ROLEG: Det var stille og fredeleg i romet på Foldnes skule der det føregjekk avrøysting ved kyrkjevalet.

Stille i kyrkjestormen

Connie Petterson (51) var først og fremst oppteken av å få inn unge i kyrkjelege tillitsverv. Ho møtte slett ingen kø i røystelokalet på Sotra.

Aldri tidlegare har det vore arbeidd så intenst for å få fleire til å delta i kyrkjevalet. Den norske kyrkja har brukt alt frå sosiale medium til tv-reklame for å få medlemene opp av sofaen.

LEDER: Faktasjekk

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samstundes har det vore strid om synet på ekteskapet. Open folkekyrkje og Levande folkekyrkje har arbeidd høvesvis for og imot å innføre vigselsliturgi for samkjønna par.

Fører valkamp

Men straumen av veljarar var ikkje særleg stri til vallokalet på Foldnes skule i Fjell kommune på starten av valdagen. Vekstkommunen vest for Bergen har sterke tradisjonar for kyrkje- og kristenliv. Dette er også heimkommunen til Egil Morland. Han er førsteamanuensis ved NLA Høgskolen, ein av frontfigurane i Levande folkekyrkje og har site i både Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkjerådet den siste perioden. Etter at han vart vraka av nominasjonskomiteen, er han komen på lista igjen ved supplering. Via sms, epost og ferdigtrykte lister har kyrkjemedlemer vorte oppmoda til å røyste på han og andre namngitte kandidatar som vil at Den norske kyrkja skal halde fast ved det tradisjonelle synet på ekteskapet.

Ingen auke

– Ein god del har vore innom, opplyser valfunksjonærane ein dryg time etter at røystelokalet opna. Det ligg i tråd med retningslinjene rett ved lokala til det offentlege valet. Skiltinga til kyrkjevalet er til å misforstå. Og ein må ut av hovudinngongen på skulen, ned langs ein vegg, rundt eit hjørne og forbi nokre dører i gangen for å finne det. To av funksjonærane går snart ut for å skilte vegen til kyrkjevallokalet tydelegare.

LES OGSÅ: – Den hellige ånd retter om vi går feil

Ein av funksjonærane var i kyrkja søndag, då det også var råd å røyste, men det var det får som gjorde.

– Ein kom utanfrå, og så kanskje ti av dei som var på gudstenesta, seier Torhild Smith Wiker.

Konsulent Roar Moen ved Fjell kyrkjekontor opplyser at rundt 150 hadde røysta på førehand.

– Det er omtrent akkurat det same som vi hadde sist, seier Moen til Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han trur det er meir sannsynleg at forventningane om høgare valdeltaking ved dette kyrkjevalet kan slå til i byane, men i mindre grad på bygdene.

Går på julaftan

Ein av dei som har funne fra, er Connie Petterson (51).

- Eg synest det er litt viktig at vi får inn nye og unge menneske i systemet, seier Petterson etter at ho har røysta. Ho fortel at ho utelukkande har røysta på unge kandidatar.

UNGE INN: Connie Petterson (51) fortel at ho ikkje er så oppteken av sakene som er diskuterte i kyrkja, men meiner det er viktig å få inn unge menneske.

– Har du sjølv noko forhold til kyrkja?

– Eg er tilflyttar og har vore eit par gonger i kyrkja, seier Petterson, og legg til at ho går i kyrkja på julaftan.

– Er det spesielle saker som engasjerer deg?

– Nei, eg har ikkje engasjert meg så mykje. Men ein kan ikkje la vere å røyste, seier kvinna som er oppvaksen i Bergen.

Som barn vart ho involvert og engasjert i kyrkja gjennom speidaren og anna frivillig arbeid. Ho synest det er viktig at kyrkja kjem i kontakt med unge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Grunnpilar

Neste kvinne inn er Randi Hansen Våge (46).

– Eg vil påverke i kyrkjevalet, både til soknerådet og bispedømerådet, seier Hansen Våge, som opplyser at ho har røysta etter tilrådingane frå Åpen folkekyrkje. Denne organisasjonen stiller eigne lister i ni av elleve bispedøme, men ikkje i Bjørgvin. Her er det likevel gjort kjent kva kandidatar på nominasjonskomiteens liste som sluttar seg til organisasjonens ønske om å innføre vigselsliturgi for samkjønna par i Den norske kyrkja.

PLASS I KYRKJA: Randi Hansen Våge (46) går ikkje så ofte i kyrkja, men heller ikkje så sjeldan, seier ho.

– På den lokale lista er alle kandidatane gode, seier Våge om soknerådet.

– Kva betyr kyrkjevalet?

– Eg håper på stor deltaking som viser at kyrkja er viktig for folk, seier ho.

– Kva betyr kyrkja for deg?

– Kyrkja er jo ein grunnpilar. Eg er der ikkje så ofte, men ikkje så sjeldan heller. Eg synest at eg har ein plass der, seier ho.

Sett reklame

Utanfor inngangen til røystelokalet til kommune- og fylkestingsvalet står Lars Lokøy (35) med sonen Mathias i vogna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg veit ikkje om eg kjem til å røyste ved kyrkjevalet. Eg har ikkje gjort meg opp ei meining om det, seier Lokøy.

USIKKER: Lars Lokøy (35) var usikker på om han skulle røyste ved ­kyrkjevalet.

– Har du hørt noko om kyrkjevalet?

– Eg har kanskje sett ein reklame om det på tv.

– Har du noko forhold til kyrkja?

– Det er heller lite, seier han.

Ikkje medlemer

Ein som veit at han ikkje skal røyste, er Marius Hjortland (20). Han er nemleg ikkje medlem av Den norske kyrkja lenger. Før han vart myndig, hadde heile familien meldt seg ut og inn i ImF Trossamfunn, under Indremisjonsforbundet.

– Eg kjenner ikkje behov for å melde meg inn i kyrkja igjen. Det er ein del av det statskyrkja diskuterer, som homoekteskap, som eg ikkje er for, seier Hjortland.

UTMELD: Marius Hjortland (20) er ikkje lenger medlem i Den norske kyrkja og kunne følgjeleg ikkje røyste i går.

På parkeringsplassen svingar Arvid Rønnestad (65) inn bilen og stig ut med politiske lister i neven. Han har ikkje høyrt om kyrkjevalet, i alle fall ikkje i år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg hørte vel om det for nokre år siden. Men eg har ikkje hatt så mykje med det å gjere, seier Rønnestad.

– Eg var frivillig medarbeidar i Korskirken i Bergen i halvanna år. Etter ti år fekk eg brev frå kommunen om at eg var innmeldt i to kyrkjesamfunn. Ein eller annan hadde sikkert meldt meg inn i Den norske kyrkja, seier han.

Rønnestad fekk vite at det nyaste medlemskapet vart stroke om han ikkje føretok seg noko. Dermed reknar han med å vere medlem i Det Norske Baptistsamfunn, der foreldra var engasjerte.

Les også
Fire unge om kirkens framtidKirkevalget
Les også
Ekteskap og familie
Les også
– Den hellige ånd retter om vi går feil
Les også
«Bedehuspartiet»
Les også
Faktasjekk