Naustdal-foreldra får borna tilbake

Norsk-rumensk ektepar som vart fråtekne fem born av barnevernet, får samtlege heim.

Inger Elisabeth Baunedal, som er syster til mora, skriv i ein sms til Dagen:

«Dette svaret har vi venta på i over eit halvt år. Vi er letta og glade til tårer!»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Barneverntenesta iNaustdal kommune og dei private partane har gjort ein avtale om tilbakeføring av barna til foreldra. I avtalen heiter det at partane skal samarbeide om hjelpetiltak for foreldra og borna, opplyser advokatfirmaet Stiegler i ei pressemelding, ifølgje NTB.

Advokatfirmaet opplyser at partane no ønskjer ro rundt saka av omsyn til borna.

LES:Barnevernsak truer sivilisasjonen

Meir samvær

Dei fem borna vart tekne ved akuttvedtak i november. Dei var mellom tre månader og ni år gamle då dei vart henta.

Faren kjem fråRomania, mora frå Naustdal. Dei er pinsevener. Støttespelarar internasjonalt har hevda at saka handlar om den kristne oppsedinga i familien, medan norske styresmakter har avvist dette og sagt at det dreiar seg om oppdragarvald.

– Familien er svært letta og glad for at borna kjem heim, seier Ragnhild Torgersen til Dagen. Ho har vore advokat for far. Ingrid Breistein har vore advokat for mor.

Foreldra fekk tilbake babyen etter ein dom i tingretten i april. Dei fekk også auka samvær med dei to gutane som er i førskulealder.

Ingen sjølvkritikk

Rådmann Øyvind Bang-Olsen i Naustdal har vore talsperson for kommunen i saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi er veldig glade for samarbeidet som no er oppretta. Det er heller ikkje uvanleg at kommunen og private partar kjem fram til ei slik løysing. Kommunens ansvar er å arbeide for barnets beste, seier Bang-Olsen til Dagen.

– Kvifor teke så lang tid?

– Det er slik at om ein skal følgje prosedyrane for rettstryggleik, vil det av og til gå litt tid.

– Er det noko de i etterkant ser at de skulle gjort annleis?

– Kommunen har hatt eit fagleg fokus. Kommunens ansvar er alltid å jobbe for barnets beste.

– Men er det noko de skulle gjort annleis?

– Det er jo slik at vedtaka som kommunen har gjort, er stadfesta av to rettsinstansar. Men vi er glade for at vi er komne fram til dette resultatet og for samarbeidet som er oppretta.

Letta psykolog

Psykolog Einar C. Salvesen, som har hatt kontakt med foreldra, har tidlegare uttrykt seg sterkt kritisk til handteringa frå barnevernstenesta i Naustdal.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg er utruleg letta. Dette er ei heilt rett avgjerd, seier Salvesen til Dagen.

– Det var fantastisk å få desse nyheitene. Eg har hatt mange saker der eg har gjort dårlege erfaringar. No er det godt å oppleve at systemet har fungert, legg han til.

Takkar Gud

Den rumensk-amerikanske støttegruppa for foreldra har organisert omfattande protestar mot barnevernet. No jublar dei og takkar Gud og støttespelarar for utfallet.

– Vi takkar alle for kjærleiken, støtta, bønene og den aktive medverknaden i gjenforeininga av denne familien, Må Gud rikt signe dykk og gi dykk tilbake for alt de har gjort for å bringe saman denne familien igjen, skriv Chicago-pastoren Christian Ionescu i ei offisiell fråsegn.

– Det er veldig viktig for oss alle å respektere at familien får ro og fred i tida som kjem då borna skal slå seg til ro igjen og bli integrerte på nytt i den naturlige familien sin og nærmiljøet, legg han til.

Fysisk avstraffing

Faren er framleis sikta for oppdragarvald.

- Sjølve straffesaka er ikkje avgjort enno, er det advokat Torgersen vil seie til Bergens Tidende om den saka.

Foreldra har i intervju med mellom anna BBC og rumensk tv fortalt at dei har brukt fysisk avstraffing.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Men ikkje kvar gong dei gjorde noko gale, heller ved einskilde tilfelle, sa mora til BBC i april.

Dei har understreka at det berre var snakk om milde former og at medisinske undersøkingar ikkje har avdekka merke eller liknande.

– Men lova i Noreg er veldig klar til minste detalj at det ikkje er lov å bruke noka form for fysisk tilrettevising, og vi har aldri vore klar over at det har vore så streng, sa ho.