Etter mi vur­de­ring er si­tua­sjo­nen nå slik at KrF aller mest treng ut­vik­la sin eigen verdi­po­li­tikk på ein fag­leg sterk måte. Kom­bi­ne­rer vi nå røter og for­ny­ing på ein klok måte, trur eg flei­re vil opp­da­ga at par­ti­et har stort po­ten­sia­le, skriv Karl Johan Hallaråker. På biletet ser vi KrF-leiar Knut Arild Hareide saman med Venstre-leiar Trine Skei Grande, tidlegare SV-leiar Kristin Halvorsen og Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

Reservasjonsretten og politisk samarbeid

Sjølv er eg faktisk i sterk tvil om Venstre er eit aktuelt samarbeidsparti framover. I siste landskonferanse i KrF tok eg til orde for å følgja med utviklinga i Senterpartiet, skriv Karl Johan Hallaråker.

«Ein skal høyramykje før øyro fell av».

Ut­seg­na høver godt når vi sist tors­dag høyr­de de­bat­ten i Dags­nytt 18 mel­lom KrF og Venst­re sine re­pre­sen­tan­tar i helse­ko­mi­te­en:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nå må KrF roa seg ned (sic!), var Venst­re sitt ut­gangs­punkt.

Eg måtte klypa meg i armen. Kva røyn­doms­ma­ni­pu­le­ring er dette? Her har KrF inn­gått ein av­ta­le med Høgre og Frp i sam­ta­la­ne etter valet. Som se­riø­se parti rek­nar vi med at dei står ved det un­der­skrev­ne.

Venst­re må ha un­der­leg fan­ta­si som kal­lar slik for­vent­ning for høg støy!

Det er jo Ar­bei­dar­par­ti­et og SV som har gått i bre­sjen med høg­lydt storm­an­grep.

Heile op­po­si­sjo­nen sin po­li­tis­ke krea­ti­vi­tet etter valet ser ut til å dreia seg om dette eine. Høgre­ord­føra­rar har po­pu­lis­tisk hengt seg på med ut­seg­ner som at det of­fent­le­ge be­ta­ler jo, då kan ein ikkje re­ser­ve­ra seg.

Kor langt kan ein koma bort frå verdi­kon­ser­va­tiv ikkje-so­sia­lis­tisk ten­king?

Venst­re var ikkje med på av­ta­len. Det må vi ta til vi­tan­de. Men det er lov å undra seg over kor langt eit parti kan koma bort frå for­svar av en­kelt­men­nes­ke sin in­tegri­tet! Men ut­seg­na nå om at det er KrF som må roa seg ned, tek kaka!

Det tør vera klart: Av­ta­len in­ne­ber na­sjo­na­le ved­tek­ter som sik­rar høve til re­ser­va­sjon. Slik må det også vera.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kom­mu­na­ne skal så på sak­leg grunn­lag til­se­tja og føra til­syn med fast­le­ga­ne i sam­svar med lov/ved­tek­ter. Skul­le ein kom­mu­ne velja yr­kes­for­bod mot legar som bru­kar re­ser­va­sjons­ret­ten, vil det bli eit lov­fes­ta in­to­le­rant sam­funn med uante po­li­tis­ke kon­se­kven­sar.

Er det dette Venst­re sitt fri­sinn ønskjer?

Slik ut­vik­ling er heilt unød­ven­dig: Ten­kjer ein roleg gjen­nom fakta - utan den po­pu­lis­tis­ke ideo­lo­gi­en som nå sty­rer de­bat­ten, skul­le saka vera enkel:

Kvin­ner får abort­hjelp på lege­kon­tor eller di­rek­te i sjuke­hus. (Denne saka drei­er seg ikkje om abort­spørs­må­let. Det er gjen­tatt så mange gon­ger at det snart må gå inn!)

Dei legar som vil re­ser­ve­ra seg ut fra sitt sam­vit i re­la­sjon til liv og død, må fram­leis bli re­spek­tert. Det viser eit etisk med­vi­te sam­funn og kan bidra til re­flek­sjon i heile sam­fun­net.

I prak­sis veit vi også at lege­kon­tor ofte har fel­les vente­lis­ter og bru­kar den fag­eks­per­ti­sen som er i lege­fel­les­ska­pet, på ulike felt. Abort­spørs­må­let treng ikkje vera unn­tak.

Vi er mange som und­rar oss over Venst­re. Sjølv er eg fak­tisk i sterk tvil om det er eit ak­tu­elt sam­ar­beids­par­ti fram­over.

I KrF har ein lenge - med mange gode grun­nar - fo­ku­sert på pro­blem med Frp. Sjølv har eg då i flei­re sa­man­hen­gar spurt om kva med Venst­re? Det blir meir og meir eit ak­tu­elt spørs­mål.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I siste lands­kon­fe­ran­se i KrF tok eg til orde for å føl­gja med ut­vik­lin­ga i Sen­ter­par­ti­et. Eg ser det slik at skal vi ut­vik­la eit ster­ka­re sen­trum i åra som kjem, ser det ut for at KrF har langt meir igjen for å bygga ut re­la­sjo­nen til Sp enn til eit li­be­ralt (les: meir og meir li­be­ra­lis­tisk) Venst­re.

Det har sjølv­sagt sine ut­ford­rin­gar. Sig­na­let frå av­trop­pan­de leiar og lands­sty­ret sitt nei, er pro­blem­fyllt også her. Men det var då godt at stor­tings­re­pre­sen­tan­ta­ne ikkje blei bund­ne opp til denne tris­te kon­klu­sjo­nen.

Vi får håpa at Kjer­sti Toppe, legen i grup­pa, med sin ster­ke fag­le­ge og dyk­ti­ge po­li­tis­ke vur­de­ring får gjen­nom­slag.

I alle fall - slik si­tua­sjo­nen nå er, vil det vera svært uklokt å gå inn i re­gje­rin­ga med det ny­li­be­ra­lis­tis­ke Venst­re på vip­pen saman med den uav­klar­te verdi­li­be­ra­le delen av Høgre.

Etter mi vur­de­ring er si­tua­sjo­nen nå slik at KrF aller mest treng ut­vik­la sin eigen verdi­po­li­tikk på ein fag­leg sterk måte.

Kom­bi­ne­rer vi nå røter og for­ny­ing på ein klok måte, trur eg flei­re vil opp­da­ga at par­ti­et har stort po­ten­sia­le. Stor­ting, fyl­kes­ting og kom­mune­sty­re/by­sty­re treng eit re­flek­tert etisk med­vi­te verdi­par­ti.

Karl Johan Hallaråker

sentralstyremedlem KrF

Les også
Troverdighet står på spill
Les også
Senterpartiets muligheter