MISTENKT: Ordførar Bergliot Gaukhei (midten) blei under kommunestyremøtet beskulda for å ha valt side i striden mellom geitebøndene i Krykkjebakkdalen. Sokneprest Theobald Glad frå Søndagspartiet (SP) fann det mistenkeleg at Bergliot serverte vørterbrødskiver med rund geitost ved opninga av møtet.

Korrupsjonsmistanke mot ny ordførar

Bergliot Gaukhei hamna i trøbbel etter påstandar om at ferien hennar var betalt av konfliktglad geitebonde i Krykkjebakkdalen.

Krykkjebakkposten 3. oktober 2015

Bergliot Gaukhei og mannen ­Gunnar har ikkje for vane å reisa på ferie, men to dagar etter kommunvalet gjorde dei eit unntak.

– Kvifor? Og kven betalte? spør opposisjonen i kommunestyret.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det nye kommunestyret hadde knapt konstituert seg før dei ni representantane fekk ei gloheit potet i fanget. Er ordføraren fleirtalet samla seg om i røynda ein korrupt politikar, kjøpt og betalt av lokale geitebønder som ligg i strid med naboane sine?

Konflikt

Krykkjebakkdalen var lenge ein fredens plett. Dei fire geitebøndene arbeidde godt saman i Geiteavlslaget og i soknerådet. Men i fjor kom det til bitter konflikt, og Klauvleif Smørklepp braut ut og stifta Krykkjebakkdalen Nye Geitavlslag (KNG). Det skjedde etter at to andre geitebønder gjekk over til å produsera firkanta i staden for tradisjonelle runde geitostar.

Så langt har striden vore lokal, men dimensjonane blir større når det fell mistanke om uheldige bindingar mellom prinsippfaste geitebønder og ein påtroppande ordførar. På kommunestyremøtet gjekk Leif O. Nielsen frå Ordførarkjedelista (OL) til frontalåtak på ordføraren. Han ba om forklaring på at Bergliot og mannen Gunnar oppheld seg fire dagar på stølen til Klauvleif Smørklepp og spurde rett ut:

– Kven betalte dieselen de brukte for å koma dykk opp dei bratte kleivane til Krykkjebakkdalstølen?

Kardangen rauk

Framstein Famlebust frå Israels Vener gjekk lenger:

– Eg har høyrt rykte om at kardangen rauk på veg nedatt og at Klauvleif tok kostnadane med reparasjon, fortalde han.

Sokneprest Theobald Glad frå Søndagspartiet (SP) gløymde ein augneblink at han tilhøyrer blokka som støttar ordføraren og fann det mistenkeleg at Bergliot serverte vørterbrødskiver med geitost ved opninga av møtet.

– Rund geitost, la han til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Har ordføreren teke stilling i striden mellom geitebøndene i Krykkjebakkdalen?

– Liten geitost

MISTENKT: Ordførar Bergliot Gaukhei (midten) blei under kommunestyremøtet beskulda for å ha valt side i striden mellom geitebøndene i Krykkjebakkdalen. Sokneprest Theobald Glad frå Søndagspartiet (SP) fann det mistenkeleg at Bergliot serverte vørterbrødskiver med rund geitost ved opninga av møtet.

Han tilhøyrer i prinsippet opposisjonen, men sa med oppglødd røyst:

– Kva betyr vel formen på ein liten geitost når me endeleg har fått ei gamaldags husmor til ordførar?

Vakna og røysta

Fleire av medlemmene i kommunestyret var nær ved å sovna då motorinteresserte Leif O. Nielsen tok ordet og held eit halvtimes føredrag om kardangens historie.

– Visste de at forløparen til mellomakslingen kan sporast heilt tilbake til oppfinnaren Cardano, som levde i Italia på 1500-talet? spurde ein begeistra kommunestyrerepresentant.

Då forsamlinga omsider vakna like over midnatt, vart det det med seks mot tre røyster vedteke at Bergliot Gaukhei ikkje er korrupt. I ein merknad til vedtaket blir Gunnar Gaukhei likevel ­beden om å framskaffa bilag på at han sjølv har betalt for reparasjonen av ­kardangen.

Krykkjebakkposten

Humorside med skråblikk.

Følg Krykkjebakkposten på Facebook!

Hver lørdag i papirutgaven av avisen Dagen.

På nett: Krykkjebakkposten.no

Og følg oss på Twitter!

-----------------------------------------------------------------------

Har du tips eller innspill til saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om? Send oss en e-post: redaksjonen@dagen.no

Les også
Sabotasje mot brødskjeremaskinaKrykkjebakkposten
Les også
Lettare kaotisk situasjon etter historisk kommunevalKrykkjebakkposten