ENGASJEMENT: Som politimann har Arne Johannessen sett samanhengen mellom rus og kriminalitet, og då spesielt valdskriminalitet. Den ihuga fråhaldsmannen skal no leie Actis, rusfeltets samarbeidsorgan.

Politi-topp vil leie Actis

Arne Johannessen ønskjer «geriljasoldatar» i ruspolitikken. Politiets Fellesforbund sin leiar blei i helga også leiar for Actis, rusfeltets samarbeidsorgan.

Johannessen tar over etter Dag Endal som har styrt Actis frå stiftelsen for åtte år sidan fram til landsmøtet i Kristiansand.
- Vi må ha eit sterkt fokus på narkotikapolitikken som den store dagsaktuelle saka framover. Samtidig må vi ikkje senke fokus og ambisjonar i forhold til alkoholpolitikk, for det er trass alt det rusmiddelet i Noreg som gjeld flest personar, seier Arne Johannessen til DagenMagazinet.
Den ihuga fråhaldsmannen opplever at det er vanskelegare i media og samfunnet å få ein god politisk debatt om alkoholpolitikk enn om narkotika. På begge områda treng ein å styrke både førebygging og behandling.
- Noko av utfordringa som styreleiar i Actis er å få til eit godt samspel. Vi har utruleg mange dyktige organisasjonar som arbeider kvar for seg. Men i nokre saker må vi samle kompetansen som ligg i organisasjonane slik at vi i fellesskap kan få ei større kraft.

Gerilja i rusdebatt

Johannessen meiner at det også trengst eit større samfunnsengasjement rundt desse emna.
- Eg har sagt at vi treng fleire «geriljasoldatar som vågar å gå høgt på bana og debattere desse emna, sjølv om ikkje alle desse er politisk øverst på dagsorden.
Actis-leiaren har alltid vore engasjert i desse spørsmåla. I yrket som politimann har han sett samanhengen mellom rus og oppvekstvilkår for barn og unge. Han har sett samanheng mellom rus og valdskriminalitet og seksuelle overgrep. Svært mange har dårlegare livskvalitet og ein vanskelegare livssituasjon på grunn av rus.

Vald og overgrep

- Då tenkjer eg på den einskilde som er berørt, men og familie, venner og omgangskrins. Svært mykje av den alvorlege kriminaliteten, og spesielt vald og seksuelle overgrep, er knytta til rus. Og då mest alkohol. Det har gjort at eg ser verdien av å løfte fram dette temaet og det har påverka mitt engasjement for saka, seier Arne Johannessen.
Landsmøtet valde IOGTs generalsekretær Hanne Cecilie Widnes til ny nestleiar. I tillegg er desse med i det nye styret: Svein Iversen, administrativ leiar ved Stiftelsen Betania i Alta, Bernt Sverre Mehammer, politisk rådgiver for Sosialistisk Venstrepartis stortingsgruppe, Sonja Irene Sjøli stortingsrepresentant for Akershus (H), Jon Storaas, dagleg leiar av Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon, Kari Sundby,generalsekretær i Landsforbundet Mot Stoffmisbruk, Marius Helland Sørensen-Sjømæling, generalsekretær i Barn av rusavhengige og Kristin Tømmervik, fagsjef (psykolog) ved Lade Behandlingssenter Blå Kors.