EIN PERIODE: Karl Johan Hallar
...
EIN PERIODE: Karl Johan Hallaråker vart valt til sentralstyret på KrFs landsmøte i 2013. No har han takka nei til attval. Foto: Astrid Dalehaug Norheim
Har takka nei til sentralstyret i KrF for andre gong
Del
Den tidlegare generalsekretæren i Indremisjonsforbundet vil ikkje snakke om grunnane til at han i går sa nei til valkomiteen. Men det var eit moment at han vart vraka av fylkeslaget, seier Karl Johan Hallaråker.

Tysdag svarte han nei til å ta attval i sentralstyret i KrF etter å ha fått spørsmål frå valkomiteen.

– Eg har ikkje lyst å snakke om grunnane, seier Hallaråker til Dagen.

– Er det politiske grunnar?

– Det vil eg ikkje seie noko om. Eg har ro for at eg har konkludert som eg har gjort ut frå ei totalvurdering, seier Hallaråker.

LES OGSÅ: Dagrun Eriksen tar gjenvalg som nestleder

 

Ikkje innstilt

I januar vart det kjent at hans eige fylkesparti, Hordaland KrF, ikkje innstilte han til attval til sentralstyret . I staden peika fylkespartiet på Astrid Aarhus Byrknes, som er populær ordførar i Lindås, vararepresentant til Stortinget og tidlegare misjonær for Misjonssambandet.

Etter at fylkespartiet si innstilling kom, sa Hallaråker nei til attval til sentralstyret, men sa til Dagen i januar at ei kvar valkomité står fritt til å velje samansetjinga dei meiner er klokast for partiet.

Hallaråker opplyser at ein samla valkomité har ynskt å ha han med. Etter at det var kjent at han takka nei til attval, har mange kontakta han frå ulike deler av landet og partiet, seier han til Dagen.

– Difor har eg vurdert dette grundig på nytt, seier Hallaråker.

– Er det eit viktig moment for deg at Hordaland KrF ikkje har peika på deg?

– Eg har teke alle moment med i vurderinga. Det er ikkje tvil om at det er eit moment at fylkesleiinga tenkte som dei gjorde, men eg har føreteke ei totalvurdering, seier Hallaråker.

LES OGSÅ: Byrknes sang på Stortingets talerstol

Trekte seg

Byrknes har tidlegare site i sentralstyret, men på landsmøtet for to år sidan trekte ho seg for å gje plass til Hallaråker .

Nytt sentralstyret skal veljast på KrFs landsmøte i Trondheim 8.-10. mai. Mest spenning er det knytt til valet på nestleiarar. Sitjande nestleiar Dagrun Eriksen har varsla at ho tek attval . Mellom fylkeslaga sine favorittar er også stortingsrepresentantane Olaug Bollestad frå Rogaland og Kjell Ingolf Ropstad frå Aust-Agder.

sentralstyret,karl johan hallaråker,astrid aarhus byrknes,hordaland krf,krf,krf sentralstyre,krf-landsmøte