ISOLERT: Biskop Atle Sommerfel
...
ISOLERT: Biskop Atle Sommerfeldt meiner Ottar Myrseth framstår som «ei røyst frå eit litt isolert tilvere». Foto: Olsen, Linn Cathrin
Avviser påstand om den siste kristne generasjon
Del
Prest Ottar Myrseth møter motførestillingar mot påstand om kyrkjeleg knefall for etterkristen kultur frå bror som er domprost og studiekamerat som er biskop.

Biskop Atle Sommerfeldt kjenner igjen analysane til sin gamle medstudent Ottar Myrseth frå studiedagane på 1970–tallet.

I måndagsavisa hevda Myrseth at dagens unge vaksne er den første etterkristne generasjonen. Han meiner Den norske kyrkja har misbrukt sjansen til å vere tydeleg på eigne standpunkt i ein kultur som fjernar seg frå kristen tru og tanke.

 

 

– Ironien og tragedien er at ein aldri har vore så lite folkekyrkje som i dag, sa Myrseth og viste til fallande statistikkar.

Biskop Atle Sommerfeldt meiner det Myrseth seier no ikkje er noko vesentleg anna enn det han sa i studietida.

– Under ein open fagdag på Menighetsfakultetet teikna han Den norske kyrkja som ruinkyrkja utan vegger og tak, seier Sommerfeldt, som er biskop i Borg.

Ottar Myrseth var tidlegare prest i Den norske kyrkja, men valde rundt årtusenskiftet å konvertere til Den nordisk–katolske kyrkja. Han arbeider som lærar ved Borgund folkehøgskole i Ålesund og har i tillegg ansvar for den vesle nordisk–katolske kyrkjelyden i sunnmørsbyen.

Meiner kyrkja bør ta imot utfordringa frå Myrseth  

Utan samlesong

Biskop Sommerfeldt meiner Myrseth overser trusopplæringsreforma.

– Det er ein stor og ambisiøs måte å møte mangelen på kunnskap i oppveksande slekter. Inntrykket mitt frå Borg er at reforma gir både kunnskap og rituell kompetanse, seier Sommerfeldt.

Biskopen peikar også på RLE–faget, som han meiner formidlar viktig kunnskap om religion.

– Det eg har observert på visitasar, er at mange unge er i stand til å stille tydelegare og meir reflekterte spørsmål enn eg kunne som ungdomsskuleelev på 1960–talet, seier han.

Sommerfeldt minner om at det gamle kristendomsfaget kunne arte seg temmeleg forskjellig alt etter kvar ein budde.

– Eg vaks opp i Asker, og der hadde vi ikkje salmesong om morgenen. Kristendomsundervisninga vi fekk, var ikkje eigna til å gi respekt for kristendomen, seier han.

Sommerfeldt er samd med Myrseth i at den kristne arven ikkje er sjølvsagd. Derfor meiner han det er viktig at Den norske kyrkja held fast på den stadfestinga av kristendomens posisjon i samfunnet som framleis ligg i Grunnlova. I mange lokalsamfunn opplever han også at det er medvit om kva kyrkja betyr.

– Slik sett vert Ottar ei røyst frå eit litt isolert tilvere, seier Sommerfeldt og viser til studiekameratens ord om at han på ein god søndag samlar tolv menneske til gudsteneste.

Vinkar farvel til siste kristne generasjon  

Ønskjer bevisstgjering

Domprost Jan Otto Myrseth i Bergen er bror til Ottar Myrseth og skal onsdag halde føredrag i Bergen Kirkeakademi om framtida for folkekyrkja.

– Eg er fyrst og fremst samd med Ottar i at det trengst bevisstgjering av kristne i alle leirar på at kristendommen ikkje er eit særeige for noko folk, i tydinga noko vi utan vidare kan rekne med å behalde. Trua må overleverast om ho skal overleve. Denne erkjenninga er hovudmotivasjonen for den mobiliseringa som trusopplæringsreforma inneber, seier han.

Domprosten uttrykkjer samstundes uro for fallande dåpstal og meiner det er nødvendig med ein kraftinnsats for å motverke denne tendensen. Han påpeikar også at heimane er den viktigaste arenaen for trusopplæring og erkjenner at det der er mykje ugjort.

– Kanskje kan førebuinga til og feiringa av reformasjonsjubileet bidra til ei ny og vital katekismevekking, seier han.

Nyanserer påstand om avkristning  

Håper på innverknad

Domprosten synest broren er for pessimistisk når han meiner vi er på veg inn i ei etterkristen tid. Som grunnlag for dette viser han til at innstillinga frå Stålsettutvalet, som mellom anna innebar å fjerne alle tilvisingar til kristendomen og Den norske kyrkja frå Grunnlova, langt på veg er skrinlagt.

– Stortingsfleirtalet har vedteke grunnlovsparagrafar som uttrykkjer eit ønske om å føre vidare den kristne kulturarven, og styresmaktene våre ser på religion som ein positiv tradisjonsberar. Eg trur og vonar at dette vil ha innverknad på prosessar der normer og fellesverdiar skal formulerast og avvegast i demokratiske beslutningsprosessar, seier han.

Øver på usemje

Samstundes åtvarar domprosten mot å tru at kristen tru og praksis kan sikrast med politiske vedtak

– Som kyrkje har vi lite og ingen ting å vinne på å klamre oss til gamle hegemoniske posisjonar. Med vår nye fridom i høve til staten har vi vonleg ein betre plattform for å tale profetisk og tydeleg om vårt samfunnsansvar, samstundes som vi erkjenner at mange spørsmål ikkje kan få enkle og eintydige svar, seier han.

– Internt i kyrkja - og kyrkjesamfunna imellom - må vi øve oss i å leve med usemje, i erkjenninga av at vi alle ser stykkevis og delt. Kyrkja er ikkje eit meiningsfellesskap, og vårt felles kristne vitnemål kan få endå større kraft når vi i praksis demonstrerer at det som sameinar oss er sterkare og viktigare enn det som skil, seier Jan Otto Myrseth.