Kjell Ingolf Ropstad, Olaug Bollestad og Dagrun Eriksen.

Byggjer opp til kamp om nestleiarane

Dagrun Eriksen får støtte av minst seks fylkeslag, mens minst fem vil ha Kjell Ingolf Ropstad i leiartrioen.

Mandag vart det klart at Dagrun Eriksen ønskjer å halde fram i KrF-toppen. Ho er ein veteran som har vore nestleiar sidan 2004.

Det er likevel langt frå sikkert at Eriksen får halde fram. Heile KrFs leiartrio og sentralstyret står på val denne våren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi foreslår Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad, seier Rogaland og Hordaland KrF om nestleiarverva.

Les også: Bollestad aktuell som KrF-nestleder

Hjemdal takkar nei

I november spelte fylkeslaga inn sine forslag til leiarkandidatar. At Knut Arild Hareide heldt fram på toppen, er utan tvil.

Men fleire vil byte ut nestleiarane. 2. nestleiar Bjørg Tysdal Moe varsla før jul at ho ville trekke seg.

Ei rundspørring Dagen har gjort blant alle fylkesleiarane i KrF, viser at fleire fylkeslag ønskjer stortingsrepresentantane Kjell Ingolf Ropstad og Line Henriette Holten Hjemdal på topp.

Seks lag stiller seg bak Ropstad, mens fire ønskjer Hjemdal.

Hjemdal opplysar til Dagen at ho har takka nei til nominasjonar frå fylka som har spurd.

Kjell Ingolf Ropstad er derimot ikkje framand for å klatre til topps i partiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er hyggjeleg å bli vist tillit og bli nemnd til ein slik posisjon. Heldigvis har vi fleire gode kandidatar, så no er det viktig at valkomiteen får gjort ein god jobb. Så avventar eg dei vidare prosessane i partiet, seier Ropstad til Dagen.

Seks for Eriksen

Fem fylkeslag vil ikkje avsløre kva dei har sagt til valkomiteen. Fylkeslaga i Trøndelag er nøgd med dagens trio og har ikkje sendt inn konkrete forslag til leiartrioen.

Torhild Bransdal er leiar for valkomiteen, og vil ikkje ut med kva resten av fylkeslaga har foreslått. Ho vil heller ikkje kommentere komiteens kriterium.

– Alle namn som er oppe no er reine spekulasjonar, seier ho.

Innspela frå fylkeslaga vart sendt inn før Tysdal Moe trekte seg, og fleire har difor foreslått attval for ho.

Klar for det meste

Fire fylkeslag foreslår attval for Dagrun Eriksen som 1. nestleiar. I tillegg kjem dei to fylkespartia i Trøndelag som stiller seg bak henne.

– Er det godt nok, Eriksen?

– Det var viktig for meg å finne ut om eg sjølv har motivasjon, så får valkomiteen gjere sin jobb, seier Eriksen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Blir det eit landsmøte med skarp nestleiarkamp?

– Eg har vore med skarpe duellar, eg har vore utan motkandidatar og eg har blitt klappa inn. Eg er klar for det meste, seier Eriksen.

Ho seier at ho er «klar for det meste» når det gjeld nestleiarkamp.

Ønskjer fornying

Olaug Bollestad er foreslått av fire fylkeslag.

– Det er kjekt å bli nemnd som ein aktuell kandidat, seier ho til Stavanger Aftenblad.

Erik Lunde, fylkesleiar og bystyremedlem i Oslo, er foreslått av sitt eige fylkeslag. Dei er opptekne av at leiartrioen må spegle breidda i partiet og kunne samarbeide godt.

– Eg synes det er hyggeleg å bli nemnd, men svarar valkomiteen dersom det blir aktuelt, seier Erik Lunde til Dagen.

I Hordaland er fylkesstyret samd om at det trengs å byte ut nestleiarane i KrF.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi var veldig samkøyrde i dette. Primært ønskjer vi to frå Stortinget og ein utanfrå, men det gjekk vi bort frå fordi vi meiner at personane er gode, seier fylkesleiar Pål Kårbø.

Hordaland KrF er oppteken av at det skal vere minst ei kvinne i leiarskapet, spreiing i alder og persontypar. I tillegg trengs gode medieprofilar.

– Kjell Ingolf er absolutt ein framtidig leiarkandidat, og det må vi ha i bakhovudet, seier Kårbø.

Blanke ark

Fylkesleiar Per Kåre Foss i Rogaland KrF er samd i at partiet må tenke rekruttering av framtidige leiarkandidatar.

Etter at Tysdal Moe trekte seg, ønskjer også han «blanke ark».

– Dagrun har vore nestleiar sidan 2004. Når Tysdal Moe trekker seg, er det greit og naturleg å sjå på ein ny trio med nye nestleiarar, meiner han.

Foss understrekar at han ikkje rettar kritikk mot dagens leiing.

– Heilskapen er viktig, at trioen står fram som eit godt team som kan jobbe saman. Når leiaren er bortreist må vi ha eit nestleiarapparat som kan overta ansvaret. Dei må ha kompetanse på å handtere media, organisasjonen og det dagsaktuelle, seier Foss.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han er oppteken av at leiarskapet må greie å fornye partiet, samstundes som det har forankring i KrFs verdigrunnlag.

– Så er det viktig å ha nokon som har forankring ut mot det lokale. Det må vere krefter i leiinga som veit kva det tyder å bygge ein organisasjon, og få til samspel heile vegen, seier fylkesleiaren i Rogaland.

Fylkeslagas forslag

Her er fylkeslagas forslag til verva som 1. og 2. nestleiar i KrF:

Akershus: Line Henriette H. Hjemdal, Kjell Ingolf Ropstad

Aust-Agder: Dagrun Eriksen, Ropstad

Buskerud og Møre og Romsdal: Eriksen, Hjemdal

Finnmark: Eriksen, Bjørg Tysdal Moe

Hedmark: Ropstad, Moe.

Hordaland, Rogaland og Vestfold: Olaug Bollestad, Ropstad

Oslo: Bollestad, Erik Lunde

Telemark: Hjemdal, Dag Sele

Troms: Tysdal Moe, Ropstad

Nord- og Sør-Trøndelag støttar dagens leiartrio.

Sogn og Fjordane, Oppland, Vest-Agder, Østfold og Nordland viser til valkomiteen.

Prosessen

I november spelte fylkeslaga i KrF inn sine forslag til leiarverv og sentralstyre.

Før jul varsla 2. nestleiar Bjørg Tysdal Moe at ho ville trekke seg. Eriksen hadde frist ut gårsdagen på kor vidt ho ønskte å halde fram.

Line Henriette Hjemdal seier ho til Dagen at ho har takka nei til alle nominasjonar.

14. januar held valkomiteen sitt første møte om kven dei skal foreslå som nestleiarar og sentralstyremedlemar.

Forslaget må vere klart før sakspapira sendast ut i forkant av KrFs landsmøte 8.-10. mai i Trondheim.

Les også
Dagrun Eriksen tar gjenvalg som nestleder
Les også
Bollestad aktuell som KrF-nestleder
Les også
Eriksen vurderer å gi seg som nestleder i KrF