MANGLET KIRKE: I oktober prese
...
MANGLET KIRKE: I oktober presenterte byrådsleder Raymond Johansen Oslos nye byregjering med ei plattform kjemisk fri for kyrkjepolitikk. Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix
Nei, det hadde dei ikkje tenkt på...
Del
Kva er likskapen mellom det nye byrådet 
i Oslo og stortingspolitikarar som vil gjere det enklare 
å skifte juridisk kjønn?

Begge hadde saker og problemstillingar dei ikkje hadde tenkt på...

LES: Hareide til kamp for «norske verdier»

Då det nye byrådet i Oslo frå Arbeiderpartiet, eit nymektig Miljøpartiet Dei Grøne og SV la fram plattforma dei skal styre på dei neste åra, leita vi i Dagen etter kva dei sa om kyrkje og religion.

Nokre dagar tidlegare hadde byrådet i Bergen, utgått frå storebror Arbeiderpartiet og småsøskena KrF og Venstre, lagt fram ei plattform med raus plass til kyrkje, trussamfunn og religion. Dei sikra skulegudstenester og sjukeheimsprestar, midlar til kyrkja og Kirkelig dialogsenter. Dessutan framheva dei frivillig ideell sektor, og der les vi mellom anna Evangeliesenteret og Blå Kors, som ein vinnar.

Vi i Dagen lurte på kva som vart sagt om kyrkje og religion. Svært lite, viste det seg.

Null

I plattforma var ordet klima brukt 39 gonger, sykkel 31 gonger og kyrkje 0 gonger.

SVs Marianne Borgen svarte slik på spørsmålet frå vår journalist i Oslo om at det ikkje står noko om kyrkjepolitikk.

- Nei, det gjør kanskje ikke det eksplisitt...

Så kan ein kanskje seie at kyrkje, tru og trussamfunn klarer seg sjølv om dei ikkje er via plass hos politikarane. Men då forslaget til budsjett vart lagt fram i november, var sjukeheimsprestane kutta. Det var også kraftige kutt i vedlikehald til kyrkjer.

Etter kraftige protestar måtte byregjeringa snu og ta inn att sjukeheimsprestane.

Kjønn

Det var ikkje berre bystyrepolitikane i Oslo som hadde saker og problemstillingar dei ikkje hadde tenkt på.

I haust vart det sendt ut på høyring eit forslag om at det skal vere enklare å skifte juridisk kjønn. Ynskjer ei kvinne å bli mann, skal ho få lov å skifte kjønn på papiret utan å måtte gjere kjønnsskifteoperasjonar. «Utan å måtte bli kastrert», som tilhengjarane av forslaget omtalar det.

Ei vanskeleg sak der regjeringa vil hjelpe menn og kvinner som slit med kjønnsidentitet. Regjeringa sende forslaget på høyring, og fekk mellom anna støtte frå Bioteknologirådet. Dei støtta forslaget om at personar som vil endre juridisk kjønn skal sleppe kjønnsoperasjon. Dei råda også staten til å la desse personane få rett til assistert befruktning.

Det betyr at ei kvinne som endrar juridisk status til mann framleis skal kunne bli gravid og ha krav på hjelp til å bli det.

Då Dagens journalist på Stortinget stilte spørsmålet til Kari Kjønaas Kjos, helsepolitisk talskvinne for Framstegspartiet påå Stortinget, sa ho:

– Vi hadde ikke tenkt på problemstillingene, for å være ærlig, sa ho til Dagen.

Høyringsfristen gjekk ut i november, og debatten om gravide menn blussa opp att i desember.

Å finne det som manglar i aktuelle saker, kan ofte vere ei vel så viktig oppgåve for oss journalistar som å finne det som faktisk står der.

Siste ord i saka om gravide menn er ikkje sagt.