Rolf Kjøde, som er leiar for Evangelisk Luthersk Nettverk og tidlegare generalsekretær i Normisjon, meiner Myrseth viser at den kristne trua «har tapt ein del kroppsspråk».

Meiner kyrkja bør ta imot utfordringa frå Myrseth

Ungdomsprest Dag Øivind Østereng trur Ottar Myrseth treff betre med sin analyse av utfordringane til Den norske kyrkja enn mange likar å vedgå.

– Som samfunnsaktør har kyrkja langt på veg følgt sekulariseringa. Ho stiller ikkje andre krav til medlemene sine enn at dei er døypte og slik sett er innanfor. Det vert ikkje alltid snakka særleg tydeleg om at det faktisk finst eit kristent liv å leve, og at dette kan vere annleis enn det som er vanleg blant folk flest, seier Østereng.

– Forventninga om at kyrkja kallar menneske til omvending er tona veldig sterkt ned. Der trur eg Myrseth har ein profetisk bodskap som vi gjer lurt i å lytte til, legg han til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Støtte i fellesskapet

Østereng er ungdomsprest i Hå på Jæren. Han har vore ein av frontfigurane for den konservative prestegruppa Carissimi som har teke til orde for alternative tilsynsordningar innanfor Den norske kyrkja.

– Er det mogeleg å praktisere Myrseths ideal innanfor ramma av Den norske kyrkja?

– Det kjem nok an på kvar ein er i landet. Men for å vere tydeleg som prest, treng du å ha eit tydeleg fellesskap som styrkar og støttar deg, seier han.

På den andre sida påpeikar Østereng at kristendomskunnskapen, som Myrseth har sett forvritre, også varierer med geografien.

– På Jæren opplever at kristendomskunnskapen er betre enn eg opplevde som prest i Hardanger, seier Østereng.

Hytta framfor kyrkja

Rolf Kjøde, som er leiar for Evangelisk Luthersk Nettverk og tidlegare generalsekretær i Normisjon, meiner Myrseth viser at den kristne trua «har tapt ein del kroppsspråk».

– Når mange nordmenn tenkjer på truande menneske, trur eg dei tenkjer på muslimane. Dei har ei ytterside av trua som dei står saman om, seier Kjøde.

Han meiner kristne må gjenvinne fellesskapsdimensjonen. Som individualistar trur han dei fleste vil bukke under for sekulært press.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ei av dei største utfordringane med avkristninga er at kristne prioriterer hytta i helga framfor Guds hus, seier Kjøde.

Men han opplever slett ikkje at situasjonen er heilt mørk.

– Eg har møtt mange unge som er interesserte i å gjenvinne det som vi i foreldregenerasjonen har øyda bort, seier han.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs);}(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Les også
Avviser påstand om den siste kristne generasjonAvkristning
Les også
Siste kristne generasjon
Les også
Nyanserer påstand om avkristning
Les også
Vinkar farvel til siste kristne generasjonOttar Myrseth