Indremisjonsleiar open for valmenighet i kyrkja

Nyvalgt formann Odd Asbjørn Nybø i Indremisjonsforbundet er open for å samarbeide med Den norske kyrkje om valgmenigheter.

Før Nybøvart valt av generalforsamlinga på Borgund ved Ålesund torsdag, hadde han markert seg som den mest kyrkjekritiske av dei to kandidatane.

Etter valet seier han til Dagen at han ynskjer å framheve ImF Trussamfunn enda meir.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Folk som er i tvil og høyrer til i våre samanhenger vil eg gjerne gje eit puff til å melde seg inn iImF Trussamfunn. Og då må dei ut av kyrkja først, seier Nybø.

– For å byggje eit sterkt bedehusarbeid er det viktig at ein er med der heilt og fullt.

Les også:Kyrkjetopp vil ha dialog med indremisjon

Håper trussamfunnet veks

ImF Trussamfunn vart oppretta i 2009 etter ein debatt i organisasjonen der det vart understreka at det skulle vere eit register utan noko særleg form for aktivitet. Nybø ser føre seg at det kan bli annleis.

– Eg håper det kan bli noko større. Det har vore ei modningstid.

Trussamfunnet har over 600 medlemer no, og Nybø håper på mellom 1000 og 1500 medlemer om to til tre år.

Les også:Håper på brudd med Den norske kirke

Valgmenighet

Den norske kyrkja har ei ordning for valgmenigheter, men i dag er det berre ein valgmenighet, som er Bymenigheten i Sandnes. Nybø er open for at det kan vere ei løysing.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– IDanmark har ein fått til ei god ordning. Det måtte gjerne kome her i landet også. Det er kanskje ein del av våre medlemmer som ikkje har lyst å forlate kyrkja, og det kunne vore ein heim for dei. Det må vi vere opne for.

Til no har det vore krav frå Den norske kyrkja at valgmenigheter må ha tilsyn frå den lokale biskopen. Det er uaktuelt for Nybø.

– Det er ei dårleg løysing. Ein må klare å framskaffe andre løysingar på det, seier Nybø.

Les også:Trur bedehus vil bli nedlagte

Biskop vil ha dialog

– Er du interessert i samtalar med indremisjonen om valgmenigheter, biskop Halvor Nordhaug?

– Det seier eg eit eintydig ja til. Det er ei ordning i Den norske kyrkje der dei som ynskjer det kan opprette ein menighet. Då kan ein behalde tilknyting til Den norske kyrkje og få den grada av fridom og sjølvstende som måtte liggje i ein valgmenighet. Kva dette inneber, må ein snakke om.

– Vil du gå i dialog med Indremisjonsforbundet for å utvikle konseptet med dei?

– Eg er open for samtale med Indremisjonsforbundet og andre som ynskjer å danne menighet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I fleire bispedøme

– Men må ein valgmenighet underleggjast tilsyn frå biskopen?

– Ein kvar menighet må ha ein relasjon til fellesskapet. Viss ikkje, blir ein lukka inne i ei boble. Det må være ei relasjon til biskopen. Men det kan hende at det er eit overdrive syn på kva eit tilsyn her. Det er viktig å snakke om kva som ligg i biskopens tilsyn.

– Må tilsynet være frå den geografiske biskopen der menigheten ligg, eller kan ein velje ein annan biskop?

– Bispemøtet har vedteke at det ikkje skal opprettast ordningar med kryssande tilsynslinjer. Ein må forhalde seg geografisk til den biskopen ein har. Men det kan oppstå situasjonar der valmenigheter spenner om meir enn eitt bispedømme.

– Kan du utdjupe det?

– En hypotetisk situasjon er at ein menighet har møte vekselsvis i Nordfjordeid og Volda. Da må biskopane snakke saman, seier Nordhaug.

Nordfjordeid ligg iBjørgvin bispedøme, medanVolda ligg iMøre bispedømme.

– Betyr det at du er open for dialog om ulike innretningar på tilsynet?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det må være ein relasjon til kyrkja og ei form for tilsyn, understrekar biskopen. – Viss ein vil vere ein valmenighet i Den norske kyrkja, men late som denne kyrkja ikkje finnest, kan ein like godt lage frikyrkjer.