er ekstra stor på på 3850 personar.

Arbeidarpartiet har hatt ein nedgang i talet på medlemar siden 2015, og hadde i 2018 51.173 medlemar.

Frp har hatt ein nedgang sidan 2009, og hadde i 2018 17.968 medlemar.

Høgre er også i nedgang og hadde i fjor 30.033 medlemar.

Vekst for SV

Sosialistisk Venstreparti har derimot hatt ein vekst mellom 2014 (8887 medlemar) og 2018 (12.452 medlemar).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tala for 2019 er ikkje klare enno.