STOR VEKST: Abigail Neckemayer (t.h.) bur i den ultraortodokse busettinga Beitar Illit vest for Betlehem, ei av busettingane med størst vekst. Foto: John Solsvik

Busettingane veks raskare enn folketalet

Under Benjamin Netanyahu si regjering har talet på busettarar på Vestbreidda auka med 23 prosent. Det er meir enn dobbel så stor vekst som auken i folketalet i Israel elles.

Frå Benjamin Netanyahu overtok leiinga i Israel i 2009 og fram til byrjinga av 2014 har det jødiske folketalet på Vestbreidda vakse med 23 prosent til 355.993.

Til samanlikning hadde Israel ein auke i folketalet på 9,8 prosent i same perioden og er i dag i overkant av åtte millionar innbyggjarar. Det viser ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå i Israel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det endelege talet for 2014 kjem først i slutten av neste år.

Støttar busettarane

– Tala viser Netanyahus stadige støtte til busettarane, sjølv om han gjentar at han er for ei etablering av ein sjølvstendig palestinsk stat som ein del av ein framtidig fredsavtale, skriv nettstaden Time of Israel.

Sterk vekst

Forsvarsminister Moshe Jaalon ymta frampå i forrige veka at den israelske regjeringa gjerne skulle ha gjort meir for nybygginga, hadde det ikkje vore for det sterke presset frå USA.

Kritikk

Den venstreorienterte menneskerettsgruppa Peace Now likar dårleg dei nye tala for auken i busettarar på Vestbreidda.

– Vi ser ein auke i byggeaktiviteten over heile Vestbreidda. Dette er ein klar indikator på regjeringa sin politikk, sier Lior Amihai i Peace Now.

Bar-Ilan-talen

I ein oppsiktvekkjande tale på Bar Ilan-universitetet i Tel Aviv kort tid etter at han hadde vorte statsminister i 2009, kom Netanyahu med si grensesprengjande erklæring om at han gjekk inn for oppretting av ein palestinsk stat.

Likevel har hans regjering ikkje lagt lokk på bygging i busettingane, med unnatak av ein periode på 10 månader i 2010 for å få fart på fredsforhandlingane. Då tiltaket ikkje førte til konkrete resultat, opna den israelske regjeringa for meir nybygging.

Forhandlingar om ein avtale mellom partane leia av USAs utanriksminister John Kerry braut saman i april i år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Netanyahu har aldri sagt i klare ordelag kvar han meiner grensene skal gå. Han har likevel sagt at Israel må behalda busettings-blokkene, som ligg utanfor «Den grøne linja» frå 1967 og dermed «grensene« frå før Seksdagarskrigen. På den måten kan Israel integrera dei fleste jødiske busettarane utanfro Den grøne linja, og ein unngår flytting av ei stor mengde busettarar som ein del av ein fredsavtale.

Palestinarane har til dels akseptert ei slik løysing dersom det vert kompensert med landområde andre stader (byte av land).

Stor usemje

Det er stor usemje mellom palestinarar og Israel om kva busettingar som Israel bør få integrera ved ein eventulle fredsavtale.

Byen Ariel midt i Samaria med sine 18.000 innbyggjarar er ei slik nøtt som mange israelarar meiner bør høyra til Israel medan den palestinske parten blankt avviser kravet.

Busettarar som ikkje høyrer til dei store «blokkene», utgjer rundt 90.000 menneske som i følge palestinske krav må flyttast til Israel ved oppretting av ein palestinsk stat. Tek ein med Ariel er talet godt over 100.000 som må evakuerast.

Jødiske busettarar

Det var 355.993 jødiske busettarar ved årsskiftet 2014.

Det er ei auke på 23 prosent sidan 2009 i busettingar utanfor «Den grøne linja» i Judea og Samaria.

Veksten i folketalet i Israel sidan 2009 på 9,8 prosent.

Det er ei auke på 23 prosent sidan 2009 i busettingar utanfor «Den grøne linja» i Judea og Samaria.

Les også
«Israel er en av oss»
Les også
Dårlige utsikter til fred i Jerusalem
Les også
Deilig er jorden?
Les også
Nye forhandlinger i Midtøsten i det blå