TOMMEL OPP: Marjorie Bryan (83) ser nøgd ut medan ho dalar mot jorda i den amerikanske delstaten Ohio på laurdag. Ho hoppar saman med den tidlegare fallskjermsoldaten Michael Elliott.

Oldemødrer hoppa for ei god sak

Feriepengane og skattepengane er på konto. Kva med eit stunt for å samle inn pengar til eit godt formål?

Eit føredøme kan i så fall vere oldemødrene Marjorie Bryan (83) og Marianna Sherman (82), frå Ohio i USA. Laurdag hoppa dei i fallskjerm for å samle inn pengar til den lokale avdelinga av Blue Star Mothers of America. Dette er ein organisasjon for kvinner med søner og døtrer som har gjort teneste i det amerikanske militæret. I år feirar organisasjonen 70-årsjubileum.


Hoppe med Bush


Oldemødrene hoppa tandem med den avdanka fallskjermsoldaten Michael Elliott (44). Han har hoppa i fallskjerm meir enn 9.500 hopp, rundt ein tredel av dei tandemhopp.

To av desse var saman med tidlegare president George H. W. Bush, altså senior. Han hoppa både då han fylte 83 og 85. Elliott rosar bestemødrene etter at dei har hoppa.


- Desse Blue Star-mødrene er så søte, så spesielle, seier han til nettstaden limaohio.com. Dei trekte seg ikkje sjølv om dei tydeleg fekk vite kor utfordrande det kom til å vere.



Vel nede igjen er ikkje Majorie Bryan framand for å gjere det igjen - dersom det kan skje saman med Bush når han fyller 90.

- Eg vil vere 85, og eg vil gjere det saman med ham, seier ho.

Marianna Sherman er på si side tvilande til om ho vil hoppe igjen.

- Ikkje dersom eg ikkje blei spurt, smiler ho.

(Dagen)