Korsong: Nidarosdomens Oratoriekor skal saman med Nidarosdomens jentekor byrje det seksti timar lange salmemaratonet med salme nummer éin i salmeboka; «Herre gud, ditt dyre navn og ære». Både kulturministeren, kyrkjepreses, sametingspresidenten og kringkastingssjefen skal vera til stades i Vår Frues Kirke når sendingane byrjar fredag klokka 12.00.

Frå perm til perm, 
minutt for minutt

I over to døgn skal 
salmesong ljome frå fjernsynet og inn i 
norske heimar.

I dag, fredag, byrjar NRK si nyaste sakte-TV satsing;Salmeboka minutt for minutt (NRK nett-TV).

Rundtto hundre kor frå heile Noreg skal synge alle dei 899 salmene i salmeboka, og i ekte sakte-TV-stil skal alt filmast og kringkastast i seksti timar i strekk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sendingane går direkte på NRK2 ogNRK.no, frå fredag klokka 12.00 til og med klokka 24.00 på sundag.

Vår Frue kirke i Trondheim blir hovedbase for sendingane, men det skal også syngast frå Tromsø, Kåfjord, Fløyen, Maihaugen, Halden, Finnsnes, Utstein kloster, Fredrikstad, Karasjok, Lofthus, Oslo og USA.

Prøysen, Bye og Bremnes

Det er den relativt nye salmeboka frå 2013 om er utgangspunktet for salmemaratonet. Det betyr at ein del nyinnlemma salmer som mange ikkje forbind med gudstenester i Den norske kyrkja også får sin plass.

Av desse kan ein nemne Julekveldsvisa av Alf Prøysen, Blå salme av Erik Bye, Morning has broken av Cat Stevens, Her er det et lite barn som kommer av Kari Bremnes, fleire tonesette dikt av Olav H. Hauge og Odd Nordstogas nye melodi til «Opp gledest alle».

I den nye salmeboka finnest det også salmer på mange ulike språk. Både norsk (nynorsk og bokmål), nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk, kvensk, engelsk, latin, zulu, tysk og fransk er representert. Dette syter mellom samiske og amerikanske kor for at går rett for seg.

Viser på storskjerm

Salmeboka minutt for minutt er eit samarbeidsprosjekt mellom NRK, korrørsla i Norge og Kyrkjerådet. Dei oppmodar kyrkjer i heile landet til å opne dørene og vise sendinga slik at heile landet kan synge med.

Sokneprest i Svelvik kyrkjelyd, Anette Stenseng, tok utfordringa på strak arm. I kveld har dei «salme sing-along», med salmeboka minutt for minutt på storskjerm.

– Eg synest det er veldig moro at NRK har denne satsinga. Det er ein fin sjanse til å vise engasjement i lokalsamfunnet, meiner Stenseng, som omtalar seg sjølv som ein songglad sokneprest.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho synest det ofte er negative saker om splid og konflikt i kyrkja som får mediemerksemd, og er glad for at det denne gongen er ei glad-sak som skaper blest om kristenliv.

– Eg trur slike ting set seg litt i folks medvit. Det er viktig at ein får fram at det skjer så mykje flott, morosamt og samlande i kyrkja.

Snakkis i byen

Stenseng fortel at dei har fått mange positive tilbakemeldingar på tiltaket alt, og at dei ventar eit stort oppmøte.

– Svelvik er ein liten by, og salmekvelden har blitt ein snakkis. I går fekk eg ei melding frå ein konfirmant som sa ho synest det verka så morosamt, og lurte på om ho kunne bli med. Det er ganske utruleg.

Svelvik kyrkje nyttar også salmemaratonet som eit høve til å setje fokus på den nye salmeboka dei akkurat har gått til innkjøp av.

– Me har kjøpt femti eksemplar av den nye salmeboka, og dei som kjem i kveld får utlevert ei bok for kvelden, og får æra av å setje kyrkja sitt stempel på omslaget, fortel soknepresten.

Ho håpar mange kyrkjelydar nyttar sjansen til spreie salmer og musikkglede i helga.

På nrk.no kan du sjekke når di 
favorittsalme skal syngast, 
kvar det filmast frå, og når 
ditt yndlingskor skal synge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.