KORS-DEBATT: Dag Sandslett viser fram korset tatovert­ på armen. Han er også mannen bak Facebook-gruppa som oppstod etter at ein NRK-medarbeider ble nektet å bere kors i nyhets­sendingene. Foto: Dagen arkiv

– Folk skriv berre si meining

Mannen bak Facebook-gruppa «Ja til å bære korset hvor og når jeg vil» er skeptisk til grupperinga frå forskar Mona Abdel-Fadil. Men han seier samtidig at ho står fritt til å meine det ho vil.

– Men ho utelet ei gruppe­, og det er gjenfødde kristne med ­Jesus i sentrum, sier Dan Sandslett, grunnleggar av ­Facebook-gruppa.

– Dei er ikkje nødvendigvis konservative, meiner Sandslett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

KORS-DEBATT: Dag Sandslett viser fram korset tatovert­ på armen. Han er også mannen bak Facebook-gruppa som oppstod etter at ein NRK-medarbeider ble nektet å bere kors i nyhets­sendingene. Foto: Dagen arkiv

– Stort sett engasjerer folk seg ikkje for å krangle. Dei skriv si meining. At det kan utarta til ein krangel er opp til auget som ser og hjernen som oppfattar. Det gjeld og forskarar.

Sandslett starta gruppa fordi han meiner samfunnet grip inn i enkeltes utøving av tru.

– Det er religionsfridom i Norge, ingen skal trykkast ned på bekostning av andre. Eg synes det var eit grovt overtramp å nekte ein tilsett å vise korset sitt på statskanalen.

– Kva slags funksjon meiner du gruppa har?

– Funksjonen er å bevisstgjere kristne til å engasjere seg for si tru på Jesus og Den heile andes kraft.

Les også
Korsnekt ga idéen til ny barnebok
Les også
NRK klages inn til Likestillingsombudet for religiøs diskriminering
Les også
Korsets symbolkraft
Les også
Skal forske på NRK-anker Sællmanns korsnekt
Les også
Kjensler i kok i korsnekt-gruppe på Facebook