Olaf Aagedal
Olaf Aagedal Foto: KIFO
Nyanserer påstand om avkristning
Del
Religionssosiolog Olaf Aagedal meiner presisjonen i analysen til Ottar Myrseth kjem an på korleis ein definerer det å vere kristen.

– Han har rett i at dåpstala går ned og at mange kristne organisasjonar har søkkjande oppslutnad. Samanlikna med Sverige er likevel konfirmasjonstala ganske høge. Satsinga på trusopplæring gir også grunn til å tru at mange born og unge kjem i kontakt med kyrkja på ein eller annan måte, seier Aagedal.

Han arbeider som forskar ved Stiftelsen Kirkeforskning og har skrive doktorgradsavhandling om bedehuskulturen.

Les også: Vinkar farvel til siste kristne generasjon

Ettersekulær periode

Den fleirkulturelle og fleirreligiøse situasjonen er ikkje nødvendigvis berre negativ for kyrkja, ifølge Aagedal.

– Det er blitt meir medvit rundt å snakke om religion, tenkje på religion og ta stilling til religion. Nokre har snakka om at vi går over frå ein sekulær periode til ein ettersekulær periode, seier Aagedal.

 

Forskjellige kriterium

Når Myrseth skriv om den siste kristne generasjonen, meiner Aagedal det er avhengig av kva kriterium ein legg til grunn.

– Han tenkjer kanskje mest på omvendingskristen eller personleg kristen i den forstand at ein hadde hatt ei medviten omvending eller har teke eit bestemt val. Det er klart at det er mange innanfor folkekyrkja som ikkje har teke det valet, men likevel vil kalle seg kristne, seier han.

Forskaren er samd i at det er skjedd store endringar i synet på samlivsetiske spørsmål, men trur mange ikkje vil tilleggje dette så stor vekt som Myrseth gjer.

– Nokre vil seie at i høve til kyrkjas kontaktflate er det ein fordel at det ikkje er slike spørsmål som med ein gong kjem opp når ein vil snakke om kva det er å vere kristen, seier han.

 

Rom for erfaringar

Med endringar i livsynslandskapet ser han også rom for uventa trendar.

– I norsk kyrkjelydsliv dyrkar ein meir kjensler og oppleving i høve til religion, gjennom liturgi og så vidare. I mange statskyrkjelydar ville ein kanskje verte forskrekka dersom folk seier at dei er blitt frelste under ei gudsteneste. Dei har heller snakka om at folk er meir eller mindre aktive. Men eg trur vi kjem til å sjå meir og meir av slike erfaringar, seier Aagedal.

For dei lågkyrkjelege rørslene, som Myrseth også utfordrar, ser Aagedal fleire mogelege strategiar i ei ny tid.

Brennande sjeler

– Ein strategi er jo å tenkje i retning av at det gjeld ikkje å senke lista. Ein kan halde fast på at det å vere kristen krev noko, at ein er annleis, har kunnskap og er tydeleg i høve til omgivnadene. Tanken er at nokre brennande sjeler må føre denne arven vidare, seier han.

Her trur han Myrseth og andre kan verte urolege over at færre identifiserer seg med ei slik form for kristen tru. Aagedal registrerer også at nokre kristne med bedehusbakgrunn har lita tru på å prioritere leiaroppgåver innanfor trusopplæring i Den norske kyrkja.

– Dei synest siktemåla vert for diffuse og spør seg om ein eigentleg jobbar mot same mål, seier han.

Lågterskeltradisjon

På den andre sida påpeikar Aagedal at det er lang tradisjon for lågterskeltilbod i bedehusa, ikkje minst i ungdomsarbeid.

– Det finst aktivitetsbedehus som liknad på arbeidskyrkjene, der ein gir rom for at det er mange forskjellige måtar å vere med i eit bedehusmiljø. Du kan vere innanfor utan å verte avkravd ei tydeleg vedkjenning eller dregen i retning av å ta eit klart standpunkt, seier han.

 

 

livssyn,religion,bedehus,stiftelsen kirkeforskning,kirken,trosopplæring,konfirmasjon,norge,sverige,dåp,kristen,Ottar Myrseth,analyse,olaf aagedal,avkristning,den norske kirke,kristen tro,sekularisering