SEXSLAVAR: Denne gata i Mumbai
...
SEXSLAVAR: Denne gata i Mumbai, India husar fattige kvinner som er kidnappa eller seld frå fattige landsbyar med lovnader om gull og grøne skogar i India. Dei endar som sexslavar og prostituerte, slik som kvinnene på bildet. Foto: Rajanish Kakade, AP Photo/NTB Scanpix
Vekker nepalske jenter opp frå sexmarerittet
Del
Foreldre og ektemenn sel jentene sine til høgstbydande for å overleve. Nå får Durga Ghimire Sjølvhjelpsprisen for å ta opp kampen mot hallikar og politikarar i Nepal.

- Eg er så glad for at arbeidet mitt blir anerkjend, seier sosialarbeidar Durga Ghimire til Dagen når ho er i Noreg for å ta imot Strømmestiftelsen sin Sjølvhjelpspris.



I over 30 år har overklassekvinna engasjert seg for jentene, som av sin eigen familie, blir tvungne ut i prostitusjon frå dei er 11 år. Tre gonger har Ghimire vore fengsla for engasjementet sitt. Men det som starta som ein kamp mot styresmaktene i Nepal er i dag ein kamp dei kjempar saman.





FAKTA OM Durga Ghimire:

  • Fekk sist veke Hjelp til sjølvhelp-prisen av Strømmestiftelsen for sitt meir enn 30 år lange engasjemnet mot trafficking av unge jenter, og for sitt arbeid for kvinners og jenter sine rettar i Nepal.
  • Har sett menneskehandel på den politiske dagsorden og auka presset på den nepalske regjeringa for å førebygge trafficking.
  • Utfordrar i tillegg ikkjestatlege organisasjonar, media, politi og rettsvesen til å kjempe mot sexslaveri.



Ropar varsko




I rapporten «Global Estimate of Forced Labour» frå Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) blir det slått fast at om lag 4,5 millionar menneske er offer for seksuell utnytting som følge av menneskehandel. Rapporten som kom ut i juni ropar eit varsko om alvorlege og grove brot på kvinner og unge jenters menneskerettar. Dette varskoet har Ghimire ropt halve livet, for i Nepal er situasjonen kritisk.



Kvart år mistar 7000 - 12 000 jenter fridommen sin i det vakre fjellandet. Jentene reiser med menneskehandlarane sine lovnad om ei ny framtid med ny familie og god jobb, eller dei blir kidnappa og seld, ofte av slekt og familie til India, til eit liv som sexslavar og prostituerte i bordella i Calcutta og andre storbyar.





Alternativ til sex



Med organisasjonen hennar ABC Nepal går overklassekvinna frå dør til dør hos fattige og fortel kor alvorleg prostitusjonen dei påfører eigne koner og døtre er. Organisasjonen held også gateførestillingar og radiospel for å illustrere korleis sexhandelen verkar.



- Alle veit at trafficking er eit lovbrot, men kva er alternativet? Vi må vise både jentene og familien deira at det finst alternativ, seier Ghimire.

Mange kvinner er så skamfulle at dei ikkje vil tilbake til heimstaden, og dei vil i alle fall ikkje gifte seg. Derfor får jentene tilbod om sjølvhjelpsgrupper, utdanning og arbeidstrening for å bli økonomisk sjølvstendige.





LES OGSÅ: 
Nam Wan (14) må selge sex for å forsørge foreldrene





Langsam betring



Etter iherdig arbeid frå Ghimire og organisasjonen hennar er det i dag ulovleg med menneskehandel i Nepal. Sjølv sit ho i ein regjeringsoppnemnd komité for å sikre dei juridiske rettane for desse kvinnene.



- Det er så mange ting å gjere, for dette handlar ikkje bare om kvinner. Vi må adressere fattigdommen, promotere utdanning og skape arbeidsmoglegheitar for alle fattige. Med mindre vi gjer det vil dei ikkje høyre på oss, er erfaringa til sosialarbeidaren.



- Lovane er endra, informasjonen når ut til dei det gjeld, men har det nådd inn? Ser vi ein nedgang i sexslaveriet?




- Endring kjem, men ikkje så raskt som det burde, vedgår Ghimire.



- Problemet er veldig stort, og det er veldig vanskeleg. Heile familien har same tankegangen om sexslaveri, det tar tid å endre dette.





HIV og sjølvmord



Med menneskerettspris frå den nepalske regjeringa og nå sjølvhjelpspris for Strømmestiftelsen held 62-åringen fram med arbeidet sitt for fullt.



- Vi er i gang med å samle inn pengar til å bygge ein heim til desse kvinnene og barna deira. Her får kvinnene lære at dei har lova på si side, slik at dei får tillit til å sjølv å påverke familie og lokalsamfunn i rett retning. Vi jobbar hardt for å gjere suksess, ivarar aktivisten.



Og suksessen hastar. Det er anslått at omkring 200 000 nepalske jenter er involvert i sexindustrien i India. 20 prosent av dei er under 16 år. Av dei er 40 prosent HIV-positive. Mange jenter tar liva sine i desse bordella.



(Dagen)