– Fjordman sender folk i armane på IS

Peder Are Nøstvold Jensen, alias Fjordman, er «ekstrem», meiner leiar i justiskomiteen Hadia Tajik (Ap).

Hadia Tajik leste intervjuet i gårsdagens Dagen med Peder Are Nøstvold Jensen der han tek til orde for å nekte muslimar tilgang til Europa. Menneskerettane vil han setje til side for å kunne nekte muslimar rett til å søkje asyl i Europa, fordi han meiner dei er ein trussel mot tryggleiken.

«Ekstremt», seierHadia Tajik, som er nestleiar iArbeidarpartiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg spør meg sjølv kva han ynskjer å oppnå når han seier at alle muslimar skal stengjast ute frå Europa. Er det fordi han trur vi slik kan unngå terror? Han risikerer å auke oppslutninga om militantislamisme ved å sende personar rett i fanget på dei. Han risikerer å gjeIS rett i at det pågår ein kamp mellom muslimar og Europa. Ved å berre gje menneskerettane til einskilde gruppe av menneske, og på den måten seie at somme menneske er meir verd enn andre, kjem han med utsegner som likner på det IS står for, seier Tajik.

Les også:Fjordman: – Jeg er agnostiker

– Går IS sitt ærend

– Kva meiner du med at han risikerer å sende personar i fanget på IS?

– Det han seier er ei ekstrem marginalisering av absolutt alle muslimar. Det har potensial til at fleire blir radikaliserte, seier Tajik.

– Går han IS sitt ærend?

– Ja, det gjer han.

– Sjølv meiner han at han gjer det motsette, han vil redde Europa?

– Vi er grunnleggjande usamde om kva som er kjernen i konflikten her. Kjernen i konflikten er ikkje Europa motislam. Kjernen erdemokrati ogytringsfridom på den eine sida mot ekstreme haldningar, anten det er militante islamistar eller høgreekstreme, på den andre sida. Det er våre europeiske verdiar som einskilde ekstreme, både innanfor og utanfor Europa, forsøker å svekke. Han plasserer seg på lag med de ekstreme, seier Tajik.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les ogsåVebjørn Selbekks kommentar: Fjordmannen og vi andre

Skilje på religion

Ho reagerer også sterkt på at han vil ta menneskerettar frå personar på grunnlag av religion i det han vil nekte muslimar å søkje asyl i Europa.

– Det verkar som om han meiner at blanding av religionar er vederstyggeleg. Det er eg ikkje samd i. Eit svært stort fleirtal av muslimar, kristne, jødar og ikkje-truande lever godt saman. Eg sjølv snakkar godt med dei som har andre overtydingar. Samfunnet vert betre av mangfald og av at ulike synspunkt bryner seg mot kvarandre, så lenge spelereglane for samfunnet vert haldne, seier Tajik, som sjølv er muslim.

Les også:Fjordman stiller spørsmål ved dommen mot Breivik

Støttar stipendet

Jensen fekk tildelt stipend på 75.000 kroner frå stiftingaFritt Ord i 2013 for å skrive boka. Tildelinga utløyste kraftig offentlig debatt.

Den gangen var Tajik kulturminister i Regjeringa Stoltenberg og forsvarte tildelinga. I ein kronikk i VG skreiv ho: «Det jeg frykter mest, er ikke meningene til Peder Nøstvold Jensen aliasFjordman. Det er vår egen utilstrekkelighet til å imøtegå dem. Derfor støtter jeg Fritt Ords pengestøtte til bloggeren».

Ho var ikkje uroleg for at stipendet løfta Jensen inn i det gode selskap, slik kritikarane hevda. «Fritt Ord inviterer oss, det gode selskap, til å skjerpe argumentasjonen mot ekstremisme og hatretorikk. Den invitasjonen bør vi ta. Evnen til å gå i rette med antidemokrater er vår demokratiske beredskap», skreiv ho.

Etter å ha lese intervjuet med Jensen, meiner ho framleis at det var riktig å gje han stipend til boka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Han meiner det same no som han meinte før. Formålet med å støtte ei tildeling var å få fram standpunkta hans. Difor meiner eg det er bra når han no gjev ut bok og let seg intervjue, og eg inviterer andre til å ta til motmæle. Det er ein viktig del av den offentlege samtalen, seier Tajik.

– Nokon vil meine at han ikkje bør få kome til orde i avisintervju?

– Det er eg ikkje samd i. Det han seier er ekstremt, men det er framleis politisk og ein del av ytringsfridomen.

Nøstvold Jensen er overtydd om at stadig fleire nordmenn støttar hans synspunkt. Tajik er usamd.

– Nedslagsfeltet hans er veldig avgrensa. Dei aller fleste vil vere usamde, samstundes trur eg ikkje vi skal undervurdere den gjennomslagskrafta synspunkta kan ha hjå einskilde. Men eg trur at sjølv om einskilde i lys av terroråtaka i Paris kan vere urolege for militant islamisme, vil dei same heldigvis ikkje utan vidare vere samde i at alle muslimar er potensielle terroristar.

- I retning av fascisme

Historikar i tenketankenCivita,Bård Larsen, er samd med Tajik i at synspunkta til Nøstvold Jensen er ekstreme.

– Å ville dumpe menneskerettane og nekte muslimar å søkje asyl, gjer at han går seg i retning av ein fascistisk ideologi, seier Larsen, som har gjeve ut bok om totalitære ideologar.

– Kva er fascistisk i det Nøstvold Jensen seier?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Han vil skape eit nasjonalt fellesskap der demokrati og menneskerettsprinsipp ikkje gjeld. Han seier ikkje noko om styreform, men implisitt ligg det eit fascistisk gen når han går inn i den demokratiske strukturen og vil endre på den. Han vil ha eit nasjonalt felleskap der ein ekskluderer menneske på bakgrunn av tru.

Larsen trur Nøstvold Jensen har rett i at stadig fleire støttar synspunkta hans.

– Eg trur han har rett i at det er ei veksande skepsis til immigrasjon. Han kan oppfatte støtte i sosiale medier og kommentarfelt. Mykje er ureflektert, men vi skal ikkje undervurdere at fascistiske rørsler tek til å røre på seg i Europa, seier Larsen.

Avviser kritikken

Peder Are Nøstvold Jensen, meir kjent som Fjordman, svarer på kritikken fra Tajik og Larsen på e-post.

– Har du forståing for Tajiks resonnement om at du risikerer å sende folk i armane på IS fordi du marginaliserer ei heil gruppe?

«Hadia Tajik tar feil. Det som sender et skremmende stort antall mennesker i armene på de barbariske massemorderne fra Den islamske staten (IS) er islamsk lære, Koranen og Muhammeds morderiske personlige eksempel (sunna). Voldelig jihad er en integrert del av islams kjerne. Så lenge vi importerer islam hit er det uunngåelig at vi også importerer voldelige jihadister og islamske terrorister hit», skriv Nøstvold Jensen til Dagen.

– Islam er fascistisk

Bård Larsen seier at Nøstvold Jensens ynske om å dumpe menneskerettane og nekte muslimar å søkje asyl, gjer at han går i retning av ein fascistisk ideologi. Det avviser Nøstvold Jensen.

«Bård Larsen ser ikke ut til å forstå at «islam» betyr «underkastelse», et fascistisk konsept. Den uten sammenligning største og farligste fascistiske bevegelsen i dagens Europa har en islamsk drakt. Islam i seg selv har klart fascistiske og totalitære trekk. De som promoterer fascistiske og totalitære bevegelser i Europa nå er dermed de som støtter muslimsk innvandring. Det som truer vår demokratiske styreform er udemokratiske overnasjonale organisasjoner som EU og FN», skriv Nøstvold Jensen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han gjentek, som han gjorde i intervjuet med Dagen tidlegare denne veka, at muslimsk innvandring i eikvar form, utgjer eit klart trugsmål mot tryggleiken og difor bør suspenderast i alle vestlege land. Det betyr at FNs flyktningkonvensjon må seiast opp, dagens asylsystem må avviklast, Schengen-avtalen og EØS-avtaler må seiast opp, ifølgje Nøstvold Jensen.

«Avtaler eller internasjonale konvensjoner som forhindrer oss fra å ha effektiv kontroll over våre egne grenser bør reforhandles eller sies opp», skriv han.

 

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.