Psykolog slaktar barnevernet i Naustdal-saka

– Denne saka er så sår og hjarteskjerande at det nesten ikkje er til å halde ut, seier psykologspesialist Einar C. Salvesen.

Gjennom ei årrekkje harSalvesen jobba med barnevernssaker som meddommar og sakkunning. No har han fått innsyn i saksdokumenta og møtt foreldra i Sunnfjord som i november vart fråtekne fem born. Det skjedde etter mistanke om oppdragarvald.

– Det var all grunn til at barnevernet reagerte på bakgrunn av denne mistanken. Eg ville også gjort dette om eg var barnevernleiar. Oppdragarvald kan vere alvorleg på mange måtar. Det eg er kritisk til, er reaksjonsmåten tilbarnvernet. Ein burde gå inn med faglege råd og hjelp, seier Salvesen til Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– God omsorgsevne

Einar C. Salvesen meiner det ville vere langt betre om familien til dømes fekk ein person inn i heimen for å avklare situasjonen.

– No har ein gått til eit dramatisk skritt i ein familie med mykje god omsorgsevne. Eg er heilt sikker på at det var gale å ta borna ut. Det framstår heilt meiningslaust. Den einaste forklaringa eg ser, er at dette handlar om makt og inkompetanse, seier han.

LEDER:En tragisk sak

Psykologen poengterer at det vert gjort «veldig mykje godt arbeid» i norsk barnevern.

– Eg har sjølv samarbeidd med fleire barnevernskontor som fungerer på ein god måte, seier han.

Bekymringsmelding

Samstundes er han problem som han meiner ein må utbetre. I fjor sommar var han ein av to initiativtakarar til ei «bekymringsmelding om barnevernet» som vart presentert i Aftenposten og sendt til regjeringa. Over 150 fagfolk slutta seg til. Dei meinte at ei lang rekkje born vert utsette for grov uforstand og overgrep i dagens barnevern.

Oppropet førte til at barne- og likestillingsministerSolveig Horne (Frp) kalla inn til tillitsseminar om barnevernet i starten av desember. Horne har også varsla at departementet vil gå gjennom eit utval akuttvedtak og omsorgsovertakingar.

– Tragedie

Psykologspesialist Salvesen meiner ein må spørje seg korleis barnevernet best kan gå inn i familiar der fysisk avstraffing er ein del av kulturen for den eine parten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kor alvorleg er det å skilje foreldre og born på den måten som er skjedd her?

– Det er ein tragedie for borna. Denne saka er så sår og hjarteskjerande at det nesten ikkje er til å halde ut, seier Salvesen, som først uttalte seg til NRK Sogn og Fjordane om saka.

DEBATT:Barnevernet – alltid til det beste for barna?

Han fryktar at akuttvedtaket skal skape langt større problem enn det løyser.

– Hard kritikk

Rådmann Øyvind Bang-Olsen i Naustdal viser til at saka er underlagt teieplikt, men synest kritikken er sterk.

– Den er kanskje litt hard i høve til den røynda som tilsette står i når dei skal vareta borna sine behov og vern, foreldra sine ynskje om tilpassingar og vi skal forvalte det som er forvaltningspraksis på området, seier Bang-Olsen til NRK.

Han understrekar at det i slike saker er sakkunninge personar som vurderer det langsiktige behovet borna har for vern og hjelpebehova til familien.

– Det er viktig å understreke at rettstryggleiken er ivareteken gjennom ordningar og lovverk som barnevernet jobbar under, seier Bang-Olsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES:Minst fem klinikker behandlet 13-åring som døde

Salvesen er, ut frå eiga erfaring, ikkje like trygg på systemet.

– Desse sakene kan svikte i opptil alle sikringsledd. Ein risikerer at faktum ikkje vert avklart og at det dermed ikkje vert avklart om at det er grunnlag for omsorgsovertaking, seier han.

Fekk møtast

Denne veka fekk familien for første gongen vere samla sidan borna vart henta, ifølgje Facebook-sida som er oppretta med krav om å sameine familien på nytt. Samværet var avgrensa til tre timar.

Tidlegare har den røynde barnepsykologen Willy-Tore Mørch uttrykt seg kritisk til at søskenflokken er blitt splitta etter akuttplasseringa.

– Det er traumatisk for born å oppleve at dei blir tekne ut frå foreldreheimen i seg sjølv, då er det viktig at dei får behalde kontakten med sine søsken, seier Mørch til NRK.

Regiondirektør Øystein Sævik i Bufetat region Vest uttrykkjer forståing for at søsken bør vere saman i ein så alvorleg situasjon som det er å bli akuttplassert. Erfaringa er likevel at det er vanskeleg å få fosterheimar til å ta meir enn to søsken.

Fortvila besteforeldre

Besteforeldra til dei fem borna på morssida, som bur på same garden, har i eit innlegg i Firda uttrykt seg sterkt kritisk til framgangsmåten barnevernet har valt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Denne saka har gjort heile familien og langt utanom den svært vondt. Det har òg vore vondt å lese innlegg i saka frå forskjellige aviser der oppdragelsen av barna har fått ein negativ omtale utan at vedkommande kjenner dei faktiske forholda», skriv besteforeldra.

LES OGSÅ:Rapport: Minoriteter mangler info om familierådgivning

Dei fortel om tett kontakt med familien heilt sidan borna var fødde. Den eldste fylte ti år i januar. Den yngste er eit spedbarn.

«Vi kan berre forsikre at vi aldri har sett at det har vore brukt vald mot barna, knapt nok at dei har vore høgrøysta med dei».

Dei rår rådmannen til å vurdere å gå - og ta barnevernet med seg.

«Kommunen og vi som bur her kan ikkje vere kjent av at Naustdal vert verdskjent på grunn av eit nådelaust barnevern som held barn i fangenskap så dei ikkje skal få komme heim att til ein god heim med gode foreldre», skriv besteforeldra i Firda.