Staten: - Tvillingabort er lovleg

Tvillingabort på friske fostre er lov på lik linje med vanleg abort, ifølgje Helsedirektoratet. Samstundes ber direktoratet politikarane sjå på etiske problemstillingar ved fosterreduksjon.

Tors­dag sen­der Helse­di­rek­to­ra­tet eit brev med råd om fos­ter­re­duk­sjon til helse­mi­nis­te­ren.

I bre­vet, som Dagen har fått til­gang til, slår di­rek­to­ra­tet fast at det er «ingen klare reg­ler for fos­ter­re­duk­sjon, ver­ken i abort­lo­ven eller for­skrif­ten.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Helse­di­rek­to­ra­tet legg til grunn at abort­lovas be­stem­min­gar gjeld ved fos­ter­re­duk­sjon, skriv helse­di­rek­tør Bjørn Guld­vog i bre­vet.

Se det sterke videointervjuet: Claire overlevde en abort, men det gjorde ikke tvillingen hennes

Sjølv­be­stemt tvil­lin­ga­bort

Han tek ut­gangs­punkt i Jus­tis­de­par­te­men­tets lov­av­de­ling si yt­ring frå 2001 om at «Lova kan ikkje tol­kast slik at retts­stil­lin­ga til fos­te­ret eller mor er ann­leis ved ein fleir­linge­gra­vi­did­tet enn der det bare er eitt fos­ter».

Det tyder at også ved fos­ter­re­duk­sjon på fris­ke fost­re kan kvin­na sjølv be­stem­me om det skal gje­rast innan ut­gan­gen av veke 12 i svan­ger­ska­pet. Etter­på er det ei nemnd som skal av­gje­re om ho kan få tvil­lin­ga­bort.

Etis­ke pro­blem

Helse­di­rek­to­ra­tets brev er i tråd med det Rådet for lege­etikk slo fast for to veker sidan. Leiar Svein Aar­seth sa då at gra­vi­de etter lova har rett til å ta abort på eit eller flei­re fost­re når dei har tvil­lin­gar eller tril­lin­gar i magen.

- I den grad det er tek­nisk mog­leg, er det fritt fram for fos­ter­re­duk­sjon før veke 12, slik vi for­står abort­lova. Etter gren­sa for sjølv­be­stemt abort må øns­ket om fos­ter­re­duk­sjon bli be­hand­la på same måte som ønskjer om abort. Det er ønskjer eller be­ho­va til kvin­na sjølv som må styre det, sa Aar­seth til NRK.

Rådet for lege­etikk pei­ker på flei­re etis­ke pro­blem­stil­lin­gar ved eit slikt inn­grep, mel­lom anna mog­leg­hei­ta for se­lek­sjon, og ri­si­ko for spon­tanabort eller skade på helsa til mor på kort og lang sikt.

Ber Stor­tin­get ta tak

Også Helse­di­rek­to­ra­tet er opp­te­ken av at se­lek­tiv abort rei­ser «flei­re vans­ke­le­ge pro­blem­stil­lin­gar av medi­sinsk, retts­leg og etisk art som Stor­tin­get ikkje har teke stil­ling til».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Rask medi­sinsk tek­no­lo­gisk ut­vik­ling på dette om­rå­det gjer at pro­blem­stil­lin­gar knyt­ta til fos­ter­re­duk­sjon bør vur­de­rast nær­ma­re på sikt, skriv helse­di­rek­tør Guld­vog.

Vur­de­rer ri­si­ko

Iføl­gje di­rek­to­ra­tet er ri­si­ko­en på 15 pro­sent for at abort på eit av to fost­re fører til spon­tanabort på det andre.

Ved svan­ger­skap med tre eller flei­re fost­re, fører fos­ter­re­duk­sjon til at barna som blir fødde får lå­ga­re ri­si­ko for å bli sjuke eller døy.

- Men fors­king som føre­ligg viser ikkje at det gir ve­sent­leg medi­sinsk vin­ning å re­du­se­re tvil­lings­van­ger­skap til eit sin­gelsvan­ger­skap, skriv Helse­di­rek­to­ra­tet.

Det er svært få til­fel­ler av tvil­lin­ga­bor­tar i Noreg, og så langt er det ikkje rap­por­tert om kom­pli­ka­sjo­nar for kvin­ners fy­sis­ke helse i sam­band med inn­gre­pet. Sam­stun­des opp­ly­sar fag­mil­jø at det kan vere psy­kisk be­las­tan­de for både kvin­na og part­na­ren.

Se det sterke videointervjuet: Claire overlevde en abort, men det gjorde ikke tvillingen hennes

DAGEN

Les også
Claire overlevde en abort