TELEMARK: Eidsborg stavkirke i Telemark. Foto: jechstra/CC/Flickr

Omstridt heidensk ritual vert vist i Telemark

Kristne leiarar i Telemark er svært skeptiske til planane om å vise fram eit gammalt heidensk og katolsk ritual i Eidsborg stavkyrkje på sankthansaften, fortel NRK.

– Vi ønskjer ikkje avgudsdyrking av noko slag. Det er trist at dette skal ha noko med ei kyrkje å gjere. Det blir dobbelt ille, seier Torstein Nisi, nestleiar i Partiet dei kristne i Telemark, til NRK.

Bygda Eidsborg var i 1.000 år åstad for eitt av Noregs raraste kult-ritual. Heidenske gudar blei frakta ned til eit tjern på midtsommaraftan. Der blei dei vaska, for å gi vern og fruktbare avlingar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ritualet

Då kristendommen kom til bygda på 1200-talet, klarte ikkje kyrkja å få slutt på dette ritualet. Det blei i staden vidareført som ein katolsk seremoni, med ein trefigur av helgenen Sankt Nikolas («Nikuls») i hovudrolla.

Frå 2003 til 2005 attskapte Vest-Telemark museum dette spesielle kult-ritualet, men så blei det stogga av kyrkja fordi enkelte meinte det var upassande.

Kyrkja teke initiativ

Likevel – for første gong sidan 2005 kan publikum igjen sjå Nikulsvandringa ved Eidsborg kyrkje på sankthansaften. No er det til og med kyrkja som har teke initiativ til å få spelet vist igjen.

Vest-Telemark museum og den lokale presten understrekar at det er snakk om ei prosesjonsvandringa og eit historisk spel, ikkje ei religiøs handling.

Biskopen i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, seier til NRK at han ikkje har fått saka på sitt bord.

Les også
Visdommens og kunnskapens skatter
Les også
Når Bibelen blir en avgud
Les også
Vi trenger å be for Visjon Norge
Les også
Biskoper skal velsigne Europavei 105 i Finnmark
Les også
Å dyrke mennesker er avgudsdyrkelse