SEMINAR: Frikyrkjemannen Per S
...
SEMINAR: Frikyrkjemannen Per Sævik er dagleg leiar i holdingselskapet Havila. Fredag 15. oktober leier han eit seminar på Sunnmøre om entreprenørskap og samfunnsansvar i Hans Nielsen Hauge si ånd. Foto: Bjørn Arild Hatlem
Per Sævik innbyr til Haugeseminar
Del
Suksessreiaren Per Sævik vil at også andre skal få inspirasjon frå Hans Nielsen Hauge. I kveld er det seminar på Møre barne- og ungdomsskule i Herøy.
- Hauge var på mange område 200 år før si tid. På byrjinga av 1800-talet var han med på å starte 20 til 30 bedrifter med til saman 6.000 til 7.000 arbeidsplassar. Dette er noko som også vår tid bør lære noko av, seier Per Sævik til DagenMagazinet.

Frikyrkjemannen Per Sævik er dagleg leiar i holdingselskapet Havila, og har styreverv i mange andre selskap. Fredag 15. oktober leier han eit seminar på Sunnmøre om entreprenørskap og samfunnsansvar i Hans Nielsen Hauge si ånd.

Journalist og Haugebiograf Dag Kullerud skal kåsere. Haugeinstituttet sin leiar, Sigbjørn Ravnåsen, vil framføre utdrag frå Haugespelet.

Sævik og dei tre andre personane som står bak arrangementet, meiner at Hauge og det han stod for absolutt har relevans i vår tid.

- Verda vi lever i er svært globalisert med masse utfordringar kvar dag. Då er det viktig at det ein held på med er etisk forankra. Det er sagt at Hauge var den første moderne konsernsjef i Noreg. Og med alle dei utfordringar ein leiar har i dag, trur vi at dette seminaret skal vere spennande å delta på for folk langt utanfor kyrkjelyden, seier Sævik.

Hauge var sjølv innom Sunnmøre to eller tre gonger. Og haugianismen blei sterkt forankra mange stader både på Sunnmøre og i Romsdal.

- Også i dag er her tydelege spor etter han. I følgje økonomiprofessor Ola H. Grytten var det mellom anna 14 av 19 møbelbedrifter i Sykkylven som heilt klart hadde eit haugiansk eller kristent grunnlag. Hauge sitt syn har fortsatt aktualitet på Nordvestlandet, seier Sævik.