Byen der nesten ingen melder seg ut av kyrkja

Bodø utmerkar seg som ein plass i landet der få melder seg ut av Den norske kyrkja.

SidanDen norske kyrkje innførte digital inn- og utmelding for medlemmer i midten av august, gjekk medlemstalet ned med meir enn 25 000. Det er nesten dobbelt så mange som innbyggjarane i Hønefoss. Fråfallet er sentrert rundt menn i Oslo. Bodø utmerkar seg som ein plass i landet der få melder seg ut av Den norske kyrkja.

Kyrkjeverge Tom Solli i Bodø seier til avisa Bodø Nu at det ikkje kan være snakk om meir enn 10-20 stykker. Solli trur at ein av grunnane til dette kan være at innbyggjarane har knytta sterke band til kyrkjemusikktradisjonane i byen. Både barnekor og konsertar har lenge vore ein del av kyrkjemiljøet. Sokneprest og domprost Kyrre Kolvik er einig.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Gode kulturopplevinger er det mange fleire enn dei som skriv under på truvedkjenninga som er opptekne av, seier Kolvik til Bodø Nu.

Tala blei lagt ut av Den norske kyrkja 1. september, og nye oppdaterte tal kjem på måndag.

Den kjende artistenHalvdan Sivertsen frå Bodø meiner at kyrkja i byen er og har vore svært opne og inkluderande, både kulturelt og teologisk. På denne måten har dei unngått kritikk frå andre enn konservative kristne, ifølgje Sivertsen.

– Kyrkjebygga har vore ein stad med mykje kulturopplevinger, arrangert både av kyrkja sjølve og andre, seier han.

Det er ikkje berre kyrkja si sosiale og kulturelle plassering som trekk folk, meiner Sivertsen.

Også engasjementet hennar i samfunnsaktuelle debattar bidrar til at mange tenker varmt om henne.

– Ikkje minst biskopTor B. Jørgensens heftige og uslitelege engasjement i disse sakane har begeistra mange, og provosert enkelte. Fungerande domprost Kolvik viderefører på ein flott og engasjert måte mange av dei same verdiane. Eg trur dette er ein del av forklaringa.