ETISK BEVISSTE: Bioteknologirå
...
ETISK BEVISSTE: Bioteknologirådet tar menneskeverdet på alvor, opplever rådsmedlem og MF-professor Gunnar Heiene. Her fra statsråd Bent Høies besøk i Bioteknologirådet før sommeren. Leder Kristin Halvorsen i midten. Foto: Silje Rognsvåg
Liv og død og sånn
Del
Kven skal ha rett til å få barn? Kven kan teste genane dine? Og vil vi kunne designe barna våre?

Ny regjering, nytt år, ny bioteknologinemnd. Eller Bioteknologirådet som det heitte frå sommaren av.

Etter 2013-årets smådramatiske interne kampar om bioteknologi i den raudgrøne regjeringa, gjekk Senterpartiet av med sigeren. Dei stansa screening etter Downs syndrom på alle barn. Men nye utfordringar stod i kø på nyåret.

Lova om bioteknologi skal evaluerast frå 2015, og rådet har hatt som oppgåve å skape debattar om og vurdere alt frå testing av sjukdomar på foster til genmodifisert mat.

Verdispørsmåla stiller seg på rekkje og rad når det kjem til kva ein tukle med når liv og teknologi kryssar einannans spor.

Anonyme donorar av sæd og egg? Surrogati? Skal einslege ha rett til å få barn? Kva er barns beste?

Alana har en mor – og en donormor  

Etisk medviten

Eks-dronning i Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen , får jobben som leiar for det nye rådet, ein gjeng med forskarar, overlegar, professorar og «Ingen Grenser»-kjendis og idrettsstjerne Birgit Skarstein .

Halvorsen slår tidleg fast, over ein kopp svart kaffi vi tek på Baker Hansen, at screening av små fostre «er vi lite tent med som samfunn».

Det skjer tidleg i januar, før hennar første møte med det nye rådet. Eg er også tilstades på samlinga, med tjukke snøfall og lunsj på eit hotell i Asker utanfor Oslo.

Med ein leiar som er skeptisk til jakt på avvik, har rådet ein etisk svært medviten leiar. Eit godt utgangspunkt for dei djupe debattane.

Kursar kyrkja

Sædvask , assistert befrukting og syntetisk biologi. Blodtest av foster. «Reduksjon» av tvilling- eller trillingfoster .

Før sommaren vitjar helseminister Bent Høie (H) Bioteknologirådet og gir dei si velsigning i arbeidet. Ved langbordet finn ein professor frå Menighetsfakultetet og ein fagsjef i Human-Etisk Forbund tonen. Dei lovar å skape forum for etiske debattar både mellom kristne og ateistar.

Dei får til og med biskopane til å setje seg på skulebenken denne hausten for å lære om bioteknologi.

Biskopene med bioteknologi på timeplanen  

– Det er viktig for oss å bli oppdatert på feltet. Dette er eit komplisert område, men det er viktig at Kyrkja er med i samtalen, seier preses Helga Haugland Byfuglien etterpå.

Dropper gensnoking

Rådet samlast innimellom i løpet av året. Med lukka dører, så dei får diskutere fritt og i fred. Stundom kjem dei med vedtak og råd om kva Noreg bør gjere eller ikkje gjere.

Til dømes finn rådet ut at såkalla gensnoking burde vere forbode. Altså at svigermor ikkje bør få sende inn eit hårstrå av svigersonen til gentesting for å sjekke om han faktisk er far til barnebarnet.

I oktober tek helsepolitikarar på Stortinget til orde for å diskutere grunnleggande etiske verdiar før enkeltsakar kjem på deira bord. Og halde abort utanfor.

– No er det debatt om kva grenser vi eigentleg skal setje på kunnskapen vi har. Kor langt skal ein gå, spør Kristin Ørmen Johnsen i Høgre .

Debattane om teknologiens grenser er bare så vidt i gang.

Søker grenser for gentester og blodprøvefakta