Møtte biskop etter omstridt homovedtak

Onsdag hadde soknepresten Peter Rikard Johansen og 20-25 andre prestar møte med biskop Halvor Nordhaug.

I eit tre timar langt møte iSt. Jakob kyrkje i Bergen sentrum kom prestar frå både Sogn og Fjordane og Hordaland. På dagsorden stod det eitt tema: Situasjonen etterdet omstridde kyrkjemøtevedtaket tidlegare i månaden som opnar for at homofile og lesbiske par kan bli vigde.

Prestane er mellom dei 273 som har signert«Erklæring om den kirkelige situasjonen» der dei ber om ei rekkje avklaringar om kva rom det vil vere for prestar med det klassiske ekteskapssynet framover.Biskop Nordhaug svarte med å invitere til møte. Til stades på møtet var også seks prostar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les erklæringa fråher

Vurderer framleis å slutte

Peter Rikard Johansen, sokneprest i Tveit på Askøy,sa til Dagen like etter kyrkjemøtevedtaket at han var usikker på framtida si som prest. Møtet endra ikkje på utryggleiken.

– Nei, men det forventa eg heller ikkje. Dette møtet er eit steg på vegen. Vi har fått snakka og møte kollegaer i same situasjon og lytta til kva dei seier og tenkjer. Noko konklusjon kom det ikkje ut av dette for min del.

– Betyr det at du framleis vurderer å slutte som prest?

– Ja. Nokre dagar gjev arbeidet meining og lyst til å halde på vidare. Andre dagar er det frustrasjon, seier Johansen.

Valkyrkjelydar var eit tema på møtet med biskopen. Det vil gjerne Johansen ha meir informasjon om.

– Det er interessant. Det har eg høyrt lite om, seier han.

Johansen understrekar at det er store variasjonar internt i gruppa av prestar som møtte biskopen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Nokon er nær ved å seie opp stillinga si. Andre er langt frå å gjere det, seier han.

På møtet var det berre to kvinner tilstades. Johansen seier at han veit om fleire kvinner som kunne ha vore der.

– Eg skulle ynskje det var fleire. Viss det ser ut til at det berre er gamle og berre er menn som er opptekne av saka, devaluerer det saka, seier han.

Les innlegg frå soknepresten i landets einaste valkyrkjelyd

Uroleg for 
konfirmantar

Etter møtet snakka sokneprestSverre Langeland i Sandviken i Bergen med biskopen på tomannshand. Då Dagen snakka med Langeland like etterpå, var han oppteken av å skape rom for det klassiske ekteskapssynet.

– Vi vil ikkje berre overleve, men også overlevere. Alle veit kva konfirmantane seier viss presten seier «eg meiner det er feil, kateketen meiner det er rett. Vel det som passar». Kven vil då velje ordningar som seier nei til homofile? seier Langeland.

Les også:Leder i Åpen folkekirke vil ikke gjøre konservative til offer

Tre timar

Møtet var lukka for pressen, men Dagen fekk vere til stades i det biskopen ynskte prestane velkomen til møte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dette møtet har eg sett fram til med glede og spenning. Det er ikkje noko som er meir viktig når noko er vanskeleg, enn å snakke saman ansikt til ansikt, innleia biskopen.

Då møtet var ferdig tre timar seinare, kommenterte fleire av prestane til Dagen at det hadde vore eit godt møte.

Tilsetjing

Rolf Kjøde, som har koordinert arbeidet med erklæringa, var til stades på store deler av møtet. Han sa til Dagen før møtet at han var oppteken av både prestane og kyrkjelydane sin situasjon.

– Kva rom vil ein gje for valkyrkjelydar? Og kva tilsetjingspolitikk skal ein ha? Det er viktig å sikre lokalkyrkjelyden ved å tilsetje prestar som ikkje skaper spenning og strid.

– Meiner du at det bør tilsetjast konservative prestar i kyrkjelydar ein veit er konservativ?

– Ved å tilsetje prestar ein veit har felles syn i ein kyrkjelyd, kan ein få einskapleg undervisning og praksis, seier Kjøde.

Les også:Enhetsbiskopen

Open for valkyrkjelyd

Etter møtet vart fleire prestar ståande i grupper og snakke. Det var ein konsentrert, men roleg stemning. Då prestane gjekk, samla biskopen prostane sine til ei oppsummering. Før oppsummeringa, seier biskopen følgjande til Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det var ein ærleg samtale med klare meldingar og ein god tone. Eg trur alle ser at for nokre av prestane er situasjonen svært alvorleg. Andre er trygge i at dei fortset som prestar. Men det er mange spørsmål.

Biskopen er positiv til valkyrkjelyd.

– I prinsippet er det ikkje unaturleg at nokon i Bergen har lyst til å starte valkyrkjelyd. Ein må ha eit visst tal på medlemer og økonomi. Men er det vilje, er det veg.

Derimot er biskopen avvisande til å sørgje for å tilsetje konservative prestar der det er konservative prest og kyrkjelyd frå før.

– Profilen i kyrkjelyden vil likevel alltid vere relevant, seier han.

Les også:Ber konservative prester vurdere en annen jobb