KRISTNE OG POLITIKERE: F.v. Bente Thorsen (Frp) vil helst bli kalla politikar som er kristen, mens Anders Tyvand (KrF) gjerne omtalast som kristen politikar. Men han vil ikke bli omtala som kristen-politikar, med bindestrek.

Vil ikkje vere «kristen-politikarar»

Kristne politikarar er usamde om det er greit å bli kalla kristne politikarar.

Mandag sa Hadia Tajik (Ap) til Dagen at ho ikkje vil kalle seg «muslimsk politikar», men «ein politikar som er muslim».

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs);}(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Innlegg av Dagen.

Men kva kallar hennar kristne kollegaer seg sjølve, kristen politikar eller politikar som er kristen?

– Eg er ein politikar som er kristen, og vonleg eit heilt menneske, seier Oddny Miljeteig, SVs nyvalde nestleiar.

– Kva er skilnaden frå å vere ein kristen politikar?

– Viss eg seier eg er kristen politikar, seier eg at dei som ikkje er samde med meg, fører ein ukristeleg politikk. Ei slik definisjonsmakt vågar eg ikkje å ta på meg som generelt standpunkt, når eg opererer i det verdslige regiment, seier Miljeteig.

Ikkje interessepolitikar

Anders Tvyand (KrF) lever godt med begge deler, men vil ikkje bli kalla «kristen-politikar», med bindestrek altså.

– Eg er ein kristen politikar, og eg er ein politikar som er kristen. Men bindestreken er eg ikkje veldig glad i, seier Tyvand.

– For meg er det viktig å vere eit heilt menneske, også når eg er politikar. Eg kan ikkje legge frå meg trua heime eller på Løvebakken før eg går inn på Stortinget. Eg må ha med meg verdiane og haldningane mine, og desse heng jo på mange måtar saman med livssynet mitt, seier Tyvand.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han opplever at omgrepet «kristen-politikar», med bindestrek, tyder at han er ein interessepolitikar for kristne grupper.

– Eg er kyrkjepolitikar og skule- og utdanningspolitikar, men med eit tydelig kristent verdigrunnlag, understrekar han.

Politikar for alle

Bente Thorsen (Frp) i kyrkje- og utdanningskomiteen føretrekker å vere ein politikar som er kristen, og vil ikkje blande religionen inn i politikken.

– Eg vil halde fram at samfunnet vårt er sekulært styrt og at religion er ein privatsak, sjølv om trua må vise kven eg er i det daglige. Det er også veldig viktig for meg å vere politikar for alle som har vald meg inn på Stortinget, seier Thorsen.

Semantikk

Erik Selle, leiar for Partiet De Kristne, er ikkje så oppteken av kva vi kallar han.

– For meg blir det semantikk. Eg er ein kristen som har valt å jobbe med politikk, i mitt tilfelle på ein verdikonservativ, marknadsliberal plattform, seier Selle.

Han meiner at det avgjerande er «kva val du tek, kva ideologisk linje du vel, og kva politikk du de facto representerer».

– Veljarane bør dømme etter handlingane, ikkje namnet, seier Selle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Opplevast kunstig

Også Hans Olav Syversen i KrF meiner at det blir meir semantikk enn to vidt ulike ting.

– Det er mulig vektlegginga blir opplevd annleis ved at «kristen» eller «politikar» kjem først, men for meg opplevast det litt kunstig å tenke seg at dette er ein fullstendig «av og på»-knapp.

– Eg er kristen og politikar samtidig, og mitt livssyn vil naturleg gi en påverknad i det politiske liv, seier Syversen.

Blir påvirka av mykje

Med Hadia Tajik får Arbeidarpartiet for første gong ein muslim i leiinga, noko Tajik sjølv ikkje er så oppteken av.

– Eg er politikar som er muslim, ikkje ein muslimsk politikar. Det er to forskjellige ting. Det fins jo politikarar som er kristne, eg er ein politikar som er muslim. Det går fint, sa ho til Dagen mandag.

Svein Harberg (H), leiar for Stortingets familie- og kulturkomité, har sans for Hadia Tajiks vinkling på religiøs tru.

– Vi er politikarar, men det er også mange andre ting enn tru som påverkar våre val og vårt arbeid, så eg stør ho i den tolkinga, seier Harberg.

– Kva er skilnaden mellom å vere kristen politikar og politikar som er kristen?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Når ein politikar er kristen, er trua sjølvsagt med på å prege mine avgjersler og vurderingar, men då er eg først og fremst valt som politikar. Anna erfaringsgrunnlag og holdningar er også med i vurderinga.

Avsporing

– Kva om du blei kalla ein kristen politikar?

– Då måtte eg hatt eit anna grunnlag for å drive politikk. Det er skilnaden. For meg er det partival og politikk som er utgangspunktet, så er trua med på å forme korleis eg handterer det, seier Harberg.

– I fjor vart det merksemd rundt Jonas Gahr Støres kristne tru, og han vart kalla Kristen-Jonas. Kva meinar du om at trua til folk får så mykje merksemd?

– Det er ei avsporing, i alle fall med slike kallenamn. Eg tykkjer han var tøff som stilte i ein del debattar. Så må han ikkje overdrive det, og andre må ikkje henge merkelappen på han, seier Harberg.

Les også
«Nei, eg vil ikkje dele ut Koranen»Hadia Tajik
Les også
Aps valgkomité vil ha Tajik som nestlederHadia Tajik
Les også
Tar kristne politikere et skritt ned?
Les også
FrP-politiker ber mye på jobben
Les også
Etter bekjennelsesparagrafenKristne i KrF
Les også
Religion og politikk i et sekulært samfunnSilje Kvamme Bjørndal
Les også
Lærte jødehat på kristen skole i SyriaFem kampsaker
Les også
Advarer mot hverdagsrasismenRasisme
Les også
Kirkens politiske mandat
Les også
Tviler på velgerstrøm med kristen Ap-lederDette er saken
Les også
Jonas Gahr Støre om troJonas Gahr Støre om tro
Les også
Tror flere kristne vil stemme Ap med Støre som lederJonas Gahr Støre