Frå mange bedehus til få forsamlingar

Dagleg leiar Marit 
Hårklau Ådnanes trur fleire bedehus 
blir nedlagt og slått saman dei neste åra. 
– Det kan bli positivt, seier ho.

Det duskregnar når dagleg leiarMarit Hårklau Ådnanes iIndremisjonssamskipnaden går langs vegen ut av Leirvik sentrum på Stord og kryssar over vegen framfor bedehus. Skodda ligg tett ned mot den kvitmåla kyrkja eit par hundre meter lenger borte.

No er det sommarstille på bedehuset, men inne er i den romslege foajeen fortel ein flatskjerm om aktivitetar kvar dag heile veka elles i året.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bedehuset her er organisert på same måte som mange andre stader: Mange organisasjonar deler på huset. Her er det ei stifting som eig bedehuset med fem organisasjonar i ryggen. Indremisjonen åleine har fem barne- og ungdomslag på dette bedehuset.

Deler bedehus

Vi er midt i tjukkaste indremisjonsland. Det tradisjonelle arbeidet har endra seg dei siste tiåra frå at folk gjekk i kyrkja på søndagen og var på bedehuset resten av veka. No ser stadig fleire på bedehuset som sin forsamling eller kyrkjelyd.

Men det fører også til utfordringar når dei i årevis har delt bedehus: Skal det vere to eller tre forsamlingar i eitt bedehus? Eller skal dei slå seg saman? Mange stader er det dei same folka som går på møta. Kva organisasjon skal dei då tilhøyre?

Tilrår éin organisasjon

BådeIndremisjonsforbundet,Misjonssambandet ogNormisjon har vedteke å satse forsamlingar og har saman laga eit refleksjonsnotat der dei drøfter ulike samarbeidsformer på bedehuset. Dei konstaterer at det er teologiske nyanser og mangfald i og mellom organisasjonane. Dei skisserer seks ulike modeller for samarbeid (sjå sidesak), men tilråder ein av dei: Å gå saman i ei forsamling og vere tilknytt ein organisasjon. Notatet skal drøftast påIndremisjonsforbundets generalforsamling i Ålesund i helga.

– Eg er samd i at det må vere ein organisasjon, elles kan det bli mykje surr, seier Ådnanes.

– Er det ein modell som kan brukast på alle bedehus?

– Nei, men det blir fort komplisert viss ein skal forhalde seg til fleire organisasjonar i ei forsamling. Men no er vår eigen Samnanger Misjonsforsamling innmeld i to organisasjonar, og dermed eit bevis på at dette fint kan gå an, seier ho.

– Korleis skal ein då fordele kva organisasjon som skal få kva bedehus?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er nettopp slike spørsmål som gjer sakene krevjande å gå inn i. Eg kan forstå at mange ikkje orkar det og heller vel å halde på som ein alltid har gjort. Men eg trur ein må setje ned lokale komitéar som snakkar godt saman.

Ein basar i året

Indremisjonssamskipnaden (IMS) er ein av ti krinsar i Indremisjonsforbundet. Berre her er det 100 bedehus. Ei rekkje stadar står dei nesten heilt tomme.

– Kanskje er det berre ein basar i året for å dekke utgifter til straum og vedlikehaldsutgifter. Ein skal ikkje sjå smått på det, for då kjem bygdefolket og får høyre Guds ord og relasjonar vert knytte. Når eg møter små flokkar og ser brannen dei har for folk i bygda, vert eg imponert og audmjuk, seier Ådnanes.

Andre stader er det stor og aukande aktivitet på bedehusa, som her i Leirvik.

Vi går inn i den nyoppussa møtesalen med slagverk på den breie plattforma. Bak i salen står miksepulten. Ein stor gullfarga kross er blikkfanget bak plattforma.

Her på Stord er indremisjonen til stades på tre bedehus ikkje langt frå kvarandre: Leirvik, Horneland og Sagvåg. No jobbar ei gruppe med å vurdere om dei tre bedehusa skal slåast saman.

Redd for å støyte

I fleire bedehus i Indremisjonssamskipnaden er det unge familiar som ynskjer dei å byggje opp ei forsamling på det lokale bedehuset. Forsamlingar har allereie vakse fram på Voss og i Samnanger. I Samnanger er forsamlinga medlem både i IMS og i Misjonssambandet. Fleire stadar veks arbeidet i retning av forsamlingar, men dei er ikkje formelt registrerte som forsamlingar. I mai var det for første gong dåp på bedehuset på Horneland på Stord. På Halsnøy har to foreiningar slått seg saman og er i en prosess med å kjøpe nytt bedehus.

Ådnanes løyner ikkje at det er ei utfordring med endringane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Unge familiar vil ha alt på ein plass, men er redde for å støyte eldre eller kyrkja. Det er store utfordringar, men vi må gå inn i dei viss vi vil ha vekst, seier ho.

Konfirmasjon

Indremisjonsforbundet snakkar lite om «menigheter», men byggjer i praksis opp forsamlingar som er til forveksling like fullverdige menigheter med dåp. Dei vert omtala som forsamlingar eller foreiningar.

Fire tilsette i Indremisjonsforbundet er blitt eller er i ferd med å bli sertifiserte som menighetsutviklarar i regi av «Naturlig menighetsutvikling» for å hjelpe til med oppbygginga. Ådnanes er ei av dei.

– Kvar generasjon har ansvar for neste generasjon. Nokre stader møter vi framleis møte- og songstil som vi hadde for 50 år sidan. Då må ein spørje: Er dette framleis aktuelt? Er forkynninga livsnær? Det er lett å drive i same tralt som ein alltid har gjort.

Truleg vil IMS tilby konfirmasjonsundervisning frå neste haust.

– Vi har fått konkrete spørsmål frå folk som har meldt seg ut av kyrkja, seier Ådnanes.

– Kyrkjevenleg

Utanfor bedehuset køyrer bilar på våt veg forbi bedehuset og vidare forbi kyrkja. Ådnanes bur sjølv i bygda Gilje på Bømlo der det er tett forhold mellom kyrkja og bedehuset. Ho snakkar varmt om prestane på øya medan ho går tilbake mot IMS sitt kontor i Leirvik sentrum.

– Du snakkar mykje om forsamlingsbygging, men lite om forholdet til Den norske kyrkja. Korleis er det?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– IMS er kjent for å vere ein sjølvstendig og kyrkjevenleg krins. Vi har mange flotte prestar som står på Guds ord. Men no har fleire i bedehusa meldt seg ut. Då tvingar det seg fram nye måtar å jobbe på for oss.

– Korleis ser IMS ut om ti år?

– Vi har fleire nedlagte bedehus. Viss det betyr at dei har slått seg saman, er det bra. Eg håper vi har fleire enn dagens 66 barne- og ungdomslag. Og eg håper vi har mange livskraftige forsamlingar.

– Og korleis vil forholdet tilDen norske kyrkja vere?

– Mange stadar trur eg det vil være eit nært og godt samarbeid, men det er også fleire forsamlingar som har lausrive seg.