FRIVILLIG: Tom Derrigan hjelpe
...
FRIVILLIG: Tom Derrigan hjelper til med sauehaldet ved Old St. Patrick´s Cathedral. Foto: Tore Hjalmar Sævik
Sauer steller kyrkjegard på Manhattan
Del
Kyrkje midt i New York valde ei uvanleg erstatning då kyrkjegardsarbeidaren vart pensjonist.

Berre bakenden på ein av dei tre urbane sauene er synleg gjennom gjerdet då eg kjem til Old St. Patrick´s Cathedral. Dei gnafsar gras på baksida av den katolske kyrkja som ligg i Mulberry Street. Denne gata begynner i Chinatown og held fram gjennom Little Italy. Med andre ord er vi midt i smørauget til «The City that never sleeps». Der har det ikkje dyr beita på mange generasjonar.

– Eg har barneborn i området, fortel Angela Glass, som også stoppar opp ved gjerdet som skil oss frå sauene.

Lokkar barnebarn

Sjølv bur katolikken Glass i Charlotte i Nord-Carolina - byen som er kjend for å vere heimstaden til verdsevangelisten Billy Graham (97).

– Barnebarna mine er ikkje vane med dyr, fortel ho.

LES: Hillarys gladkristne venner

Dermed var det stor stas å få møte husdyr då dei besøkte besteforeldra.

Glass synest det kunne vere ekstra kjekt å ta med barnebarna hit for å sjå sauene.

Fekk løyve

Ein mann i 40-åra dukkar opp ved gjerdet.

– Har de lyst til å sjå sauene, spør Tom Derrigan, som han viser seg å heite.

Han jumpar inn og lokkar dei fram med mat i eit lite trau. Dei kjem byksande etter omtrent så grasiøst som svoltne sauer i flokk kan makte.

FRIVILLIG: Tom Derrigan hjelper til med sauehaldet ved Old St. Patrick´s Cathedral. Foto: Tore Hjalmar Sævik

For tre år sidan vart mannen med ansvaret for å stelle kyrkjegarden pensjonist. På spøk føreslo presten å erstatte han med sauer. Men spøken vart alvor - og søknaden om løyve vart innvilga av styresmaktene.

– Eg hjelper til som frivillig, fortel Derrigan.

Tek bilete

Ein afroamerikansk ungdom stoppar opp og tek bilete av sauene med telefonen sin.

– Det er rart med sauer her. Det er eit artig syn som får deg til å verdsetje dyr, seier Dean, som nøyer seg med å fortelje fornamnet sitt.

– Blir du meir interessert i kyrkja?

– Det gir noko å forbinde kyrkja med, seier han.

Også bier

Tom Derrigan påpeikar at sauen har ein sentral plass i bibelforteljingane.

– Det er den nest mest omtalte skapningen i Bibelen, seier han.

Old St. Patrick´s Church har også skaffa seg andre levande vesen som såvidt er nemnde i Skrifta.

– Vi har ti bikuber bak kyrkja, fortel han.

LES OGSÅ: Ungarske gravere konkurrerer i grav-graving

Folk kjem og ser på dei også.

Opnar dører

Ei ny kvinne har stoppa opp ved gjerdet.

– Sauene er bra for nabolaget, seier Lisa Nett.

– Det er flott om det kjem meir levande dyr i byen, seier ho.

Ofte er ho innom på biblioteket over gata.

– Det er alltid nokon som står og ser på dei. Det er veldig fredeleg.

POSITIV: Lisa Nett meiner sauene er eit positivt innslag i nabolaget. Ho ønskjer seg meir dyr i New York. Foto: Tore Hjalmar Sævik
 

Sjølv har ho gått til gudstenester i kyrkja, men er ikkje medlem.

– Sauene er ein fin måte å pone dørene til kyrkja, seier ho.

Knyter kontakt

Det er tredje året sauer beitar utanfor kyrkja frå 1800-talet. Dei tre sauene som har fått kome hit i år, heiter Faith, Hope og Charity (Tru, Håp og Velgjerning). Første året var det Gold, Frankincense og Myrrh (Gull, Røykjelse og Myrra) som gjorde jobben.

Sommarbeitet vert avslutta midt i september.

LES MER: Derfor har Gunnar (17) anlagt Luther-sveis

Presten Donald Sakano har opplevd at sauene ved eit par høve har etablert kontakt med menneske som har slutta seg til kyrkjelyden, ifølgje det katolske nettavisa aleteia.org .

Endra befolkning

Den gamle katedralen vart erstatta ein meir kjend lenger oppe på Manhattan i 1879. Kyrkja har teke imot bølgjer av katolske immigrantar, særleg irar på 1800-talet og italienarar på 1900-talet. No er det i stor grad unge vaksne som har godt betalte jobbar som bur i området. Presten samanliknar dei med andre migrantar som kom tidlegare. Mange av dei var også kyrkjeframande då dei gjekk i land.

– Vi treng å støtte dei åndeleg og hjelpe til med å byggje dei opp åndeleg så dei kan leve i ei verd som er full av fallgruver og utfordringar som er framande for kristendomen, seier han.