KRAV: KrF treng leiarar som ikkje bare sit på Stortinget, meiner Trude Brosvik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF.

Fylkesleiar ønskjer seg nestleiar frå grasrota

KrF bør ha ein nestleiar utanfor Stortinget, meiner Trude Brosvik i Sogn og Fjordane KrF. KrF-historikar ser heller behovet for solid kontakt sentralt.

Les også: Byggjer opp til kamp om nestleiarane

Denne våren skal Kristeleg Folkeparti velje ny leiartrio og sentralstyre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er viktigare for oss at heile landet er breitt representert, enn at alle er på Stortinget, seier Trude Brosvik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane.

Tirsdag skreiv Dagen at seks fylkeslag støttar Dagrun Eriksen, og fem vil ha Kjell Ingolf Ropstad. Olaug Bollestad får fire stemmer, etter at Oslo avslørte kven deira andre stemme går til overfor Dagen tirsdag.

Lokale krefter

Ei handfull fylkeslag vil framleis ikkje ut med kva dei har spelt inn til valkomiteen, men dei snakkar gjerne om kva kriterium dei set for ny leiartrio.

Trude Brosvik meiner at ein av dei to nestleiarane i leiartrioen ikkje bør halde til på Stortinget eller i sentrale organ.

Denne perioden har KrF hatt to nestleiarar som ikkje sit på Stortinget.

Olav Ingebjørn Moe, fylkesleiar i Østfold KrF, støttar Brosviks kriterium.

– Generelt er det viktig at leiartrioen utfyller kvarandre og representerer partiet i sin breidde. I den pakka ligg geografi, kompetanse, erfaring og kjønn, seier Moe.

KrF-historikar Kåre Olav Solhjell meiner derimot det er på tide at partiet får ein solid forankring i Stortinget.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det gjer større skade med ein nestleiar utanfor Stortinget som ikkje har ein aktiv posisjon der ein er oppdatert på det som skjer. Partiet må finne ordningar for Dagrun Eriksen så ho ikkje bare svever omkring, seier Solhjell.

Ikkje bare sørvest

Les mer: Dagrun Eriksen tar gjenvalg som nestleder

Brosvik meiner at partiet også bør sjå utover kjernefylka på sørvestlandet.

– Eg meiner det er ei styrke for partiet å ikkje bli nærsynt på dei fylka vi er sterkast. Det er uheldig dersom vi ikkje greier å vere eit godt og aktuelt, landsdekkande parti, seier ho.

Det er KrF-historikar Kåre Olav Solhjell samd i.

– Partiet bør ikkje forsterke sørvestlandsdominansen når ein tenker rekruttering, seier han.

Blant dei 14 fylkeslaga som har avslørt sine nominasjonar, står sørlendingane Dagrun Eriksen og Kjell Ingolf Ropstad sterkast.

Ein del er nøgd med dagens leiing, mens andre peikar på Ropstad som ein framtidig leiarkandidat.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men det kan vere ei utfordring å få to frå Agder inn i leiartrioen. Brosvik meiner at det ville vore uheldig.

Vurderer Eriksen

Morten Halling, fylkesleiar i Oppland KrF, trur ikkje det er ein ønska situasjon å ha to frå Agder.

Dermed kan det vere duka for konkurranse mellom Eriksen og Ropstad i partitoppen.

Halling vil ikkje seie kva dei har spelt inn til valkomiteen, men røper at dei ikkje nominerte Dagrun Eriksen i haust.

– Den gang tvilte vi på at ho var aktuell. No har Eriksen gått høgt på banen og sagt at ho er det likevel, og då kan det vere at vi kjem med eit anna forslag, seier fylkesleiar Morten Halling.

– Vil Oppland KrF støtte Dagrun Eriksen no?

– Vi skal vurdere det ein gong til neste gang vi møtast i fylkesstyret, seier Halling.

Dersom fylkeslaga heldt fast på Eriksen, kan det vere at Ropstad må vente til neste sjanse med å klatre oppover i partiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Geografi ikkje viktigast

Østfold KrF er derimot ikkje så opptekne av kvar nestleiarane kjem frå.

– Skulle det kome to frå same region, er det viktig at dei utfyller kvarandre når det gjeld plassering i partiet og kompetanse, seier Olav Moe.

I Nordland er dei opptekne av å sjå framover og få inn unge politikarar.

– Det er det som er framtida for KrF, ikkje gamle nestorar, seier fylkesleiar Per Pedersen i Nordland KrF.

– Vil de støtte Dagrun Eriksen?

– Eg har ikkje sett for meg at ho ville forsvinne ut av leiartrioen.

Les også: Hallaråker har takka nei til KrF

Prosessen

KrF skal velje leiartrio og sentralstyre denne våren.

I november spelte fylkeslaga i KrF inn sine forslag til leiarverv og sentralstyre.

Før jul varsla 2. nestleiar Bjørg Tysdal Moe at ho ville trekke seg. Eriksen hadde frist ut gårsdagen på kor vidt ho ønskte å halde fram.

14. januar held valkomiteen sitt første møte om kven dei skal foreslå som nestleiarar og sentralstyremedlemar.

Forslaget må vere klart før sakspapira sendast ut i forkant av KrFs landsmøte 8.-10. mai.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Byggjer opp til kamp om nestleiaraneFylkeslagas forslag
Les også
Dagrun Eriksen tar gjenvalg som nestleder
Les også
Hallaråker har takka nei til KrF