Palestinske protestanter bærer en skadd person etter sammenstøt med israelske sikkerhetsstyrker på Vestbredden 11. november i år. Foto: Jaafar Ashtiyeh, AFP/NTB Scanpix

Fasiten for oktober: 609 overfall

11 personar vart drepen i 609 overfall i Israel i oktober. Det er statistikken frå den israelske sikkerhetstenesta Shin Bet over terrorangrep siste månaden. 80 personar vart skada, og jødar sto for fire av angrepa.

Terrorangrepa fann stad i Jerusalem, på Vestbredden og innanfor Den grønne linja. Blant dei døde var det 10 israelarar og ein utanlandsk statsborgar.

LES: Uro i Abrahams by

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Blant dei moderat eller hardt skada var 26 israelarar. 18 var sivile medan åtte kom frå sikkerhetsstyrken. Fire israelarar var skotne, fem var drepen av skot og knivstikking, og ein var påkøyrd og drepen.

Dei fire overfalla som jødar sto bak, var to eldpåsetjingar av palestinske køyretøy og to knivstikkingar.

Statistikken frå Shin Bet viser at 11 av terrorangrepa skjedde ved Gazagrensa (fire i september), 485 på Vestbredden (151 i september), 117 i Jerusalem (68) i september) og sju i område innanfor Den grøne linja (ingen i september).

Av angrepa i Jerusalem og på Vestbredden var 36 knivstikkingar, 23 skyteepisodar, 58 eksplosjonar, tre påkøyrslar og 482 episodar der det vart kasta Molotov-cocktail. Innanfor Den grøne linja var det seks knivstikkingar og ein skyteepisode.

Same månaden vart over 60 palestinarar drepne og over 1.000 skada i terrorbølgja.

Les også
Knessetmedlem: – Israel er vår tids nazisterKrystallnatten
Les også
Tanker etter Krystallnatten
Les også
Oppskrifter på terror og merking av varerIsrael-korrespondenten
Les også
Uro i Abrahams byHebron
Les også
Trekker på skuldrene av EUs varemerkingVaremerking