Frykter Hillary Clintons USA

Forfattar og kristenkjendis Eric Metaxas ser ingen grunn til at evangeliske kristne skal nøle med å støtte Donald Trump.

Gule drosjer stangar seg ustanseleg gjennom Broadway ved starten av Wall Street og berre eit steinkast unna World Trade Center.

Vi er nesten heilt på spissen av Manhattan. Overvelda turistar og fokuserte finansfolk traskar og travar om kvarandre på fortauet. Tre etasjar over dei ligg studioet som samtaleprogrammet «Eric Metaxas Show» vert sendt frå. Det varer to timar kvar dag, frå måndag til fredag. Hovudpersonen er akkurat i ferd med å avslutte eit intervju bak den lydtette ruta til i studio då eg kjem inn i kontrollromet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES:– Trump er født på ny

Sterke reaksjonar

Musikken har teke over for praten, og døra til studioet er open. Biografen, barnebokforfattaren og humoristen Eric Metaxas er ideologisk og teologisk konservativ – og ukueleg republikanar.

– Du har fått ein del reaksjonar på at du støttar Trump?

– Forferdeleg. Eg vil jo at alle skal like meg, seier Metaxas bak mikrofonen og dataskjermen sin.

LES:Derfor er ikke Trump bra for USA (og ikke for oss andre heller)

Etterspurd røyst

Dei siste åra har Metaxas etablert seg som ei av dei mest etterspurde evangeliske kristne røystene i USA. Han har ikkje figurert berre i konservative media som Fox News og Wall Street Journal, men også i liberale som CNN, New York Times og MSNBC.

I 2012 talte Metaxas på Den nasjonale bønefrukosten i Washington D. C. Barack Obama sat like ved og høyrde på. Metaxas utfordra både presidenten og resten av dei rundt 4.000 tilhøyrarane om menneskeverdet til det ufødde livet.

Dette er ei av sakene som engasjerer den Yale-utdanna forfattaren fram mot presidentvalet. Med Hillary Clinton som president, er han sikker på at Høgsterett vil få eit solid liberalt fleirtal som sløkkjer håpet om stoppe fri abort i USA. Men det er ikkje den einaste saka, meiner han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Folk ser ikkje kva som står på spel. Det dreiar seg om framtida til republikken, seier Metaxas.

Han meiner kristne i denne stoda også må kunne røyste på ein dei ikkje likar.

Innstramming

Den siste boka av Metaxas kom tidlegare i år og heiter «If you can keep it». Denne dreiar seg nettopp om å bevare USA i samsvar med det han ser som dei urokkelege ideala til grunnlovsfedrane.

– Trur du Trump vil bli ein god president?

– Det er ikkje spørsmålet. Sjølv om nokon berre var ein grei nok president, er det betre enn Clinton som vil vere ei så øydeleggjande kraft for USA, seier Metaxas.

Han meiner valet i november vil påverke nasjonen for alltid.

– Vi er på eit vippepunkt, seier Metaxas.

– Uheldigvis er vi i ein situasjon der religionsfridomen blir utfordra i USA, for første gong på 230 år. Vi må sørgje for at det ikkje skjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som mange andre verdikonservative amerikanarar er ­Metaxas uroleg for at Clinton vil føre ein politikk som ytterlegare fremjar krava til LHBT-rørsla. Han fryktar at det kan bli umogeleg å drive institusjonar som i praksis står for eit tradisjonelt syn på ekte­skapet.

LES:Trump-pastor sjokkerer USA

Karrierepolitikar

– Men meiner du Trump har kunnskapen og karakteren til å vere president?

– Eg ler når folk seier det der. Korleis kan du kritisere kva han har og ikkje har, når motstandaren heilt klart er korrupt? Vi snakkar om ei kvinne som gjennom 40 år har vore karrierepolitikar, om enn ikkje i verv heile tida. Ho har brukt posisjonen sin i Utanriksdepartementet til å kjøpe innverknad for The Clinton Foundation, seier Metaxas.

Han meiner Trump og Clinton blir forskjellsbehandla, ved at han møter motbør og ho slepp unna.

– Media gjer ikkje jobben sin, seier Metaxas.

Stolar på Trump

– Kva slags president meiner du Trump vil bli?

– Det veit eg ikkje, men han er ein som verkeleg elskar landet sitt. Han gjer ikkje dette fordi han vil ha ein karriere, seier Metaxas.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For han er patriotismen det viktigaste. Han meiner landet kan trenge ein som køyrer ei myndig linje og røskar opp i det politiske systemet.

– Kva med uroa i Europa for at han vil svikte Nato og innynde seg med Vladimir Putin?

– Det er mykje prat. Trump forandrar alltid på ting. Han gjer det klart for Nato at dei må gjere jobben sin. Eg trur du må forstå han på eigne premiss. Han snakkar ikkje som andre politikarar.

LES:Den uspiselige og den tungt fordøyelige

Trump-bibel

Andre kristne profilar har kritisert Trump for å opptre sjåvinistisk, upassande og stikk i strid med kristne ideal. Heller ikkje Metaxas har lagt skjul på at han meiner Trump har vesentlege lyte. I den satiriske teksten #TheTrumpBible, som vart trykt i The New Yorker, har Metaxas komponert ein serie vers som han meiner Trump kunne tenkt seg stod i Bibelen. Dei handlar ikkje akkurat om å vere audmjuk og nøye seg med lite.

LES:– Hillarys tro er en kilde til visdom

– Er det noko av det Trump har sagt han vil gjere, som har skremt deg eller gjort deg uroleg?

– Nei. Det er ingen spørsmål der det han planlegg å gjere, ikkje er betre enn det Hillary vil gjere. Han har også vist seg villig til å lytte og ta imot råd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Reportasjereisa til USA er ­delvis finansiert med stipend fråFamilie & Medier.